Hva skjer i Frikirken?

Foto: John Price fra Unsplash
Foto: John Price fra Unsplash

Kjetil Gilberg, som er pastor i frikirkemenigheten Kraftverket i Oslo, publiserte nylig en tekst på Verdidebatt der han tok avstand fra klassisk kristen samlivsetikk og forståelse av kjønn. Han skriver blant annet:

Som enhver annen pastor, ønsker jeg alle velkommen. Men jeg synes det er utfordrende å fortelle at skeive er velkomne på andre premisser enn andre. For når du lever åpent som skeiv, vil du også i Frikirkens menigheter miste ansvarsoppgaver og muligheten til å bidra med ditt talent, slik Sørum beskriver fra sin sammenheng. I lojalitet til kirkesamfunnet har det også vært slik i Kraftverket, selv om vi har sluppet skeive til i alle oppgaver unntatt i vår øverste ledelse.

Også hos oss ville Sørum sannsynligvis opplevd at han er velkommen, men ikke akseptert. At flere skeive likevel orker å tilhøre denne menigheten – selv om vi diskriminerer dem – har to årsaker. Den ene er beundringsverdig: De er i stand til å vise en raushet og kjærlighet til menigheten, som er større enn den de får tilbake. Den andre er hva de hører fra oss i ledelsen: Vi ønsker forandring. Hadde vi stått utenfor Frikirken, ville også skeive fått plass i vår øverste ledelse.

Kronikken har skapt reaksjoner, og Vårt Land har skrevet følgende:

 Eg blir litt matt av heile greia, er Ingebrikt Kvams fyrste reaksjon etter å ha lese Kjetil Gilbergs kronikk om likekjønna samliv.

Kvam, som er pastor i Trondheim Frikirke, seier han heller vil bruke tid på å gjera disiplar enn å diskutere homofilt samliv.

Fredag blei ein tekst av pastor i Kraftverket i Oslo, Kjetil Gilberg, publisert av Vårt Land. Her skriv han at skeive i Frikyrkja er velkomne, men ikkje aksepterte, og at dei i Kraftverket ville gitt plass til skeive i den øvste leiinga, hadde det ikkje vore for at dei er ein del av Frikyrkja og må fylgje deira retningslinjer.

Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja) sin vedtekne teologi er at ekteskapet er meint å vera mellom éin mann og éi kvinne, og at homofilt samliv ikkje er etter Guds ord. Det er pastor Kvam glad for.

– Bibelen og kyrkjehistoria er så tydeleg på homofilispørsmålet, at det å forkynne noko anna meiner eg er feil, ganske enkelt, seier Kvam.

Han er einig med Gilberg i at ein i Frikyrkja ikkje har møtt dei som strevar med seksualitet eller kjønnsidentitet på ein god måte, men meiner det kan løysast utan å endre synspunkt.

I ferd med å gje opp

Det meiner også Geir Øystein Andersen. Han er tilsynsmann i Østre tilsynsområde i Frikyrkja, og er derfor den som har tilsyn med Kraftverket og Kjetil Gilberg. Han har sjølv eit klassisk syn på ekteskapet, men ser positive sider ved engasjementet i Oslo-kyrkjelyden.

– Kjetil og Kraftverket sitt engasjement for å utvikle eit kyrkjelydsliv som inkluderer alle i storbyen, også dei som ikkje passar inn i ein besteborgarleg profil, er noko me som frikyrkje har mykje å lære av, meiner Andersen.

– Gilberg skriv at nokon nok etter å ha lese kronikken hans vil hevde at han er ueigna som pastor. Tenker du det?

– Eg opplever ikkje at Gilberg aktivt har motsett seg dei grensene som kyrkjesamfunnet har teikna opp på det området, som viing, ordinasjon eller innsetjing av menneske som lever i likekjønna forhold. Det han gjer no er å tydeleggjera sin posisjon. Det er berre rimeleg og reieleg, meiner tilsynsmannen.

David mot Goliat

I teksten etterlyser Gilberg ei open og respektfull samtale om viktige teologiske spørsmål i kyrkjesamfunnet, og kritiserer måten dei som fremmar eit anna syn enn det konservative blir møtt på.

Han hevdar det fører til utestenging, og siktar til korleis valkomiteen under synodemøtet tidlegare denne månaden blei kritiserte for å legge for stor vekt på å synspunkt om homofilt samliv i sitt val av kandidatar til viktige organ.

Dette kjenner ikkje enten Kvam eller Andersen seg att i. Sistnemnde seier likevel at det var ein sterkt polarisert debatt på synodemøtet.

– Det var ei tilbakeslag for samtala, men det har begge sider av debatten eit felles ansvar for. Og elles opplevde eg prosessane på synodemøtet som vanlege og demokratiske, og dei var ikkje styrt av leiinga, men av kyrkjelydane.

Også Kvam er ueinig med Gilberg si framstilling av debatten internt i Frikyrkja.

Problematisk med anekdotiske forteljingar

Gilberg skriv at han ved fleire tilfelle har sett at når skeive lausriv seg frå Frikyrkjas teologi, forandrast tilværet deira til det betre, og dei blir frie frå det som har tynga dei i mange år.

Kvam seier at homofile så klart er like dyrebare og elska som alle andre menneske, men at det han opplever som å forkaste Bibelen som autoritet er eit drastisk skritt å ta for å inkluderer denne gruppa menneske.

– Det er problematisk å argumentere med anekdotiske forteljingar, og det er forståeleg at ein kjenner på smerta til dei som har blitt såra i våre kyrkjelydar, men det er feil grunnlag for å endre teologi på, meiner Kvam.

Han seier han har vore i kontakt med fleire menn med «homofile kjensler» som har valt å ikkje leve dei ut, og som har sett på Frikyrkja som ein trygg stad der dei har støtte.

– For mange av desse kostar disippellivet mykje. Då treng dei ei kyrkje som med heile seg seier at dei vil dela på kostnadene, ikkje ei kyrkje som seier at du har valt det sjølv.

Dele
Share on email
E-post
Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foto: Mercedes Mehling fra Unsplash

LHBTIQ-personers gudsbilde

Vårt Land fortsetter med sin promotering av LHBTIQ-teologi. Her med en artikkel om LHBTIQ-personers gudsbilde: Du er ikke god nok selv for den barmhjertige Gud