Borgs nye biskop trur kjønnsmangfald er Guds skaparverk: – Ei gåve til oss alle

Foto: Silvestri Matteo fra Unsplash
Foto: Silvestri Matteo fra Unsplash

I et intervju med Vårt Land, sier den nye biskopen i Borg følgende:

Om eit menneske identifiserer seg som han eller ho eller hen, eller i «heile vifta av måtar ein kan oppleve seg sjølv på», skal det ikkje kvalifisere eller diskvalifisere til tru, eller til ein plass i det kyrkjelege fellesskapet, slik Borg-biskopen ser det.

– Eg har ingen behov for å seie noko om kva som er «rett eller gale» om korleis vedkommande skal oppfatte kjønnet sitt. Eg har møtt fleire som veldig alvorleg har fortalt meg korleis livet med å halde den dei er skjult, har vore. Det er så skadeleg. Og eg trur ikkje det er Guds vilje.

Eit fellesskap er ikkje eit godt fellesskap om ein må late som, seier Alvsvåg. I eit fellesskap skal ein kunne komme med heile seg.

– Det er stor forskjell på å halde skjult noko ein har gjort, og å halde skjult kven ein er.

– Eg vil vere tydeleg på at eg trur det er slik Gud har skapt oss til å vere. Og at dette mangfaldet er bra for folk. Det er ei gåve til oss alle.

Når rettleiing er riktig – og gale

Å moralisere verkar naturstridig for biskopen med silkeskjerf. Ho vegrar seg litt for å konstatere det sjølv, er redd det framstår «litt skrytete», men journalisten kan bekrefte at kjelder tett på biskopen har nemnt dette som noko av det fremste som karakteriserer henne.

– No er det fjernt for meg å skulle seie «ikkje gjer sånn», eller meine noko om korleis folk lever liva sine.

– Nokon vil då seie at du tar frå menneske moglegheita til å bli frelst?

– Då vil eg svare at det er Gud som frelsar – det er det ikkje menneskets dommar som gjer. Eg ønsker å formidle Gud sin frigjerande nåde og miskunn. Frelse handlar jo nettopp om å bli sett fri.

Som menneske vil vi aldri kunne legge feilfrie liv framfor Gud, meiner Alvsvåg.

– Synda er ein del av menneskelivet, og vi har ei vanvittig kapasitet til å vere gode, og ei vanvittig kapasitet til å vere vonde. Evna vår til å skade andre og ønske andre vondt ber vi i oss – og ser sett på spissen i krigen. Vi menneske har mykje å stå til rette for.

Om ho ikkje vil rette nokon peikefinger, drar ho gjerne eit moralsk kompass opp frå den fiktive lomma.

– Eg hever gjerne stemma mi om det eg meiner er rette og gode val som fremmer rettferd. Men denne pietistiske detaljstyringa om korleis eit enkeltmenneske skal leve livet sitt… Den har handla om så mykje konkret; du skal ikkje strikke på sundag, du skal ikkje gå på kino, og med nye tider kjem det nye ting ein «god kristen» ikkje skal gjere. Det meiner eg ikkje er rett måte å rettleie på.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter