Dei instrumentelle andre

 

Kva blir overskridande figurar i religions- og kulturhistoria brukt til?

Religionshistoria er eit oppkome av fantastiske figurar: jomfruer som får barn, guddommar som er halvt mann og halvt kvinne, demondrepande, bloddrikkande gudinner, gudar som føder gjennom panna. Felles for desse er at dei representerer noko overmenneskeleg, symbolske realitetar og mytologiske framstillingar av noko som ein gong, eller ennå, har vore oppfatta som relevant og viktig.

Ein ikkje kan laga direkte korrelasjonar mellom det som skjer i gudeverda og det som skjer i menneskeverda. Når hindugudinner er æra og feira, i ein av få verdsreligionar som dyrkar gudinner, tyder det altså ikkje at hindukvinner generelt lever som dronningar. Og når Loke i norrøn mytologi kunne skapa seg om til ei hoppe og føda Sleipner (den åttebeina hesten til Odin), tydde ikkje det at fødsel var ein mannleg eigenskap hos oss før.

Kontekst mogleggjer meining, men den kan gjerne også diskuterast. Når Zevs «føder» fullvaksne og krigsrusta Atene frå hovudet sitt, kan ein sjå det som at himmelguden ikkje trengte gudinner for å avla barn. Men då tar ein ikkje med at Zevs faktisk har spist mor til Atene, Metis, i fyrste omgang, då ho var gravid med dottera. Me anar at der er kjønnsmaktstrukturar i spel her, og at kva versjon av myten som har vore vektlagt (med eller utan fortært mor) seier noko om kva som har vore viktig å hugsa og feira i framstillinga av mannleg og kvinneleg skaparkraft.

Same, vide tolkingsrom får me når Trymskvida fortel at Tor reiser til Utgard forkledd som ei brur, for å henta tilbake hammaren Mjølner som jotunen Trym har stole. Dette blir gjerne sett på som ei sofistikert parodiering av den hypermaskuline guden som må lata som om han er ei gifteklar Frøya, som var den Trym ville ha. Men diktet fortel at Frøya har nekta å la seg gifta bort for at Tor skal få hammaren tilbake, og at gudane ikkje kan tvinga henne. For kvinner kan jo dette ha vore ein vel så relevant og vektlagt resepsjon av myten, sjølv om forteljinga fekk begge kjønn til å le.

Det er i det heile tatt oftast ikkje kvinners livsverder, refleksjonar og handlingar som blir vektlagt i religions- og kulturhistoria. Kvinner har på tvers av tid og rom blitt oppfatta som «det andre kjønn» i det som er blitt ståande som forteljingar om både oss sjølve og «dei andre». Me ser det til dømes når dei antikke bystatane blir framstilte som sivilisatoriske kraftsenter i filosofisk og demokratisk forstand, men der kvinner var heilt utelukka frå utdanning og medbestemming. Medbestemming hadde heller ikkje gutane som rutinemessig måtte bli vaksne menn sine seksualpartnarar som del av oppveksten i denne kulturkrinsen.

Her blir spørsmål om kulturell omsetjing, overføringsverdi og etisk gyldigheit relevante. Dei fleste vil meina at me ikkje kan direkte overføra fortida til tida me lever i nå eller fella eintydige dommar over fortida med vår nåtidserfaring og -kunnskap. På same måte blir det å framstilla ulike roller og ordningar i visse samfunn som direkte relevante for andre samfunn, fort forteikna, når dei eigne kulturkontekstane ikkje består. Og likevel snakkar me om noko fellesmenneskeleg, me reknar med at det finst verdiar og etikk som må kunna gjelda meir enn det kulturspesifikke og partikulære. Som i FNs menneskerettar, Kvinnekonvensjonen og Barnekonvensjonen.

Nokre folkegrupper og kulturkrinsar blir i dag til dømes nytta for å slå fast at «mange» kjønn er universelt, i polemikk mot dei som hevdar det finst to biologiske kjønn, men eit utal kjønnsroller. Då blir særleg dei indiske hijra’ene og såkalla «two spirit»-personar hos nordamerikanske urfolk trekte fram. Desse rollene omfattar menn i langt større grad enn kvinner, og er ordningar vaksne fram i patriarkalske, hierarkiske samfunn. Hijraene er assosierte med ei gudinne som dei kan ofra kjønnsorgana til, idet «ekte» hijraer er aseksuelle, som ei form for askese.

Religions- og kulturhistorisk kunnskap er viktigare enn nokon gong, i vår kriseramma tid der me treng mange typar inspirasjon til meir berekraftige levemåtar. Men me må vakta oss for å ikkje mista vesentlege samanhengar av syne, slik at me gjer «dei andre» til instrument for eigne interesser og behov. Kulturelt og religiøst mangfald fjernar heller ikkje naturvitskaplege fakta.

 

Anne Kalvig

 

Først publisert i Klassekampen 18. mars 2021

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Vecteezy

Dei instrumentelle andre

  Kva blir overskridande figurar i religions- og kulturhistoria brukt til? Religionshistoria er eit oppkome av fantastiske figurar: jomfruer som får barn, guddommar som er

Foto: Vecteezy

Selektiv kritikk

  Korfor er skepsis og religionskritikk så ujamt praktisert? Året som går mot slutten, har vist oss kor viktig det er å ha kritisk sans

Foto: Anne Kalvig

Menn er kvinner er havfruer

Tru blir fakta og omvendt, og kvinner taper mot ny religion For drygt eitt år sidan skreiv eg i denne spalta om «kjønn som tru».

Når kjønn blir tru

  Transaktivisme med religionsliknande trekk Eg har ofte tatt til orde for at folk skal få lov til å ha og utøva sine magiske og