Arenaer i Storbritannia nekter å leie ut til Franklin Graham

Bro, Newcastle UK
Foto: Wes Henshaw fra Unsplash
Åtte byar i Skottland, Wales og England skal etter planen få besøk av den amerikanske evangelisten i måndadsskiftet mai-juni.

No står kampanjen i fare etter at sju av dei har annullert utleigekontrakten. Også den åttande, Utilita Arena i Newcastle, verkar usikker. Byrådsleiar Nick Forbes har lagt press på leiinga der.

– Eg trur ikkje det er nokon plass for han i byen vår, seier Forbes om Graham til Pride Radio, ifølgje Premier Christian News.

Strid om homofili
Det er LHBT-miljøet som har engasjert seg mot Graham-kampanjen med skuldingar om at han er «anti-homo» og fremjar hat. Det avviser Graham.

«Eg kjem for å dele evangeliet, som er dei gode nyheitene om at Gud elskar folket i Storbritannia og at Jesus kom til jorda for å redde oss frå syndene våre», skriv han på Facebook .

Han meiner spørsmålet det kokar ned til, er om homoseksuelle handlingar er synd.

«Svaret er ja», skriv han. Men han understrekar at bodskapen hans ikkje stoppar der.

«Bodskapen min til alle menneske er at dei kan bli tilgjevne og ha eit rett forhold til Gud».

Han inviterer spesielt alle i LHBTQ-miljøet til møta.

Sterkare motstand
Evangelisten har ikkje rokka ved planane om å kome til Storbritannia, men gått ut med oppmoding til støttespelarar om å be for turneen.

«Det må setjast inn mykje bøn og innsats, og hundrevis av kyrkjer rundt i Storbritannia står saman om denne turneen. Dette er åndeleg krig. Fienden ønskjer ikkje at evangeliet skal bli proklamert», skreiv Graham.

Den første kanselleringa kom i Liverpool der også den anglikanske biskopen Paul Bayes gjekk ut mot Graham.

I 2018 var Graham i Blackpool i England og samla fleire tusen menneske til møte. Men også då var det motstand. Somme representantar i Underhuset ville nekte han innreise.

Året før hadde Graham møte i Oslo spektrum. Den gongen oppstod det ikkje diskusjon om utleige, men fleire kristenleiarar og politikarar som først var mellom innbydarane, valde å trekkje seg. Grahams utsegner om islam og relasjonen hans til president Donald Trump var noko av det dei problematiserte.

Dagen

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter