Foto: Dainis Graveris fra Unsplash
Foto: Dainis Graveris fra Unsplash

Møre og Romsdal , eit fylke med kjønnsproblem

«Født i rett kropp – to transpersoners fortelling» er eit tilbod frå Møre og Romsdal fylkeskommune til elevane i dei vidaregåande skulane i fylket i skuleåret 2026/2027.

Tilbodet kjem gjennom Den kulturelle skulesekken og i alle fall to kommunar har hittil meldt seg på.

To personar, Benjamin Setsaas og Luca Dalen Espseth, skal, gjennom samtale og musikk, formidle korleis kjønn «kan være så mye mer enn det som stod i naturfagsboka fra 5. klasse». «Elevene lærer kva det kan bety å møte støtte og anerkjennelse frå andre og dermed hvordan de kan være gode allierte.»

Dei to er fødde som kvinner, men definerer seg som menn og er aktivistar for den nye transideologien.

Underteikna meiner at «naturfagboka for 5. klasse» har rett og at det finst berre to kjønn. Dei er det

uråd å definere seg ut av. Vi meiner det er uheldig at skulen, som skal stå for – og lære – barn og unge vitskapeleg tenkjemåte, taler med to tunger på denne måten.

Etter kvart er det klart at transideologien har ei rekkje problematiske sider som skader barn og unge både psykisk og fysisk (som mellom anna vist i den såkalla Cass-rapporten frå England).

I tillegg viser teorien seg å skape store problem i samfunnslivet, som til dømes menn i kvinneidrett, i symjehallar, treningssenter og andre offentlege arenaar.

Det er lov å såkalla «skifte» kjønn i Noreg. Det er difor både viktig og rett å ta opp emnet. Men sidan trans-trua er kontroversiell og debatten betent, bør skulen etter vår meining sørge for at det vert større balanse ved å sleppe til motrøyster som kjem med sin versjon.

 

Eit framlegg vil vere representantar frå LHB Norge, ein ny organisasjon for lesbiske, homofile og bifile. Slike representantar vil kunne seie noko om korleis det er for homofile at biologisk kjønn ikkje lenger kan definere kven som er homofil.

Kvinner som ser rettane sine truga av at menn definerer seg som kvinner, vil òg vere viktige gjestar.

Vi oppfordrar fylket til å seie noko om kvifor ein har invitert berre ei side i denne debatten og om dei vil gjere noko for å rette opp ubalansen.

Først publisert i Sunnmørsposten, gjengitt med forfatternes tillatelse.

Marit Johanne Bruset

Aud Farstad

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Guillermo Latorre fra Unsplash

Hurra for modige Høyre-kvinner

Høyre-politikerne Ingebjørg Storeide Folgerø og Cille Ihle fortjener stor takk for å kritisere norsk lovgivning og kvinners manglende rettsvern grunnet kjønnsidentitets-ideologi. Det de formulerer i

Foto: KI generert

Pride som nasjonal indoktrinering

Pride skal sikre at vi – og ikke minst barna – tilegner oss det virkelighetssynet som makteliten har bestemt for utformingen av livet i vårt

Veiskille

Hvor går Misjonskirken?

Etter de siste ukers debatt om kirkemedlemskap og samlivsformer i Misjonskirken, vil Øivind Benestad gjerne dele noen refleksjoner, og han skriver: «Vi har aldri vært