Hellas kan få kjønnsnøytral ekteskapslov

Foto: Sandy Millar fra Unsplash
Foto: Sandy Millar fra Unsplash

Forslaget skal etter planen kome til votering midt i februar, melder AP.

I følge Dagen vil forslaget etter alt å døme få fleirtal. Dermed kan Hellas bli det første ortodokse landet som innfører slik lovgiving.

Forkjemparar meiner det har betydning at det er ei sentrum-høgre regjering som går inn for forslaget. Statsminister Kyriakos Mitsotakis har møtt mykje motstand sidan han kunngjorde at han går inn for endringa.

– Det er ikkje noko som er radikalt annleis enn det som gjeld i andre europeiske land, sa han til statskringkastaren ERT i januar. Fleire representantar for partiet er venta å røyste imot.

Dagen skriv at i veljarmassen til regjeringspartia er det fleire som er kritiske enn det er på venstresida. Leiaren i det venstreradikale partiet Syriza, Stefanos Kasselakis, er den første opne homofile partileiaren i Hellas.

Homofile partnarskap vart innført i Hellas i 2015. Den nye lova vil gi likekjønna par rett til å inngå ekteskap, gi fulle foreldrerettar til likekjønna par som allereie har born og opne for at slike par kan adoptere.

Forkjemparar for endringa ser på forslaget som ein start. Dei ønskjer å tillate surrogati og utvide transrettar meir enn lovforslaget legg opp til. Statsministeren avviser at dette er aktuelt.

Hellas er rekna som eit av dei mest sosialkonservative landa i Europa. Somme gresk-ortodokse leiarar har åtvara om at lova kan kome til å føre til oppløysing av det greske samfunnet.

«Born er verken kjæledyr eller tilbehøyr», seier Den heilage synoden i eit rundskriv til bispedøma ifølgje The Guardian.

«Inga sosial modernisering og inga poltisk korrektheit kan trikse bort det naturlege behovet born har for ein far og ei mor», heiter det vidare.

Ei meiningsmåling viser at fleire grekarar er imot (50 prosent) enn for likekjønna ekteskap (48 prosent). Endå fleire er imot å gi likekjønna par fulle foreldrerettar, ifølgje Evangelical Focus.

Det store fleirtalet av befolkninga tilhøyrer Den gresk-ortodokse kyrkja, men også den vesle protestantiske minoriteten protesterer.

Styreleiar Fotis Romeos i Den greske evangelske alliansen ser lova som eit resultat av påverknad frå EU. Han meiner vestlege land pressar Hellas til å innføre ei oppfatning som «definitivt er utanfor vårt etiske system», seier Romeos til den europeiske kristne nettavisa.

– Vi trur at Bibelen definerer ekteskapet som eit fysisk forhold eksklusivt mellom ein mann og ei kvinne, og at born treng begge foreldra for å vekse i eit balansert familieliv.

– Sjølvsagt trur vi og respekterer fridomen menneske har til å velje den livsstilen dei ønskjer, inkludert den seksuelle orienteringa si. Likevel trur vi sterkt at vår Gud vil døme oss alle for vala våre.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter