Leder i lokal presteforening angriper kvinneprestmotstandere

Kirkebygg
Foto Akira Hojo fra Unsplash

Jobben til vikarprest Vidar Nes Mygland på Sunnmøre heng i ein tynn tråd etter at han gjekk ut og sa at han ikkje kan ha gudsteneste med kvinnerBiskopen har denne veka tatt han ut av teneste, og slått fast at han ikkje kan jobbe i kyrkja med det synet.

Prestekollega Anders Barstad i nabo-kyrkjelyden, som også er leiar i den lokale presteforeningen, meiner biskopen no må rydde opp blant dei fast tilsette, og sier til NRK:

– Det er mykje verre at fast tilsette prestar får halde fram utan at biskopen grip inn.

Han hevdar at vaktlistene fleire stader blir ordna slik at kvinneprest-motstandarar «slepp» å arbeide med kvinnelege prestar. Og at slike haldningar skaper helseskadelege arbeidsmiljø på små kyrkjekontor.

Anders Barstad er glad for at biskopen har tatt vikarpresten på Sunnmøre ut av teneste, men ventar no på å sjå kva som skjer med dei fast tilsette prestane med det same synet.

– Det kan medføre både smerte og kanskje nokre vakenetter i den prosessen, men som biskop har du ansvar for å stå i det til jobben er gjort ferdig.

Vil ikkje bruke tvang

Det finst inga oversikt over kor mange prestar som nektar å samarbeide med kvinnelege kollegaer, men det er tidlegare anslått at det er rundt 20–30. Fleire av dei arbeider i det tradisjonelle «bibelbeltet» langs kysten.

Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin meiner dei må leve med dette i ein overgangsfase, trass i at Bispemøtet i fjor haust slo fast at det ikkje er lov.

– Eg har hatt samtale med dei det gjeld om dette, og argumentert for å følgje vedtaket, men eg kan ikkje tvinge nokon, seier han til NRK.

Han seier prestar som ikkje kan samarbeide med kvinnelege kollegaer, blir bedne om å halde seg heime for å unngå det han kallar «demonstrerende uteblivelse» ved alteret.

Biskop Halvor Nordhaug seier han ikkje kan tvinge prestar til samarbeid med kvinnelege kollegaer. Han meiner kyrkja må akseptere dette i ein overgangsfase.FOTO: DEN NORSKE KIRKE– Aksepterer ein dobbeltmoral

Biskopen i Hamar, Solveig Fiske, er ikkje glad for at det framleis fins prestar som ikkje samarbeider med kvinnelege kollegaer.

– Det er ein praksis som er uhaldbar ved at den aksepterer ein dobbeltmoral i kyrkjekvardagen. Eg tenkjer at det er å strekkja arbeidsplanlegginga for langt i tilrettelegging og er ikkje i tråd med Bispedømme sitt vedtak om at det ikkje finst reservasjonsrett inn mot samarbeid med kvinner i presteteneste.

Fungerande biskop i Tromsø, Stig Lægdene, meiner det er på høg tid at kyrkja tek eit oppgjer med det han kallar diskriminering av kvinnelege prestar.

– Dersom vaktlistene blir endra for å vere tilpassa kvinneprest-motstandarar er det ukollegialt og ein praksis som legitimerer diskriminering av kvinner.

 

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter