Helsedirektoratet forsvarer retningslinjene knyttet til behandling av kjønnsinkongruens

Foto: Bermix Studio fra Unsplash
Foto: Bermix Studio fra Unsplash

Divisjonsdirektør Helga Katharina Haug i Helsedirektoratet er usamd i kritikken får Ukom. Den retningslina direktoratet har laga, skal vere «ei overordna skildring av organisering og oppgåvedeling i eit desentralisert, differensiert og heilskapleg helsetenestetilbod», skriv ho i ei e-post til avisa Dag og Tid.

«Slik sett er det ei litt uvanleg retningslinje frå Helsedirektoratet, og må ikkje misforståast til å vere ei retningslinje som gir meir detaljerte tilrådingar om utgreiing og behandlingsval. I ei fagleg retningslinje med kliniske spørsmål ville det vore nødvendig med andre metodiske tilnærmingar og krav til kunnskapsgrunnlag for tilrådingane», skriv Haug.

Ho meiner eit utilstrekkeleg tilbod er ei større utfordring enn mangel på kunnskap:

«Mange personar med kjønnsinkongruens manglar i dag tilbod i helsetenesta; mange får ikkje helsehjelp som dei har krav på. Det er hovudutfordringa. Helsedirektoratet meiner retningslinja gir eit godt grunnlag for etablering av helsetenestetilbod på alle nivå, noko det framleis er eit stort behov for.»

Dag og Tid spør om de er samde i at kunnskapgrunnlaget for dagens behandling av unge er så svakt at det kan utgjere ein risiko for pasienttryggleijen. Til det svarer Haug:

«Unge med kjønnsinkongruens har mange ulike behov – frå samtaler og hjelpemiddel til høgspesialisert behandling. Det må alltid bli gjort ei individuell vurdering av den enkelte og tilbydast utgreiing og behandling som byggjer på best tenkeleg kunnskap. På dette fagområdet fins tein del kunnskap og også internasjonale tilrådingar som behandlarar kan nytte, men det trengst meir.»

På spørsmål fra Dag og Tid om det stemmer at Helsedirektoratet stilte lågare krav enn vanleg til kunnskapsgrunnlaget da de laga retningslina for kjønnsinkongruens, svarer Haug:

«Som svar på første spørsmål er dette ei noko annleis retningslinje. Kunnskapsgrunnlaget vart gjennomgått i arbeidet med reningslinja.»

Ukom meiner at hormombehandling og kirurgi for unge med kjønnsinkongruens bør definerast som utprøvande behandling. Kva meiner Helsedirektoratet om dette?

«Vi ser at Ukom konkluderer med det, men grunnlaget er uklart. Det finst fleire behandlingstilbod i dag som manglar viskapleg dokumentasjon på eit nivå ein kunne ønskje, og som derfor i stor grad blir basert på erfaringsbasert kunnskap. Det gjeld også kjønnsinkongruens. Det er ikkje utan vidare vanleg å karakterisere etablert anerkjend praksis i klinikken som utprøvande behandling, sjølv om kunnskapsgrunnlaget er mangelfullt», skriv Haug.

«Auken vi ser blant unge menneske som søker hjelp for kjønnsinkongruens, gi rlikevel grunn til ekstra varsemd. Helsetenesta må vurdere om den erfaringsbaserte kunnskapen er like relevant for ein større pasientgruppe enn vi har sett tidligare. Helsedirektoratet vil i løpet av 2023 ha ein dialog med dei kliniske miljøa og brukarane og på basis av dette vurdere om det er behov for å justere på tilrådinga vår. Utprøvande behandling bør avgrensast til pasienter som deltek i kliniske studiar.»

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter