Metodistkirken i England sier ja til likekjønnede ekteskap

Foto: Brooke Cagle fra Unsplash

Dette er heilt som venta. Det har ligge i korta lenge, seier leiande tilsynsprest i Metodistkyrkja i Noreg, Knut Refsdal til Vårt Land, om at den engelske Metodistkyrkja sin årskonferanse har sagt ja til likekjønna ekteskap.

vedtaket til det engelske kyrkjesamfunnet skriv dei ifølge Vårt Land at konferansen gjev samtykke til vigsling av ektepar av same kjønn i kyrkja sine lokale, og utført av prestar og andre autoriserte tenestemenn i kyrkja.

Refsdal seier dei fylgjer nøye med på avgjersler rundt samlivsetikk i andre metodistkyrkjer.

På årskonferansen til Metodistkyrkja i Noreg i 2019 blei det slått fast at kyrkja går i retning av full inkludering av lesbiske og homofile, men at ein også ynskjer å halde kyrkja samla. Ein ventar derfor på at det internasjonale kyrkjesamfunnet, United Methodist Church (UMC), skal ta endeleg stilling i spørsmålet.

Er ikkje med i UMC

Metodistkyrkja i England opplyser på sine nettsider at dei har i overkant av 170.000 medlemmar. Dei er ei frittståande kyrkje, og er ikkje med i UMC, men dei har tette band, fortel Refsdal.

UMC står framføre ei potensiell splitting, nettopp på grunn av synet på likekjønna ekteskap. I dag har UMC eit konservativt samlivssyn, trass i stor indre usemje.

Ei gruppe foreslo i fjor ei formell splitting av UMC, i ei liberal og ei konservativ grein. Forslaget skulle i utgangspunktet stemmast over på generalkonferansen i fjor, men er utsett til hausten 2022.

Tvingar ingen

Refsdal seier til Vårt Land at viss det kjem til at ein i Metodistkyrkja i Noreg må sjå etter nye konstellasjonar, vil det å sjå til England vera høgt på agendaen:

 Det er veldig nære relasjonar mellom UMC og metodistkyrkja i England. Det er fri flyt av mellom anna prestar mellom kyrkjene, som også møter med representantar på kvarandres konferansar.

Tilsynspresten seier ein i Noreg kan lære av prosessen i England, som han omtalar som «lang og god».

 Dei tvingar ikkje alle til å vie likekjønna. I 2019 gjorde dei eit interessant grep, der dei skreiv inn i grunnloven sin at nokon ser på ekteskapet som utelukkande mellom mann og kvinne, medan andre ser på det som ein union for både likekjønna og heterofile par.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Norge responderer på Cass-rapporten

Overlege Anne Wæhre leder teamet ved Rikshospitalet som behandler unge transpersoner sier til NRK at hun mener det er lite dokumentert at behandlinga hun gir