Liberale metodister i Norge er i villrede

Foto: Andrew McQuaid fra Unsplash
Foto: Andrew McQuaid fra Unsplash

Metodistkyrkja i Norge har i ei årrekke diskutert likekjønna samliv, men vedtok i 2019 at dei ville arbeide fram ei ordning med to syn på saka.

Nyleg vart det likevel slått fast at den norske greina av trussamfunnet ikkje får lov til å vedta sin eigen vigselsliturgi.

Fleire på den såkalla «liberale» sida uttrykte i ettertid stor skuffelse. No får dei endå eit tilbakeslag. Det skriv avisa Dagen.

Biskop tek vedtak til etterretning

Då kyrkjemøtet til Metodistkyrkja i Norge, Årskonferansen, samla seg i fjor, kom dei med ei oppmoding til biskopen deira, Christan Alsted.

Dei ville at han, trass i at kyrkja sitt offisielle samlivssyn er at ekteskapet tilhøyrer éin mann og éi kvinne, skulle «sette klagesaker mot prester og diakoner som foretar vigsel av likekjønna på vent (…) til kirkens prosess er fullført».

Alsted har seinare uttalt at Metodistkyrkja i Norge snart kjem til å tillate likekjønna vigslar, men har aldri avklart korleis han stiller seg til denne oppmodinga.

Når Dagen spør han, vil han heller ikkje svare.

– Eg ønsker ikkje å ta stilling til hypotetiske spørsmål, seier han.

No har likevel «høgsteretten» til det internasjonale trussamfunnet, Juridisk råd, talt. Dei har ifølge Connect Metodist, ei gruppe tradisjonelle metodistar i Norge, slått fast at biskopar ikkje har anledning til å utan vidare sette klagesaker på vent.

Til Dagen seier Alsted, som mellom anna er biskop i Norge, at han forheld seg til alle avgjersler frå juridisk råd.

– Det som juridisk råd avgjer er jo kyrkja sine offisielle avgjersler, og eg forheld meg til alle avgjersler dei fattar, seier Alsted.

Usemje om kven vedtaket omfattar

Det er likevel omstridd kor vidt dette vedtaket frå kyrkjesamfunnet sin «høgsterett» råkar Norge.

Hilde Marie Øgreid Movafagh er rektor for Metodistkyrkja sitt teologiske seminar ved MF vitskapeleg høgskole i Oslo. Ho meiner Connect Metodist har feiltolka avgjersla.

– Det er ei avgjerd som gjeld USA og påverkar ikkje Norge. Eg meiner at Christian Alsted framleis kan legge klagesaker på vent fram til kyrkja har avgjort vigselsaka om han ønsker det, seier ho.

Over Braaten, som er aktiv i Connect Metodist, meiner det er feil.

– Når vi sender saker til juridisk råd og dei tolkar dei, gjeld den tolkinga dei kjem fram til overalt ved mindre dei har tatt atterhald, og det har dei ikkje gjort her.

– Dersom det er slik som ho seier, betyr det i så fall at fleirtalet av medlemmene i United Methodist Church generelt sett ikkje er underlagt juridisk råd. Men ho må jo fortolke det slik ho vil, seier han til Dagen

Øgreid Movafagh står, trass i Braatens innvendingar, fast på at denne avgjersla berre omfattar Metodistkyrkja i USA.

Dagen vore i kontakt med tilsynsprest i Metodistkyrkja i Norge, Knut Refsdal, som ikkje ønsker å kommentere saka.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter