Sofie Braut mener helgenkårling av Kim Friele står til stryk

Foto: Tom Morel fra Unsplash
Foto: Tom Morel fra Unsplash

I et innlegg i avisen Dagen tar kommentator Sofie Braut et knallhardt oppgjør med idoliseringen av homoaktivisten Kim Friele. Sofie Braut mener at den måten for eksempel norske skolebøker fremstiller henne, gjør det umulig å for å føre en kritisk samtale og debatt om hennes rolle i den seksuelle frigjøringskampen, og da spesielt med tanke på ønsket å å normalisere pedofili.

«Denne boken gjør Kim Friele til et ikon for førskolebarn», fastslår Bergens Tidendes bokmeldar Guri Fjeldberg om minibiografien, om homoikonet som kom i 2019. Boka, mynta på småbarn i alderen 3 til 6 år, viser systematikken i hyllinga av Friele her til lands.

I Gyldendals lesebok, Salto 4, berekna på niåringar, finn vi Friele som «førstedamen», ein udiskutabel helt, her heidra med eit reint hyllingsskriv. Hovudpersonen er framstilt med utstrekte hender under eit stort regnbogebanner. Barna får lesa setningar som: «Hun gikk foran oss alle».

Elevane lærer ikkje berre at synspunkta hennar er verdifulle, men også at metoden hennar var ein modell for ettertida: «Man skal si fra hvis man er overbevist om at man har rett. Og da må man si fra stille og rolig, sa hun».

Då Friele døydde for snart to år sidan, vart ho omgåande opphøgd til eit sekulært ikon. For homokamp, ytringsfridom og menneskerettar. Miljø på venstresida som gjerne har vist meir sans for å demontera minnesmerke, vart no ivrige etter å reisa nye.

Og visst vart det Kim Frieles plass ved Rådhuset i Bergen, høgtidleg opna i juni i år.

Då Kim Friele-skulpturen i heimbyen vart innvigd på hovudpersonens 86-årsdag eit par år før, uttrykte Joakim Aadland, sjef for regnbogedagane, ei uro han hadde kjent på: «Vil folk om ti generasjoner vite hvem Kim er?»

Dette er sjølvsagt berre nokre få glimt av den unisone hyllinga av «bautaen», «ikonet» og «pioneren». Honnørorda sit tett. Legg gjerne til at ho i 2000 vart Riddar av 1. klasse av Sankt Olavs Orden, har byste på Rådhusplassen i Oslo og at ho er med i det celebre selskapet av folk bisette på statleg rekning.

Når alle, frå barnehagen av, skal prentast inn at Kim er ein helt, bør dokumentasjonen på at ho er nettopp dèt vera heilt uomtvisteleg.

Når alle, frå barnehagen av, skal prentast inn at dette er ein helt, bør i det minste dokumentasjonen på at ho er nettopp dèt vera heilt uomtvisteleg.

Dei siste månadane har vist oss at det er alt anna.

Sofie Braut mener at vurderingen av Kim Frieles rolle ikke har blitt vurdert og gransket nøye nok, at ønsket om å gjøre henne til en sekulær helgen har gjort at det kritiske blikket har vært fraværende:

Når også sekulære vil halda seg med helgenar, bør dei læra det grunnleggjande av katolikkane, som har meir trening i slikt. Kyrkja tek tid til å granska fakta om ein potensiell helgen. Sekulær saligkåring, i alle høve i tilfellet Kim Friele, har eit hastverk som kan få eit smertefullt etterslep.

Synest du at dette med helgen er unødvendig polemisk i denne samanhengen, skal du vita at språket som blir brukt for å heidra henne, ligg tett på det helgenaktige.

Den nemnde Aadland, til dømes, om benken i Bergen: «(…) en plass du kan støtte deg på Kim og det arbeidet hun har gjort». Tidlegare byråd Katrine Nødtvedt ved avdukinga av Friele-skulpturen: «(…) om du er trist og lei deg en dag, så vil Kim alltid være her for deg».

Då Mor Teresa vart saligkåra av pave Johannes Paul II den 19. oktober 2003, hadde ho lege i grava sidan 1997. Også paven som saligkåra henne vart kanonisert først seks år etter han døydde, og først etter intens gransking av livet hans.

Kim Friele, derimot, har blitt granska altfor dårleg. Med tanke på den posisjonen ho no, knappe to år etter sin bortgang har fått i skulebøker og samfunnsliv, er det problematisk.

Nokre freistnader finst likevel. Eitt viktig bidrag fekk vi i slutten av august, då Aftenposten-journalist Pål Vegard Hagesæther presenterte sitt omfattande gravearbeid, «Da pedofile ble tatt inn i varmen».

Her dokumenterer Hagesæther at det på 70- og 80-talet her til lands fanst ei eiga arbeidsgruppe for pedofile. Den fekk vera del av homorørsla – og var støtta av Kim Friele.

LES OGSÅ

Foreningen FRIs forløper inkluderte pedofile – støttet av Kim Friele

Hagesæthers arbeid er grundig, og sjølv om han har møtt motstand i etterkant av publiseringa, har denne dreidd seg om uverdige trugsmål meir enn sakleg tilbakevising. Nokre har meint det er for seint å koma med slikt når Friele er død, og ikkje kan forsvara seg.

Men Kjersti Botnedal skriv i Subjekt 1. november noko som kastar meir lys over saka. Botnedal, som på eit tidspunkt var aktuell som biograf for Kim Friele, fortel at også ho byrja å grava i spørsmålet om Frieles haldning til pedofili etter at ho var død.

Botnedal fann same koplinga som Aftenposten-journalisten, men ho dokumenterer også at spørsmålet dukka opp alt mens Kim Friele levde. Friele vart nemleg konfrontert med si støtte til den pedofile grupperinga som sorterte under det såkalla Forbundet av 1948, forløparen til foreininga Fri.

I artikkelen fortel Botnedal korleis Friele møtte kvinna som i 1982 konfronterte henne. Med raseri, verbal overhøvling og utkasting. Etter dette vart det, ifølgje Botnedal, nokså taust om desse tinga.

 

I dag er det, ifølgje Botnedal «stolthets- og rettighetsforskning» som pregar rørsla som lever vidare etter Friele. «Homo (selv-) kritiske tema eksisterer ikke», samanfattar Botnedal, og legg til at pedofili ikkje vert nemnt med eit ord når Universitetet i Bergen for tida kunngjer stipend til forsking med utgangspunkt i Skeivt arkiv.

Når først ein sekulær helgen blir kåra, skjønar alle at premissane er andre enn for kristne beatifikasjonar. Noko bør dei likevel ha felles, og det er ein grundig og påliteleg saligkåringsprosess.

Kim Frieles manglande oppgjer med pro-pedofile grupperingar er svært alvorleg. Dei som appellerer sterkast om at ho skal heidrast, bør vera dei første til å gå i seg sjølve og koma til botn i dette. Kjersti Botnedals spørsmål om kvifor #metoo aldri nådde homorørsla synest dessverre høgaktuelt.

Manglande sjølvkritikk er eit sjukdomsteikn ved ei kvar rørsle – også ei som er drapert i glade regnbogefargar.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Medisin

Skottland responderer på Cass-rapporten

Skottlands regjeringsparti Scottish National Party (SNP) suspenderer bruken av pubertetsblokkere i en stor helomvending, etter å ha lest en knusende britisk rapport av barnelegen Hilary