– Det bør vere slik at menn, kvinner og andre kjønn betalar for den frisyren dei vil ha, ikkje kva kjønn dei har, seier Jeanett Ljostveit.

Jeanett definerer seg som ikkje-binær, men vel å bruke pronomenet «ho» om seg sjølv,  Det skriver NRK.

 

Jeanett har det ho sjølv karakteriserer som ein «maskulin klipp», men må likevel betale for «dameklipp» hos frisøren.

– Det er jo ikkje sånn at brød kostar 29 kroner for menn og 42 kroner for kvinner. Kvifor skjer det framleis i frisørbransjen? spør ho.

Med emneknaggen #frisøroppgjeret, ynskjer ho å skape ei endring i bransjen.

Praksisen med «dame- og herreklipp» går inn i ein stadig meir omfattande debatt om identitet og kjønn.

– For å vise at alle er velkomne og blir verdsett, forklarte mangfoldskoordinator i kommunen, Toril Hogstad.

Ikkje lov med kjønnsdelte prisar

– I utgangspunktet er praksisen med herre- og damklipp ikkje lovleg, seier Shorish Azari.

Han er rådgivar i Likestillings- og diskrimineringsombodet, og viser til Diskrimineringslova paragraf 6, som seier at det er forbode å diskriminere blant anna på grunn av kjønn.

Årleg mottar ombodet fleire meldingar frå folk som reagerer på at dei må betale dameklipp sjølv om dei har kort hår.

– Dessverre er det framleis mange frisørar som har kjønnsdelte prisar, seier Azari.

Kristin Blytt er administrerande direktør i frisørkjeda Ramsvik.

– Det er pinleg at vi framleis har kjønnsdelte prisar, seier ho.

Til NRK seier ho at det er historisk årsaker til praksisen, men at dei kuttar han ut frå 1. desember.

– Dette stammar nok frå at det historisk sett har tatt lengre tid å klippe kvinner enn menn.

– Ein gamaldags praksis

– Hår er hår, seier Eirik Thorsen, som er kreativ leder i frisørkjeda Adam og Eva.

Han seier det er «gamaldags» med kjønnsdelte prisar, og at dei aldri har praktisert noko skilje.

– Om hårklippen hos oss blir utført på ei kvinne, ein mann eller hen, er akkurat det same for oss.