Skeivt kristent nettverk fornøyd med Hegertun

Foto: Imam Muhaimin fra Unsplash

 Eg er kjempeimponert over Hegertun, og at han vågar å stille spørsmål ved synet på sambuarskap og homofilt samliv i frikyrkjelege samanhengar. Eg har sjølv prøvd det, og veit kor vanskeleg det er.

Det seier kontaktperson og prosjektleiar i Skeivt kristent nettverk (SKN), Tor Håkon Eiken til Vårt Land. Han har lese den nye boka til Terje Hegertun, Det trufaste samliv, er imponert over resultatet og sier til avisen:

– Hegertun klarar å halde ein sakleg og sunn tone gjennom heile boka. Han har laga eit godt utgangspunkt for samtale og debatt.

På spørsmål om han synast du Hegertun går langt nok, svarer Eiken:

– Eg trur han er flink å gå så langt som det går an i sin samanheng, sjølv om eg så klart skulle ynskje at han var endå tydelegare på at det ikkje finst noko «oss» og «dei». Han går passeleg langt.

Eiken er tidlegare pastor i den karismatiske kyrkjelyden Levende Ord i Bergen, men høyrer i dag til i Den norske kyrkja (DNK) og sier videre:

– Det er deilig å vera i eit kyrkjesamfunn dei ein ikkje treng å late som ein meiner noko anna enn det ein gjer. Kyrkjelydar skulle berre visst kor stor verdi det har for kyrkja å opne opp for alle. Fram til ein gjer det, vil det alltid vera noko som manglar.

For han var det da den eldste dottera fortalde at ho var lesbisk at han endra standpunkt i samlivsspørsmålet.

– Det er enkelt å vera imot homofilt samliv når du ikkje har det tett på kroppen sjølv, seier Eiken.

Dette er leiar i Åpen folkekirke (ÅF), Gard Sandaker-Nielsen, einig i, og han set i følge Vårt Land pris på Hegertuns bidrag i debatten.

– Eg er utruleg glad for alle som jobbar seriøst med sitt eige syn på Bibelen og samliv, og som reflekterer over korleis ein skal stille seg til skeive og LHBT. Ikkje minst er det viktig når nokon utfordrar og bidreg med nye argument og synspunkt i forholdsvis konservative miljø. Berre slik kjem me vidare slik at homofile og lesbiske i meir karismatiske miljø og frikyrkjer kan vera opne og stolte av den dei er.

Han er skeptisk til Øystein Gjerme, leder for Pinsebevegelsens leiarråd, sitt innspel i debatten, om at dei ynskjer å inkludere homofile, utan å akseptere homofile parforhold.

– Det er sjølsagt bra dei seier at dei ynskjer å inkludere homofile, men eg meiner at det er ein dobbeltkommunikasjon som ikkje fungerar. Spørsmålet blir: opplever homofile sjølve at dei blir inkludert viss parforhold ikkje blir akseptert?

Mange veit ikkje kva dei skal tenke om ekteskap og samliv elles, «men me veit i alle fall at me er imot homofile forhold».

Han håpar prosessen som har vore i DNK kan vera til hjelp for andre kyrkjesamfunn, sjølv om han er oppteken av at alle sjølve må ta diskusjonen, og sier til Vårt Land

– Det er gjort mykje god teologisk jobbing dei siste 40 åra som ein kan bygge vidare på. Ein treng ikkje finne opp krutet på ny, men ein kan supplere og la seg utfordre.

Fyrar seg opp over homofili

Eiken i SKN trur i følge Vårt Land heller ikkje at det er mogeleg for kyrkjer å ha eit konservativt syn på ekteskapet, og framleis legge til rette for skeive på ein god måte.

– At «dei» skal bli tekne imot på ein annan måte enn «oss», kva seier det? Det er me som er kristne. Ikkje oss og dei.

Og sjølv om han er glad for Hegertun si bok, er han mindre imponert over debatten som har kome i etterkant: For medan han sjølv tenker at hovudtemaet i boka er korleis ein kan forstå ekteskap og samliv i dagens samfunn, er det synet på homofilt samliv som har fått spalteplassen.

– Det er alltid det folk skal fyre seg opp på. Det er det same som eg møter i mange kyrkjelydar: Mange veit ikkje kva dei skal tenke om ekteskap og samliv elles, «men me veit i alle fall at me er imot homofile forhold». Sjølvsagt blei det automatisk ein homodebatt ut av denne boka. Det synest eg er fascinerande.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter