Regjeringen flytter 50 millioner til seksualundervisning.

Illustrasjonsfoto: Norsk krone
Illustrasjonsfoto: Norsk krone

Me vil prioritera opp seksuell og reproduktiv helse og kvinner sine rettar. Dette feltet har blitt lågt prioritert av førre regjering, seier Kari Henriksen i Arbeidarpartiet til Vårt Land.

Mandag legg den nye Ap/Sp-regjeringa fram tillegget til statsbudsjettet. Her kjem deira endringar til Solberg-regjeringas siste statsbudsjett.

I tillegget kjem det ei auke på 50 millionar kroner til seksualitetsundervisning og 25 millionar kroner ekstra til likestilling.

Dette kjem av omrokeringar på bistandsbudsjettet, og er altså ikkje ekstra middel til budsjettet.

– Kvinners rett til trygge abortar er under angrep i heile verda. Nyleg døydde ei kvinne etter å ha blitt nekta abort i Polen, seier Henriksen.

Ho viser til den 30 år gamle kvinna Izabela, som skal ha døydd av blodforgifting etter å ha blitt nekta abort.

Saka førte til store demonstrasjonar i Polen denne helga. Folk protesterte mot landets strenge abortlov.

Noreg har forplikta seg til 10 mrd til seksuell helse

Også Solberg-regjeringa har auka støtta til seksuell og reproduktiv helse. I deira forslag til budsjett kjem det fram at Noreg har forplikta seg til å bidra med 10,4 milliardar kroner til slik helse i 2020-2025.

For 2022 ville Solberg-regjeringa auka støtta med 230 millionar kroner.

Den nye regjeringa vil altså auka denne summen til 280 millionar kroner, etter det Vårt Land forstår.

Dele
Share on email
E-post
Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter