Spørsmål om likekjønnet ekteskap kan splitte Metodistkirken

Foto: Tim Kraus fra Unsplash
Foto: Tim Kraus fra Unsplash

Samlivsdebatten har lenge gått for seg i Metodiskyrkja.

Det er ikkje fatta eit endeleg vedtak i saka, men det kan sjå ut til at dei går mot ein liknande modell som Den norske kyrkja vedtok i 2017. Avisen Dagen skriv:

Det har skapt uro i trussamfunnet. Enkelte vil ikkje godta ei slik ordning.

Difor vil ein no, etter alt å dømme, opne for at lokale kyrkjer kan melde seg ut av trussamfunnet.

Går mot likestilt syn

Metodistkyrkja i Noreg er ein del av det internasjonale trussamfunnet United Methodist Church. Dei har rundt 80 millionar medlemar.

Sjølv om det her til lands ikkje er vedtatt nokon ny liturgi for vigsel enno, fjerna den norske Metodistkyrkja i fjor alle sanksjonar mot prestar som skulle komme til å vie par av same kjønn.

Dette til trass for at ein ikkje har vedtatt ein ny, offisiell vigselsliturgi enno.

Slik er Metodistkyrkja organisert

Internasjonalt har Metodistkyrkja over 80 millionar medlemar. Trussamfunnet er organisert i fleire ulike nivå med ulik grad av mynde.

Lokalt:

Kvar enkelt kyrkjelyd kan avgjera spørsmål dei har mynde til på kyrkjelydskonferansen, som er det lågaste nivået i Metodistkyrkja.

Nasjonalt:

Det øvste, nasjonale organet er årskonferansen. Den samlar delegatar frå heile landet.

Fleirnasjonalt:

Sentralkonferansen ligg eit hakk over der igjen og har større mynde.

Den norske delen av metodistkyrkja har felles sentralkonferanse med Danmark, Finland, Estland, Latvia og Litauen. Dei har også alle same biskop, Christian Alsted frå Danmark.

Internasjonalt:

Det øvste nivået i metodistkyrkja, som internasjonalt er samla under organisasjonen United Methodist Church (UMC), er generalkonferansen. Den samlar representantar frå metodistkyrkjer i heile verda kvart fjerde år.

Kjelde: Store norske leksikon

 

Det har også oppstått liknande situasjonar i andre land.

Difor har ein no kalla inn til ein ekstraordinær sentralkonferanse den 18. mars.

Sentralkonferansen (sjå faktaboks) har to forslag på bordet.

Går dei gjennom, slik det ligg an til, vil Metodistkyrkja i Noreg for det første få mynde til å vedta ei endring i liturgien deira for vigsel. Og for det andre kunne innføre ei ordning som vil la dei lokale kyrkjene forlate trussamfunnet saman med eigedom og formue dersom dei ønsker det.

Det er grunn til å tru at det i første rekke er konservative forsamlingar som ikkje ønsker å vere med på ei eventuell endring av samlivsteologien, som vil melde seg ut.

– Eg er spent på kor mange vi blir

Metodistkyrkja kom til Noreg alt i 1856 og har i dag 46 kyrkjelydar og over 11.000 medlem. Ifølge kjelder Dagen har snakka med kan det vere snakk om at 3–6 av desse forsamlingane vil stemme over om ein skal forlate trussamfunnet eller ei.

Knut Refsdal er tilsynsprest i Metodistkyrkja Noreg og håpar ikkje at det skjer.

– Korleis ser framtida for Metodistkyrkja i Noreg ut dersom fleire kyrkjer forlet trussamfunnet?

– Eg er spent på kor mange vi blir. Vi er ei lita kyrkje, så vi har ingen å miste. Men det blir nok ikkje mange kyrkjer som forlet oss, så eg er ikkje så veldig bekymra, seier han.

Martin Vestøl er leiar for trussamfunnet sitt hovudstyre her til lands. Han er heller ikkje særleg bekymra for konsekvensane av forslaga som er lagt fram til den ekstraordinære sentralkonferansen.

– Vi i Metodistkyrkja er forskjellige. Skiljelinjene er ofte ikkje mellom dei ulike forsamlingane, men internt i kyrkjelydane. Det både er og skal vere plass til ei bredde av ulike meiningar, seier han og legg til:

– I møte med forskjellige syn som ikkje er i konflikt med kjernen av trua, så tenker vi og lar andre tenke.

Han trur det berre er nokon få, lokale kyrkjer som vil vurdere å melde seg ut av trussamfunnet.

– Eg håpar dei fleste vil finna sin plass, men det kan sjølvsagt skje at enkelte melder seg ut, seier han.

– Vanskeleg framtid i møte

Dag Martin Østevold er metodistprest i ein av dei største metodistkyrkjene i landet, Centralkirken i Bergen. Han er sjølv delegat til den ekstraordinære sentralkonferansen 18. mars og er ikkje like optimistisk.

– Eg trur Metodistkyrkja går ei svært krevjande tid i møte. Men det gjeld også forsamlingar som tydeleg er tradisjonelle, og som opplever at deira synspunkt heller ikkje er politisk korrekte, seier han.

Forsamlingar som ønsker å forlate Metodistkyrkja treng 2/3 fleirtal. Det betyr at ei forsamling på til dømes 100 personar kan ha 65 medlemar som ønsker å melde seg ut, utan at det er tilstrekkeleg.

Østevold meiner det er sannsynleg at enkelte av dei forsamlingane som vil stemme over eit forslag om å forlate metodistkyrkja, kan ende med ei betydeleg, konservativt gruppe som ikkje oppnår tilstrekkeleg fleirtal.

– Kva vil skje med forsamlingar som hamnar i ein slik situasjon?

– Eg er nok redd for at ein del av dei som opplever dette som eit sentralt og viktig spørsmål, då vil forlate den lokale kyrkjelyden. Så at dette i verkelegheita er eit kyrkjesplittande spørsmål, i kvart fall i kyrkjelydar som har mange tradisjonelt innstilte medlem, er det ingen tvil om, seier han.

Han understrekar samtidig at det sannsynlegvis er få kyrkjelydar som vil fremje slike forslag.

– Det verkar som at det dei aller fleste stader ikkje er ein reell debatt om å forlate Metodistkyrkja på bakgrunn av at det ein kallar den inkluderande læra om ekteskapet har fått fotfeste, seier han.

Prosessen for kyrkjelydar som ønsker å forlate trussamfunnet, kan formelt starte etter årskonferansen til Metodistkyrkja Noreg i sommar.

 

Dagen

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter