Ungarns ambassadør i møte med Vårt Lands Emil André Erstad

Foto: Jeremy Thomas fra Unsplash
Foto: Jeremy Thomas fra Unsplash
Ungarns ambassadør trur nordmenn er i ferd med å miste kulturen og tradisjonane sine, og fryktar progressive krefter som ønsker å ta over verda. Sjølv trur ho på Gud og det absolutte.

Det var rett før jul at Ungarns profilerte ambassadør til Norge, Eszter Sándorfi, besøkte Frogner kirke, rett borti vegen for der ambassaden hennar ligg. I kyrkja på vestkanten i Oslo var det fint, men Sándorfi lét seg forbause over kor få det var til stades og at det nesten berre var gamle folk. To veker tidlegare hadde ho vore på ei av fleire katolske messer på polsk som vart arrangert i St. Olav kirke den dagen, og det var nesten fullt og alle generasjonar representert.

– I Norge mister folk verkeleg kontakt med religionen. Det er ikkje ein del av dagleglivet eller livet dykkar lenger.

– Kva mister vi, trur du?

– De mister verkeleg kulturen og tradisjonane dykkar.

Den store forandringa

Sandórfi er frittalande til ambassadør å vere. Det må ho kanskje, då ho representerer eit land som får aukande kritikk i europeiske og vestlege land. Demokratiindeksen Freedom House meiner Ungarn har gått frå å vere eit fritt og demokratisk land, til å no vere berre eit delvis fritt land der media, rettsvesen og det politiske systemet er under aukande autoritært press.

Sándorfi er sjølv katolikk, konservativ og djupt overtydd om at det som skjer rundt om i verda no, er farleg. Ho blir engasjert då ho snakkar om LHBT-ideologien og det ho omtalar som «den progressive rørsla». Ho fortel om korleis akademikarar, intellektuelle og det ho kallar «mainstream»-media ikkje tør å snakke om visse ting, fordi det kan skape trøbbel for dei.

Mange lurer på korleis Ungarn, landet i hjartet av Europa, hamna der det er no.

Alt såg jo så lyst ut for 30 år sidan.

Det var om morgonen 10. november 1989. Eszter Sándorfi stod med ein hammar i handa framfor muren som hadde skild hennar verd frå vår. Ho hamra laus på styggedommen som skilde aust frå vest, fridom frå tyranni, medan tårene rann nedover kinna. På den andre sida av muren stod vesttyskarar med krus fylt av glühwein, og ønskte Sándorfi og venene velkomne til den frie verda.

Muren som fall

Dagen før, ein torsdagskveld, hang Sándorfi med venene sine i Budapest. Lydsporet til den kjende Scorpion-låten «Wind of Change» låg i lufta i dei kjølige gatene langs Donau. Alt rundt dei unge, ungarske studentane var i endring, dei kunne nesten fysisk sjå at Jernteppet rakna rett framfor augo deira. Plutseleg høyrde dei på nyheitene at Berlinmuren fall.

– Alt skjedde så plutseleg, fortel Sándorfi om kvelden som endra livet hennar brått.

Ho og venene bestemte seg umiddelbart for å reise til Aust-Berlin i det som enno var det austtyske diktaturet DDR. Dei berre pakka ryggsekken og sette seg på toget. Vel framme spaserte dei over Brandenburger Tor, og byrja å hamre laus på muren som for dei unge studentane representerte undertrykking, tyranni og tiår med brutale overgrep. Medan ho lét hammaren gjere jobben, tenkte Sándorfi på onkelen og alle dei andre i den nære familien som hadde vore ofre for det kommunistiske regimet heime i Ungarn.

– Det var veldig emosjonelt, seier ho.

Onkelen dømt til døden

Det er enkelt å forstå.

Førti år tidlegare, i 1949, tok den stalinistiske kommunistleiaren Mátyás Rákosi makta i Ungarn. Han innførte eit skrekkregime, som kort tid etter arresterte onkelen til Sándorfi. Regimet skulda han på falskt grunnlag for å vere ein vestleg spion, ettersom han arbeidde for det amerikanske selskapet IBM i Budapest. Han vart umiddelbart dømt til døden. Etter ei stund vart dommen omgjort til livstid, medan kona og dei fire borna vart tvunge til å forlate huset sitt med to koffertar og flytte til ei lita hytte i skogen. Seinare forlot familien Ungarn, då onkelen vart sett fri i 1956.

I oktober 1956 demonstrerte ungarske studentar mot det sterkt undertrykkjande regimet, noko som seinare skulle bli kjend som Den ungarske revolusjonen av 1956. Mora til Sándorfi var ein av dei unge studentane som tok del i demonstrasjonane, med mål om eit demokratisk Ungarn fritt frå det sovjetiske overherredømet.

25. oktober 1956 var mora på Kossuth Lajos-plassen rett framfor det ungarske parlamentet, der dei demonstrerte. Plutseleg byrja regimet å skyte på dei fredelege demonstrantane, og mora til Sándorfi såg medstudentane bli drepne rundt henne. Så sende den sovjetiske leiaren Nikita Krutsjov inn Den raude hæren, med tanks og soldatar som knuste revolusjonen. Ein reknar med at så mange som 20.000 menneske vart drepne i Ungarn på få veker.

Ho tenkte på familien sin og alle dei uskuldige menneska som hadde ofra livet i kampen for fridom, då ho hamra laus på muren. Ho håpa på fridom og velstand, slik dei hadde sett at livet inneheld i Vest-Europa.

– Reis til Nord-Korea!

1989 var året som forandra livet til Eszter Sándorfi. Omtrent på same tid som ho reiste til Berlin med venene sine, var ho del av forandringane som skjedde heime i Ungarn. Ein av dei som talte på demonstrasjonane Sándorfi tok del i, var mannen som seinare skulle bli statsminister Viktor Orbán.

Han som var fridomshelten, vert no rekna som autoritær – av menneskerettsorganisasjonar, demokratiindeksar og intellektuelle over heile Europa. Det er hans regime Eszter Sándorfi representerer som ambassadør i Oslo.

– Kva seier du til dei som meiner Viktor Orbán er ein diktator?

– Det er latterleg. Viktor Orbán stod opp og talte mot kommunismen då det framleis var sovjetiske troppar i Ungarn. Då seier eg dei burde levd i Ungarn på 1950-talet. Eller at dei burde reise til Nord-Korea, for å oppleve eit verkeleg diktatur. Å kalle Ungarn eit diktatur er ein spøk og fornærming mot det ungarske folket som har vald regjeringane sine gjennom frie val dei siste 30 åra.

Konservativ politikk

– Orban har sagt at han trur på det illiberale demokratiet?

– Det statsminister Orban snakka om, er at illiberale land kan ha meir økonomisk suksess enn demokratiske land. Det er eit legitimt spørsmål.

– Trur du på demokrati og pluralisme sjølv?

– Ja, sjølvsagt. Eg representerer eit demokratisk og pluralistisk land. Viss du trur på demokrati, så må du òg tru og akseptere at folk i nokre land sjølv vil velje å stemme på meir konservative politikarar.

Sidan 2010 har Viktor Orbán og det nasjonalkonservative partiet Fidesz styrt Ungarn. Så stor støtte har dei hatt, at dei har kunne endre grunnlova og fjerne dommarar. Dei siste åra har frie medier blitt kjøpt opp av staten og lagt ned.

– Når du tenkjer på den framtida du håpa på i 1989, og du ser rapportane om at demokratiet er truga i Ungarn. Fryktar du ikkje for demokratiets framtid i heimlandet ditt?

– Nei, nei, nei, det gjer eg ikkje. Mange av dei internasjonale organisasjonane og institusjonane som kritiserer Ungarn, er tatt over av progressive krefter. Dei pressar land i ein spesiell retning.

Lister med tabu-ord

Ho fortel at det no igjen finst lister over ord ein ikkje kan bruke og at enkelte tema er tabu å snakke om i det offentlege ordskiftet.

– Det minner meg om det kommunistiske Ungarn eg vaks opp i på 80-talet, seier ho. Der kunne ein visst ha eit relativt godt og fritt liv som menneske, så lenge ein var klar over at det var visse tema ein burde halde seg unna. No startar vi å leve i ein liknande periode, der ein ikkje kan snakke om visse tema. Det er ikkje dette vi kjempa for i 1989.

Reaksjonar mot kristne

Ambassadøren viser til den Wien-baserte organisasjonen OIDAC (Observatory on Intolerance and Discrimination against Christians in Europe) som i 2021 kom med ein rapport om at ytringsfridomen for kristne i Europa er under press. Sándorfi trur presset frå «progressive krefter» påverkar ytringsfridomen for kristne til å kunne sei meininga si om tema som abort og familiepolitikk.

– Det er mange og skarpe reaksjonar mot kristne og kristne verdiar, forklarar Sándorfi.

Sjølv trur ho ikkje alle forstår kor alvorleg utviklinga er. Ein av tinga folk ikkje forstår, er kor negativt ordet «liberal» vert oppfatta i Ungarn. På norsk og engelsk har omgrepet liberalt demokrati utelukkande positive konnotasjonar, medan Sandórfi meiner det i Ungarn vert oppfatta som venstrevridd og anti-konservativt. Ho meiner det har samanheng med korleis det liberale partiet SZDSZ kort tid etter regimeskiftet i 1989 gjekk inn i allianse med partiet til eks-kommunistane. Som ein av ungdommane som jubla for kommunismens og Berlinmurens fall, skuffa det henne djupt.

– Dei liberale kreftene gjekk veldig raskt til angrep på kristne og kristendom.

Sandórfi fortel om korleis mange ungararar vende tilbake til kyrkja og det religiøse etter kommunisttida, men at trenden frå Europa med meir sekularisering òg finst i Ungarn.

– Kva betyr kyrkja for deg i ditt liv?

– Den betyr refleksjon, det får meg til å tenkje på at det finst noko større, at det er eit lys i enden av tunnelen, det orienterer meg. Eg trur framleis på absolutte verdiar.

Kvinne og mann

Ho trur det er noko av problemet med det ho omtalar som den progressive rørsla: At den får livet til å handle om mange små ting, at alt fokus vert lagt på individualismen, at ein som individ får lov å gjere kva som helst, at det berre handlar om kor bra du har det.

– For tjue år sidan kunne ingen førestilt seg dette. I mainstream media kan du ofte lese at då Ungarn og Polen vart del av EU, aksepterte dei også dei europeiske verdiane. Men ingen fortalde oss i 1994 eller 1998 at eit eksempel på ein av dei store diskusjonane over tjue år seinare skulle bli at den eine dagen er ein kvinne, og den neste dagen kan ein vere mann, og at du kan forandre det når du vil.

Sándorfi ler litt då ho fortel om dette, som at det heile er komisk.

– Heile LHBT-ideologen har blitt ei viktig rørsle. Pride-flagget vaiar frå ambassadar og bygningar, og alle skal liksom vere stolt av det. På same tid skal folk gøyme religionen sin. Religion er eit privat emne, seier folk, noko som skal gøymast bort i eit hjørne.

Ambassadeflagg

– Meiner du det burde vore motsett?

– Eg trur ikkje eg burde ha noko flagg på ambassaden frå noko rørsle.

– Ville du heist regnbogeflagget på ambassaden din?

– Hittil har eg ikkje fått spørsmål om det, men personleg tenkjer eg at seksuell orientering er eit personleg og ikkje eit nasjonalt spørsmål. Seksuell orientering burde ikkje vere ei politisk rørsle.

– Kva seier du til homofile menneske i Ungarn som kjenner seg diskriminert av styresmaktene?

– Eg trur du først bør samanlikne alle lovene for homofile i Europa, som ville overraska deg. Nokre europeiske land har langt strengare lover enn i Ungarn. Ingen nemner for eksempel at ungarske homofile par kan inngå partnarskap med sosiale og økonomiske fordelar.

Sivilisasjonskonflikt

Ho meiner born må haldast unna tema og undervisning knytt til LHBT, noko Orbán-regjeringa nyleg gjorde til lov i landet.

– Trur du verkeleg det LHBT-rørsla kjempar for, er propaganda?

– Personleg trur eg det. Det er ikkje eit tema som bør bli pressa inn i skular og barnehagar.

– Trur du det er ein sivilisasjonskonflikt?

– Eg trur ikkje noko ideologi kan vinne over heile verda. Den progressive rørsla prøver å ta over verda, men ingen ideologi har nokon gong klart det.

Eszter Sándorfi

Ungarns ambassadør til Norge.

56 år.

Tidligere diplomat i den ungarske utanrikstenesta.

Gift, to born på 22 år og 19 år.

Profilert forsvarar av
Ungarn mot den aukande kritikken av den
demokratiske utviklinga i landet

Gud er:
Skapar og æve, «Via, Veritas et Vita».

Eg klarer meg ikkje utan: Eit stort krus kaffi med mjølk på morgonen.

På gravsteinen min skal det stå:
Enkel og tradisjonell med namnet mitt og åra eg levde. Alt anna er opp til mine næraste.

Boka alle må lese:
Å lese bøker er ei veldig personleg oppleving. Ei spesiell bok kan ha ulike meiningar til ulike tider i livet, men boka du treng vil finne deg på riktig tidspunkt.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter