Avisen Vårt Land promoterer eggdonasjon

Rød lys ball
Foto: Zoltan Tasi fra Unsplash

Vårt Land fortsetter arbeidet med å normalisere radikal kjønnsteori. I en reportasje publisert 15. august forteller de historien til Julie Eldøy som vil donere bort egg til kvinner som trenger egg fra andre kvinner for å bli gravide. De kritiske spørsmålene er borte. Den biologiske relasjonen blir karakterisert av Julie Eldøy som genetikk, og med holdningen:

Sjølv er eg ikkje så knytt til genetikk.

Vårt Land stiller aldri spørsmål om barnets behov for genetisk opphav, eller hvilket samfunn vi kan få dersom staten legger en slik oppfatning til grunn for lovgivning.

 

Her er teksten fra Vårt Land:

– Det er ganske kult å tenka på at eg kan hjelpa andre med min kropp.

Julie Eldøy smiler. Ho fortel ho alltid har drive frivillig arbeid, ho er bloddonor og står på liste som beinmargsdonor. No ønsker ho å gje vekk egg til par som slit med å få barn.

– Å gje egg er ein ny måte for meg å hjelpa andre på.

Vårt Land møter den 27 år gamle IT-ingeniøren heime i leilegheita som ho deler med kjærasten og to hundar på Grünerløkka i Oslo.

På skjermen framfor seg har ho eit langt spørreskjema. Det er første steg på vegen til å bli eggdonor. Førebels er det ikkje mange som henne i Noreg.

23 norske kvinner donerte egg

I mai 2020 vedtok eit fleirtal på Stortinget at eggdonasjon skal vera tillate i Norge. Det kan hjelpa par der kvinna ikkje kan bli gravid med eigne egg.

Fleire klinikkar har fått godkjenning til å rekruttera donorar i Noreg og importera egg frå andre land i Norden.

23 donorar i Noreg er alt for lite. Me treng mange fleire donorar, for då kan me hjelpa mange fleire

—  Sigrun Kjøtrød, St. Olavs hospital

Reglane trådde i kraft 1. januar 2021. Helsedirektoratet har no fått dei første rapportane for korleis det første året har gått.

Helsedirektoratet summerer opp dei ferske tala ein e-post til Vårt Land:

  • I 2021 var det 23 kvinner som donerte egg ved norske klinikkar. Ein av desse donerte egg to gonger.
  • Norske klinikkar importerte 28 donoregg frå klinikkar i Norden.

Lege om donorar: – Me treng mange fleire

Talet på norske donorar imponerer ikkje Sigrun Kjøtrød, seksjonsoverlege ved Fertilitetsseksjonen ved St. Olavs hospital i Trondheim.

– 23 donorar i Noreg er alt for lite. Me treng mange fleire donorar, for då kan me hjelpa mange fleire.

Sjukehuset i Trondheim er det einaste offentlege tilbodet til eggdonasjon. Dei har til no skaffa seg 11 donorar.

Mangel på ressursar og donorar gjer at det offentlege sjukehuset må avvisa mange par. Sjukehuset prioriterer i dag berre kvinner under 40 år i for tidleg overgangsalder.

Seksjonsoverlege Sigrun Kjøtrød rosar kvinner som Julie Eldøy.

– Det er heilt supert at ho vil donera egg, og eg trur det er bra at ho står fram. Slikt skapar publisitet og gjer at folk begynner å snakka om å gje egg. Det same har vore viktig for å rekruttera sæddonorar, seier Kjøtrød og legg til:

– Eg vil også ønska henne og andre donorar hjarteleg velkommen til oss i Trondheim. Her hjelper me par utan at det kostar skjorta, seier Sigrun Kjøtrød.

På private klinikkar kan prislappen på behandlingar med assistert befruktning (IVF) passera 100.000 kroner.

Vil hjelpa andre

Når Julie Eldøy får høyra at det i fjor var 23 eggdonorar i Noreg, bryt ho ut:

– Det var få!

Ho trur talet er så lågt fordi det blir snakka lite om behovet som er for egg. I fjor skreiv ho eit innlegg på Facebook der ho søkte kontakt med andre kvinner i Noreg som har donert egg. Ho fann ingen.

– Det er kanskje lettare å donera egg når ein kan snakka med andre som har gjort det same. Eg har aldri møtt nokon av desse 23 kvinnene som har donert egg.

På Instagram følger ho folk som fortel om smerta med å vera ufrivillig barnlaus. Det gjer inntrykk.

– Eg tenker at dei som har så lyst på barn, dei blir dei beste foreldra. Sjølv har eg kanskje lyst på barn, men veit ikkje om det må vera mine eigne biologiske barn.

Importerer egg frå Finland, Island og Sverige

Eggdonasjon skjer ved klinikkar med spesiell godkjenning. Per no har fire private klinikkar slik godkjenning, i tillegg til St. Olavs hospital.

Mangel på donorar gjer at fleire private klinikkar tyr til importerte egg frå Norden.

Klinikken Medicus har ikkje eigne donorar, men baserer seg på samarbeid med ein eggbank i Finland.

Her blir sæd frå far i Noreg sendt til Finland der eit egg blir befrukta. Det befrukta egget blir sendt i retur og sett inn i livmora til norsk mor.

– Samarbeidet gjer at me har god tilgang til donorar. Finland har ein lang tradisjon for eggdonasjon, seier administrerande direktør i Medicus, Magnus Finset Sørdal.

Den private klinikken Livio i Oslo bruker egg frå Sverige og Island i tillegg til eigne donorar. Klinikk Hausken har tidlegare importert donoregg, men satsar no på ein strategi med å rekruttera eigne donorar.

Det offentlege tilbodet, St. Olavs hospital, importerer ikkje egg.

– I motsetning til private klinikkar har ikkje me råd til å kjøpa donoregg frå Norden, seier seksjonsoverlege Sigrun Kjøtrød.

Humørforandringar, hetetokter, hovudverk

Julie Eldøy scrollar vidare på skjermen. Ho kryssar av på spørsmål om eiga helse, arvelege sjukdommar og kor mange centiliter vin ho drikk i veka.

Men skjemaet er berre første steg. Å bli eggdonor krev tid og kan vera ubehageleg.

Før Julie Eldøy kan bli godkjend som donor, må ho til samtale med klinikken og helsepersonell. Så ventar prøvar og ultralyd, før ho må på dagleg hormonbehandling som skal auka talet på egg.

Ifølgje Helse Norge opplever mange noko ubehag av hormonbehandlinga. Vanlege reaksjonar er humørforandringar, hetetokter, hovudverk og oppblåst mage.

Til slutt blir egga henta ut ved eit lite medisinsk inngrep. Som regel kan ein henta ut 10-12 egg.

– Eg har ein fleksibel jobb som IT-konsulent, det gjer det lettare å gå gjennom prosessen med eggdonasjon. Eg ha snakka med kjærasten min, det er ok for han. Det er viktig for meg, seier Julie Eldøy.

Får litt over 5000 kroner

Heile prosessen med eggdonasjon tek som regel 2 til 3 veker. Som kompensasjon får donoren dekka reiseutgifter og rundt 5500 kroner.

– Det hadde nok vore meir økonomisk smart å jobba framfor å donera egg, seier Julie Eldøy.

Nivået på økonomisk kompensasjon for eggdonorar har vore gjenstand for debatt, som Vårt Land tidlegare har omtala.

På eine sida står ønsket om å rekruttera donorar og å kunne gje kvinna ein kompensasjon for tida og ubehaget ho går gjennom. Det kolliderer med frykta for at svakare stilte kvinner vil donera ut av økonomiske motiv.

Kompensasjonen som Noreg enda på, er i den lågare delen av skalaen. Den er nesten halvparten av det kvinner i Danmark, Storbritannia og Sverige får for å donera egg. Den er på nivå med Finland.

– Eg synest det er bra at summen ikkje er høgare. Ein høgare sum kunne gjera at kvinner i ein sårbar økonomisk posisjon donerer egg for penganes skuld, seier Julie Eldøy.

Donorbarn har rett på informasjon

Julie Eldøy har fylt ut det mange sider lange skjemaet. Ho trykker på «send», men på skjermen dukkar det opp ei feilmelding.

– Søren og! Det er ikkje rart folk ikkje vil bli donorar når det er så tungvint.

Fingrane hennar flyt over tastaturet, finn fram til ein annan klinikk som søker eggdonor. Denne klinikken bed berre om namn, alder og nokre setningar om eigen motivasjon. Ho fyller ut og sender av garde.

– Sånn. No er eg spent på om eg blir vald ut.

Blir ho eggdonor, kan ho i 40-åra få ein ungdom bankande på døra, på jakt etter sitt biologiske opphav.

Stortinget har bestemt at barn som er født ved hjelp av eggdonasjon og som har fylt 15 år, skal ha rett til å få informasjon om eggdonorens identitet.

Det tek Julie Eldøy med knusande ro.

– Om nokon banker på, hadde eg ønskt dei hjarteleg velkommen inn. Eg hadde fortalt dei det dei lurer på om deira genetiske opphav. Sjølv er eg ikkje så knytt til genetikk. Eg føler meg nærmare vener som eg har vald enn til fjerne tanter og onklar.

 

Vårt Land

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter