Dobling av amerikanarar som identifiserer seg som LHBT

Foto: Sharon McCutcheon fra Unsplash
|Foto: Sharon McCutcheon fra Unsplash

Sidan 2012 har Gallup spurt vaksne i USA om dei reknar seg som noko anna enn heterofile. Dei siste tala viser at dette no gjeld 7,6 prosent av dei spurde, mot 3,5 prosent i 2012. Det skriv avisa Dagen.

Over halvparten av desse reknar seg som biseksuelle.

– Det er viktig å sjå i kor stor grad LHBTQ-miljøet er biseksuelt, og det er definitivt noko vi ser i unge generasjonar, seier Jeffrey Jones i Gallup til NBC News.

Totalt svarar 85,6 prosent at dei reknar seg som heterofile. 6,8 prosent vil ikkje svare.

Dagen skriv vidare at endringane har vore særleg tydeleg i dei unge generasjonane. For «millenials» (fødde tidleg på 1990-talet til midt på 1990-talet) er det rundt ein av ti som plasserer seg i LHBTQ+-kategorien.

For «generasjon Z» (fødde frå midt på 1990-talet til tidleg på 2010-talet) gjeld det rundt ein av fem.

– Nesten 30 prosent av kvinner i generasjon Z identifiserer seg som LHBTQ+, dei fleste som biseksuelle. Det er der mykje av veksten ser ut til å skje, seier Jones.

Dersom trenden held fram, meiner Gallup det er sannsynleg at den totale delen som identifiserer seg med ein seksuell minoritet, vil passere ti prosent i løpet av dei neste tre tiåra.

Langsiktig perspektiv

Den kristne organisasjonen Focus on the Family ser utviklinga i samanheng med endringar i lovverk, kultur og skulevesen.

Organisasjonen meiner konservative kristne må bu seg på at det vil ta lang tid å snu utviklinga, men at dei må halde fast på ein tradisjonell bibelforankra etikk og formidle denne til både eigne born, i kyrkjelydar og i det offentlege rommet.

Focus on the Family viser til at dei første kristne også stod overfor eit stort mangfald på dette feltet.

«Kyrkja har vore her før – og radikalt forandra verda. Vi kan gjere det igjen», heiter det i artikkelen.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foto: Dainis Graveris fra Unsplash

Farlig lettvint om kjønn

I sitt innlegg Det androgyne 13.07. prøver Jørg Arne Jørgensen (JAJ) å stille seg utenfor debatten og gi kjønn en analyse fra et slags olympisk

City Stock photos by Vecteezy

Miljø påvirker seksuell orientering

Et av de mest oppsiktsvekkende funnene fra denne studien på to millioner dansker er forskjellen i sannsynlighet for å gifte seg heterofilt vs. homofilt, basert