Columbia: Influencer måtte fjerne video med konservativt budskap om ekteskapet, men landets Høyesterett omgjorde dommen

Foto: Nick Karvounis fra Unsplash
Foto: Nick Karvounis fra Unsplash

Rettssystemet skulle ikkje bedt den kolombianske sosiale medium-stjerna Erika «Kika» Nieto om å fjerne ein You Tube-video der ho delar sitt syn på ekteskap, har den kolombianske høgsteretten avgjort, ifølgje Christian Post.

Det var i ein video frå 2018 at Nieto på spørsmål frå ein sjåar sa at ho hadde eit tradisjonelt syn på ekteskapet.

– Eg trur at Gud skapte oss alle, og at han skapte menn for å vera med kvinner og kvinner for å vera menn, sa ho mellom anna.

Ho sa vidare at ho meinte at homofile relasjonar ikkje var «rett», men at ho har venner som er homofile som ho «elskar av heile hjartet».

Overlukkelege

Det skal ha vore ei klage frå ein aktivist som meinte Nieto sine utsegner var krenkjande og diskriminerande som utløyste at ein lågare rettsinstans skal ha stempla videoen som «hatprat», og derfor gav ordre om at han skulle fjernast.

No har altså høgsteretten i landet slått fast at denne avgjersla var feil.

– Saman med Kika, er me overlukkelege for at retten har oppheva denne sensuravgjersla. Kika stod stødig gjennom denne utfordringa for å kjempe for alle sin rett til å dele trua si, sa Santiago Guevara, som var ein av dei som representerte Nieto i rettssaka.

– Ved å seie ifrå håpar eg å inspirere til meir toleranse for ulike meiningar, skal Nieto ha sagt i forkant av retten si avgjersle.

Vidare skriv Christian Post at Niete har uttrykt at ho ynskte å vera «autentisk» med følgjarane sine utan å bli sensurert eller å frykte for rettslege sanksjonar.

Lov til å dela kristne synspunkt

Den kristne juridiske organisasjonen ADF (Alliance Defending Freedom) International har bidrege Nieto i saka.

I forkant av avgjersla sa dei i ei utsegn at utfallet ville «påverke om me har lov til å dela kristne synspunkt på sosiale medium».

ADF har også bidrege til den finske politikaren Päivi Räsänen, som er sikta for hatefulle ytringar i Finland, etter mellom anna å ha lagt ut bilete av bibelvers som handlar om homofili.

 

Vårt Land

 

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foto: T Hwang fra Unsplash

Finnmark dropper regnbuefarger på skolesekk

Avgjørelsen falt i hovedutvalget for samferdsel i Finnmark fylkeskommune i går, melder Altaposten. Høyre, Fremskrittspartiet og Industri- og næringspartiet fremmet forslaget om at «sekkene skal være

Foto: Camylla Battani fra Unsplash

Venstre vil tillate surrogati i Norge

Venstre la torsdag fram følgende forslag: * Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å tillate samtidig egg- og sæddonasjon for enslige og par. * Stortinget ber