Foto: Max Beck fra Unsplash

Kroppen vår er til for å gje Gud ære

Guds fred! Advent er tid for å skjerpe sinn og tankar. Tid for å trekke seg litt attende frå kreftene som vil spreie og forvirre. Vi treng avstand til samtida for å gjennomskode henne og vere «alltid budd, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for den von de eig» (1Pet 3,15). Difor er det viktig at de held desse førebuingsvekene før høgtida i hevd i heim og kyrkje.

Når høgtida er inne, skal våre hjarte vere budd til å «vanke i Jesu føderom», opne for Han som vil bu «i hjertets dype grunn».

I samtida vår har menneskesynet kome sterkt i fokus: Stortinget har nyleg gjort dramatiske endringar i bioteknologilova og opna for eksperimentering med unnfanging og med ufødde menneske.

Den nye regjeringa har signalisert vidare liberalisering av abortlova. Og krav om rett til sjølvbestemt død er sett fram.

Den sokalla ’trans-ideologien’ har invadert oss med sitt krav om at biologisk kjønn og personleg identitet ikkje nødvendigvis er kopla til kvarandre. Born vert opplærte til at dei må sjølve velge kva kjønn dei vil vere. Samstundes legg regjeringa fram lovforslag om forbod mot sokalla homoterapi.

Difor er det på høg tid å blankpusse den kristne læra om mennesket. Til no har naturen, medisinsk kunnskap og Skrifta samstemt i at kvart menneske er skapte som anten mann eller kvinne.

Dette er Guds biologiske design:

1) Gud skapte mennesket i sitt bilete til «ein levande skapning» (1Mos 2,9), det vil seie som ein åndeleg-fysisk kompositt. Kroppen er levandegjort av ei åndeleg sjel til å vere eit tempel for Heilaganden.

2) Gud skapte mennesket som mann og kvinne. Ein persons kjønn er eit biologisk faktum og vedkjem alle sider ved livet, ikkje minst kjenslelivet, evna til å elske og formere seg.

3) Kjønnspolariteten mann og kvinne er innretta mot ein komplett heilskap: Ekteskapet. Dei er skapte for kvarandre og likeverdige som personar, «bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt». (1Mos 2,21)

Dei medverkar i Skaparen sitt verk når dei får eigne born. Kjønns-polariteten er sentral for familien. Born treng både ein far og ei mor.

Kroppen vår er sentral i vårt åndelege liv, som tempel for Heilaganden, frelst frå døden og gitt del i det evige livet. Sameleis har relasjonen mellom mann og kvinne åndeleg føremål: Ekteskapet er ein jordisk ikon av det himmelske ekteskapet mellom Kristus og kyrkja.

Idag erfarer somme sokalla kjønnsdysfori, at den sjeleleg opplevde identiteten skil seg frå den biologiske. Dette må vi forstå som eit smertefullt utslag av vår felles lagnad etter syndefallet.

Syndefallet førte til framandgjering mellom kropp og sjel, og dei fyrste menneska reagerte med å ville gøyme bort kroppen sin. Harmonien vert gjenoppretta fyrst gjennom Kristi forløysingsverk som får si fullending i oppstoda av lekamen.

Kulturelt er vi i dag vitne til eit djuptgripande psyko-sosialt eksperiment med ukjend rekkjevidde. Akseptering av trans-identitet som ein ny normaltilstand med nye personlege pronomen, nye namn og i somme fall kirurgiske inngrep, utfordrar samfunnet vårt til gjennomgripande kulturelle, medisinske og juridiske omveltningar.

Vår oppgåve er å «vere trufaste mot sanninga i kjærleik.» (Ef 4,15). All nedsetjande omtale og omgang med andre menneske strir mot evangeliet. Vi må snakke om menneske slik Gud gjer. Den som er døypt til Kristus, er restituert av Gud.

Vi er Guds handverk, hans bilete. Kroppen vår er til for å gje Gud ære, ikkje til å eksperimentere med eller skamme seg over, men å takke Gud for.

Somme slit med å finne seg sjølv i eigen kropp. Det kan dei få hjelp med. Men det er dårleg hjelp som bryt med den naturlege identitet og den guddomelege status vi er gitt.

All nedsetjande omtale og omgang med andre menneske strir mot evangeliet.

Kjernen i juleevangeliet er at Gud vart menneske. Med å bli som oss og dele våre livs kår, viser Guds Son oss Guds store tanke med mennesket. Han er Guds menneskelege ansikt og lever den dag i dag hjå Gud Fader som det mennesket han var på jorda.

I han har Gud gjenreist mennesket til det opphavlege Guds bilete. Som kyrkjefaderen biskop Athanasius skriv: «Gud vart menneske for at mennesket skulle bli gud.»

Dette mysteriet feirar vi i julehøgtida. På dette grunnlaget må vi kjempe imot all løgntale om mennesket sin identitet, status og formål. «De er gudar, søner åt Den Høgste er de alle.» (Salme 82,6)

Eg ynskjer alle ei adventstid til åndeleg fordjuping og ei velsigna feiring av Kristi fødselsfest, Kristmesse. «Vår fredsfyrste høgt vere lova.»

 

Ottar Myrseth

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Relaterte saker
Foto: Juan Gomez fra Unsplash

Trettebergstuen trår til

Sommeren 2021 var det varslet at regjeringen Solberg ville legge frem forslag om forbud mot såkalt «konverteringsterapi» eller homoterapi – et uttrykke som kanskje er

Foto: Towfiqu Barbhuiya fra Unsplash

Pride – en horisontal revolusjon

Pride-bevegelsen har som mål definitivt å avvikle den kristne tradisjonens seksualetikk som normerende for samfunnet. Det betyr at heteroseksualitet som utgangspunkt oppfatning av samliv, formering