Friskule som avvik frå ein sekulær normal

Nyleg kunne vi her i avisa Dagen lesa om Øyvind Andre Fosse ved NLA høgskolen som nyleg fullførte doktorgraden sin på temaet kritisk tenking ved kristne skular.

Fosse har tidlegare skrive mastergrad om danningsomgrepet i læreplanar ved kristne skular, og er oppteken av forholdet mellom kristen formidling og rommet for kritisk tenking.

Spenningar

Han har forska på spenningane som kan oppstå der kristen formidling møter den frie tanken. Er det rom for fri meiningsdanning ved kristne skular?

Spørsmålet bør oppta oss, fordi kristne skular ofte blir møtt med skepsis som kan knytte seg til førestillingar om indoktrinering og einsretting. Det kjem fram i Fosse sitt arbeid.

Dette handlar truleg om ein miks av særnorsk idyllisering av «fellesskolen», der alle alternativ vert sett på som undergravande vis-a-vis eitt stort positivt offentleg prosjekt der «alle skal med».

Dobbelt eksamen

Frå tida mi som lektor ved kristen vidaregåande skule, hugsar eg særskilt munnleg eksamen som eit litt dobbelt omgrep. Vi gjennomførte eksamen for elevane våre, med all den spenninga som følgjer med.

Men som representantar for ein kristen skule, kjende vi oss litt eksaminerte sjølve også, gjennom besøket frå eksterne sensorar frå offentleg skule. For fleire var dette deira første møte med friskulen.

Ut frå spørsmåla deira, kunne ein ofte ana at dei såg føre seg at den frie tanken kanskje har litt tronge kår med eit så tydeleg uttalt kristent verdigrunnlag.

Eigenrapportering har kanskje avgrensa argumentasjonskraft på eit slikt område. Det er likevel verdt å merka seg at desse refleksjonane kjem saman med grundige analysar av skulane sine «pedagogiske prosjekt», som er Fosses uttrykk for å for å «beskrive skolers overordnede målsettinger og innsats for å nå sine pedagogiske mål».

Tydeleg trusgrunnlag-meir transparent?

Omgrepet «kritisk tenking» er i seg sjølv verdt eit kritisk blikk. Ifølgje ordboka er det jo ein implikasjon av kritisk tenking at ein er open for å ta feil. Så langt er jo ein trusposisjon som den kristne ikkje i konflikt med kritisk tenking.

Men kristen tru er ofte sterkt knytt til personlege vitnesbyrd og vilje til å underordna seg autoritetar. Dette er to trekk som gjerne uttrykkjer at ein er på kant med kritisk tenking.

Her bør ein likevel vera klar over at når ein kristen skule er open om eige verdigrunnlag, kan det i seg sjølv vera ein styrke for den kritiske tenkinga. At både det personlege vitnesbyrdets posisjon og Bibelen som autoritet er ope anerkjent, kan like godt vera uttrykk for at slike skular er meir transparente i utforming av læreplanar og eige prosjekt.

Den som fremjar påstandar, slik kristne gjer, om at noko er sant, rett og godt, kan gjerne seiast å vera meir vane med å få påstandane dei set fram meir kritisk vurdert, som filosofiprofessor Peter Kreeft er inne på i artikkelen «Critical Thinking for Christians»

Det sjølvsagde og innforståtte ved dei sekulære premissane i offentleg skule, kan i lys av dette i vel så stor grad bli ei sovepute med tanke på fri meiningsdanning og kritisk tenking.

Mangel på forsking

Men som Fosse poengterer: «Det finnes veldig lite forskning på kristne skoler og friskoler generelt». Dette er oppsiktsvekkjande, sett i lys av at han anslår talet på kristne skular i Noreg til så mange som 100.

Det er i seg sjølv forunderleg at initiativ som tilfører skulelandskapet nyansar og mangfald, ofte blir framstilt som eit trugsmål mot kritisk tenking.

Det er berre vanetenking som tilseier at den frie og kritiske tanken har ein usvikeleg garantist i ein massiv offentleg skule. Også eit sekulært samfunn kan driva indoktrinering. Slik ein ser det til dømes på feltet kjønn.

Slik mellom andre tidlegare professor ved UiS, Anne Kalvig, har argumentert godt for i boka si «Kjønnstru», har formidlinga av radikal kjønnsideologi blitt ei form for trusformidling. Paradoksalt nok innført parallelt med at politikarane har skjerpa inn forbodet nettopp mot forkynning i skulen.

Ein indikator

I seg sjølv bør det vekkja den kritiske tanken at konstruktive supplement til offentleg skule, særleg gjennom den uforutseielege politiske behandlinga dei får, vert framstilte som avvik og stadig møter skuldingar om manglande kritisk tenking.

På eit felt med mykje fordommar og mykje synsing, er det ekstra gledeleg at ein som Fosse har lagt ned eit arbeid for å løfta moglege spenningar mellom kristen formidling og kritisk tenking ut av blindsona. Det er eit felt som treng forsking.

Det er likevel verdt å minna om at det i si tid var kristne tenkjarar som gjennom arbeid med sanningsspørsmål, la grunnlaget for eit kritisk kunnskapssamfunn med systematisk vitskap og utvikling av filosofi.

Stemoderleg behandling av friskular frå storsamfunnet og forsøk på sementering av «fellesskolen» er i seg sjølv ein indikator på at den frie tanken heller ikkje plent har dei beste kår når sekulære ideal dominerer.

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto fra Vecteezy

Trump for virkeligheten

Trump-administrasjonen har utstedt to viktige ordrer 20. og 28. januar. De heter: «Forsvar av kvinner fra kjønnsideologi-ekstremisme og tilbakeføring av biologisk sannhet i statlig styring»

Foto: Vecteezy

Dei instrumentelle andre

  Kva blir overskridande figurar i religions- og kulturhistoria brukt til? Religionshistoria er eit oppkome av fantastiske figurar: jomfruer som får barn, guddommar som er

Foto: Vecteezy

Selektiv kritikk

  Korfor er skepsis og religionskritikk så ujamt praktisert? Året som går mot slutten, har vist oss kor viktig det er å ha kritisk sans