Foto: Jamie Street fra Unsplash
Foto: Jamie Street fra Unsplash

Når aktivisme trumfar evidensbasert praksis

Historisk har Tavistock i London hatt ei høg stjerne i den internasjonale barne- og ungdomspsykiatrien. Der har den einaste behandlingsklinikken for barn og unge med kjønnsinkongruens i Storbritannia, vore lokalisert.

Nyheita om at denne klinikken skal leggast ned – pga. av ideologisk malpraksis og av omsyn til pasientsikkerheit- vart slått stort opp i britiske medium.

På leiarplass 29. juli 2022 skriv avisa «the Times»; «Clinical Damage: The Tavistock Clinic`s closure follows a damning report on ideological malpractice.»

Den skriv at skaden som denne malpraksisen har forårsaka, er umogeleg å anslå for alle dei tusenar som gjennom åra er blitt tilvist dit.

Klinikken har sidan 1989 behandla 9000 barn med kjønnsinkongruens, fleire så unge som 10 år.

Det vert omtala som ei skandale at pioneer-institusjonen Tavistock som har vore banebrytande i barnepsykiatrifeltet, har blitt kuppa av ein klikk «queer theory» trans aktivistar.

Klinikken har praktisert etter den sokalla «bekreftingsmodellen» med utgangspunkt i pasienten sin oppleving av eigen kjønnsidentitet. Dei har blitt sett på pubertetsblokkerar utan grundig utgreiing/vurdering og utan å ta omsyn til psykiatrisk historikk/samsjukligheit. Det har ikkje blitt stilt spørsmål om sikkerheit ved ei behandling som manglar forsking på langsiktige konsekvensar.

Pasienten og pårørande har blitt fortalt at effektar av pub.blokkerar er reversible sjølv om det ikkje finst vitskapleg dekking for praksisen når det gjeld denne pasientpopulasjonen.

Fagleg usemje inad i poliklinikken har ikkje vore tolerert. Gjennom åra har fleire modige fagfolk varsla bekymring både for praksisen og for at klinikken har late seg styre av «transgender rights groups». Kritikarane har blitt stempla som «transfobiske».

Først no etter at myndigheitene tok imot ein alarmerande rapport tidlegare i vår, har desse «whistleblowers» blitt tatt på alvor. Myndigheitene går til det oppsiktsvekkande skrittet å stenge genderklinikken ved Tavistock. Det skal etablerast regionale behandlingssentera, organisert som ein del den psykiske helsetenesta for å sikre ein meir holistisk tilnærming og fagleg forsvarleg behandling av barn og unge med kjønnsdysfori. Psykologisk/psykiatrisk utgreiing og eksplorerande terapi skal vere førstevalet. Behandling med pubertetsblokkerar skal berre skje unntaksvis og berre når kjønnsdysforien har vart frå barnedommen, og då i regi av kontrollerte studiar.

The Cass Report

Rapporten det vert vist til, er rapporten frå D. Hilary Cass som myndigheitene har gitt i oppdrag å undersøke dei langvarige kontroversane ved Tavistock. Cass er ein anerkjent pediater.

Rapporten gir full støtte til «the wistleblowers» sine bekymringar om behandlingspraksisen med ukritisk bruk av pubertetsblokkerar og manglande forsking. Mest oppsiktsvekkande er nye alarmerande opplysningar om mistenkte konsekvensar ved bruk av pubertetsblokkerar.

Cass som har nevropsykiatrisk kompetanse, uttrykker bekymring for moglege nevrologiske og nevrokognitive verknader av pubertetsblokkerar. Dvs. mistankar om at utviklinga/modninga av hjernen kan påverkast mellombels eller permanent. Det kan affisere evne til planlegging, evne til å ta avgjerder og evne til dømmekraft.

Den svenske behandlingsmodellen

Den britiske omlegginga liknar svenskane sine nye behandlingsretningslinjer.

Etter gjennomgang av all forsking som finst om kjønnskorrigerande behandling, har svenskane no ein modell der grunnpilarane er terapi og psykososial støtte, i staden for hormon og kirurgi.

Deira tre hovudargument for å endre praksis, er at det er lite kunnskap om grunnen for auken av pasientar og om den nye pasientpopulasjonen, det er lite kunnskap om konsekvensar av behandlinga, og at angring på behandling og detransisjon er vanlegare enn tidlegare antatt.

Kva med den norske behandlingsmodellen?

Rikshospitalet har hatt behandlingsmonopol og soleis ein «portvoktarfunksjon» når det gjeld behandling av barn og unge med kjønnsinkongruens.

Deira rolle/funksjon har lenge aktivt vore motarbeidd av foreininga FRI og PKI (Pasientorganisasjon for Kjønnsinkongruens) med god støtte frå Helsestasjon for kjønn og seksualitet (HKS) der lege, forskar og aktivist Ester Espen Pirelli Benestad er fagleg ansvarleg. Benestad og avd.leiar Ingun Wik sitt liberale syn på bruk av pubertetsblokkerar fekk vi tydeleg fortalt i programmet «Folkeopplysningen» (episode om Trans) vist på NRK i 2021.

Dvs lik «pro affirmative» praksisen som i Storbritannia vert karakterisert som ideologisk malpraksis og vert avvikla pga. av pasientsikkerheit.

«Folkeopplysninga» stilte følgande viktige spørsmål;

Veit vi nok om den behandlinga vi tilbyr unge med kjønnsinkongruens? Er hormon og kirurgi løysinga til alle som vil ha det, eller er det et gedigent medisinsk eksperiment?

Kritikarane vann ein viktig siger i 2020 då Helsedirektoratet v/Høie kom med nye behandlingsretningslinjer som betyr;

  • det skal bli lettare å få behandling
  • tilbodet skal desentraliserast
  • ikkje lenger krav om psykologisk/psykiatrisk utgreiing
  • hormon skal vere lettare tilgjengeleg utan foreldre sitt samtykke etter fylte 16 år

Retningslinjene har skapt debatt; også blant kjønnsopererte. Dei to leiarane ved Harry Benjamin Ressurssenter (eldste organisasjonen for transpersonar) uttalte til NRK i mai i år at dei var skremte pga. fråsegner frå Helsedirektoratet om at fastlegar kan starte behandling med hormon til unge. Dei meiner at unge sin helse blir ofra av vaksne med ein politisk agenda. Dette gir umiddelbart assosiasjon til nedstenginga av Tavistock.

Men Norge er i ferd med å gå motsett veg når det gjeld behandlingsmodellen for barn og unge med kjønnsdysfori!

Eg for min del undrar difor; Kor mange unge vil våre norske helsemyndigheiter ofre? Har ikkje unge som slit med kjønnsdysfori, liksom andre sårbare grupper, rett til behandlingstilbod som er basert på forsking med krav til evidens?

Marit Johanne Bruset

Spesialist i klinisk psykologi

 

Først publisert i Sunnmørsposten

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Relaterte saker
Stopp

Lex Trettebergstuen

Lovforbudet mot konverteringsterapi er på vei. Avisen Dagen har hatt et intervju med statsråd Anette Trettebergstuen om saken (20.09.2022). Det ble fulgte opp med lederen «En formynder

Foto: Isi Parente fra Unsplash

Nei til sekulær kjønnsideologi

Kultur- og likestillingsdepartementet foreslår et vidtrekkende forbud mot såkalt konverteringsterapi. Ulik seksuell orientering og ulik såkalt kjønnsidentitet – attpåtil oppfattet som stabile størrelser, selv hos

Møre bispedømme og samlivsform

Mandag 12.09.2022 vedtok Møre bispedømme å fjerne formuleringen om samlivsform i utlysningstekster og åpne for at samlevende skeive kan søke prestejobber. Vedtaket ble gjort med

Foto: Mercedes Mehling fra Unsplash

San Fransisco, normkritikkens paradis

San Francisco er en av den progressive bevegelsens viktigste utstillingsvinduer, både i USA og internasjonalt. Mange skandinaver sympatiserer med ånden i byen, som oppleves som