Preses oppfordrer Møre og Stavanger bispedømme til å slutte å spørre om samlivsform

Kirkebygg
Foto Akira Hojo fra Unsplash

Under ein debatt på Arendalsuka fekk preses i Den norske kyrkja (DNK), Olav Fykse Tveit, spørsmål om kva han synest om at Stavanger og Møre bispedøme spør om samlivsform i tilsetjingsprosessar. Det skriver Vårt Land.

– Eg synest at når me er eitt trussamfunn og me ynskjer å halde høgt dette at me ikkje opptrer diskriminerande, så synest eg at me skulle opptrett likt i alle bispedøme, og ikkje ha forskjellig praksis på dette, svarar Fykse Tveit.

Til Vårt Land stadfestar han at han meiner denne praksisen bør vera å ikkje spørje om samlivsform under tilsetjingar, og utdjupar kva han meiner.

Det er bispedømeråda som avgjer kva dei vil spørje om i intervju med potensielle arbeidstakarar. Med heimel i arbeidsmiljøloven paragraf 13.4.2 kan opplysingar om samlivsform bli innhenta og vektlagt.

Men om ein bør spørje om det, er det usemje om i DNK.

Medan bispedømeråda i Møre og Stavanger har vedteke å presisere at dei vektlegg samlivsform i utlysingar, har landsstyret i Åpen folkekirke vedteke at det må bli slutt på praksisen.

No ser preses ut til å velje sida til sistnemnde.

To ekteskapssyn

– Nokon vil kanskje hevde at ei slik utsegn frå preses seier at det ikkje er to reelt likestilte ekteskapssyn i Den norske kyrkja?

– Me har eit vedtak at det er ein samvitsfridom om å utføre vigsler av likekjønna ektepar. Logikken i vedtaket tilseier at ein skal vera open for ulike syn, ikkje setje grenser for kven som i praksis kjenner seg velkomne til å søkje på stillingar.

Han viser til vedtaket i 2016 på kyrkjas «Storting», Kyrkjemøtet, der ein opna for likekjønna vigsel i DNK.

– Det må kunne gå an for homofile å søkje på stillingar over alt i Den norske kyrkja, nettopp fordi me har eit slik vedtak. Det blir rart at ein i eitt kyrkjesamfunn ikkje får lov som gift homofil å søkje på jobbar over alt.

– Ikkje grunnlag for færre rettar

Fykse Tveit meiner vedtaket ikkje gjev grunnlag for å gje færre rettar til nokre arbeidstakarar enn andre.

– Finst det måtar å leggje felles føringar som kan overstyre bispedømeråda i dette spørsmålet?

– Det kan diskuterast, men det kjem an på korleis kyrkjeordninga blir definert vidare, seier Fykse Tveit, og refererer til den mykje omtalte prosessen kring å organisere Den norske kyrkja på ein ny måte.

Uavhengig av ny organisering er preses mest oppteken av å oppmode til éi felles linje, heller enn å innføre ny reglar.

Guds ordning for samlivet

Leiar for Frimodig Kyrkje Ung, Therese Egebakken, er skuffa over utsegnene frå preses:

– Eg kjenner meg ikkje att i skildringane preses gir, og opplev at han framstiller dette feil. Fleirtalet i Stavanger tenkjer kyrkjepolitisk annleis om denne saka, og det må ein kunne vente at preses og den kyrkjepolitiske leiinga respekterer, skriv ho til Vårt Land i ein e-post.

Ho presiserer at sjølv om dei ynskjer å ha høve til å kunne vektlegga samlivsform, har Stavanger bispedømeråd aldri nytta dette høvet til å spørje om nett det.

– Det meiner eg er riktig og viktig om vi skal vere ansvarlege arbeidsgjevarar.

– Kvifor er det viktig å ha høve til å stille spørsmål om samlivsform hvis ein ikkje skal nytta denne informasjonen til noko?

– Fordi korleis ein prest ordner samlivet sitt betyr noko. Som kyrkje held vi fram ekteskapet som Guds gode ordning for samlivet og oppfordrar til forpliktande relasjonar. Kvifor skal ein prest da kunne vere sambuar?

Ho meiner at det dessutan er praktiske grunnar til å halde på noverande regelverk:

– Seksuell legning skal ikkje vektleggast, men viss ein som lever i eit likekjønna ekteskap søkjer på stilling i ein kyrkjelyd med ein tradisjonell teologisk profil, vil det vere ansvarleg å finne ein annan kyrkjelyd i bispedømet til denne søkjaren.

Kvifor skal ein prest kunne vere sambuar?

—  Therese Egebakken

– Dette er på tide

Therese Utgård Aas i Møre bispedømmeråd er usamd med Egebakken, og meiner det er på tide å ikkje lengjer spørje arbeidssøkjarar om samlivsform.

– Praksisen med å etterspørje samlivsform ved tilsetjingar har vore ei ulukke for Møre bispedøme. Det har etter mitt syn gjeve eit inntrykk av at Møre ikkje ynskjer alle velkomne, og eg trur det har gjort noko med søkjartala i kyrkja i Møre.

Ho er takksam for at preses er tydeleg:

– Kyrkja som arbeidsgjevar skal ikkje diskriminere. Eg vonar kyrkja ikkje held fram med å vere så sein til å sjå konsekvensar av eigen praksis, og at dette kan bidra til konkrete endringar i Møre, seier Utgård Aas.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Budapest, Ungarn

EU presser Ungarn ytterligere

EU stemmer for å fryse 11,5 milliarder euro i bistand til Ungarn på grunn av landets konservative og familievennlige politikk. Det skriver Lifesitenews. EU fastholder