Professor Harald Hegstad hardt ut mot klassisk samlivsetikk

Foto: Angela Compagnone fra Unsplash
Foto: Angela Compagnone fra Unsplash

Ein ny artikkel skriven av Harald Hegstad i MF-tidsskriftet Luthersk Kirketidende har skapt debatt om kyrkja og LHBTQ+-personar.

I artikkelen argumenterer Hegstad for at den tradisjonelle vurderinga av homofilt samliv ikkje lar seg etisk grunngje på ein god måte. Han har sjølv endra syn, og roser dei som var tidleg ute. Det skriv avisa Dagen.

– Vi kan ikkje halde reglane for reglane si skuld, seier Hegstad som er professor i systematisk teologi ved MF vitenskapelig høyskole i Oslo, til Dagen.

Lars Dahle er førsteamanuensis i teologi ved NLA Høgskolen Gimlekollen. Han reagerer sterkt på artikkelen til Hegstad, som han meiner manglar god argumentasjon.

– Eg hadde forventa ein meir saksvarande bruk av Skrifta frå ein så anerkjend og dyktig teolog.

Lar seg ikkje påvise

Hegstad meiner det tradisjonelle synet ikkje står seg som truverdig.

Han forklarar at det ikkje er mogleg å påvise at forpliktande likekjønna samliv er «mindre moralsk».

– Eg kjenner homofile som lever i trufaste forhold, og kan ikkje sjå at det er mindre moralsk enn andre trufaste forhold.

Sjølv endra han syn på saka etter det han kallar «møtet med den faktiske verkelegheita».

MF-professoren trur også samlivsspørsmålet er i ferd med å miste posisjon som målestokk for kven som er «konservative» og «liberale».

I artikkelen viser han til fleire «konservative» teologar som har erkjent at den tradisjonelle samlivsetikken «ikkje er mogleg å grunngje bibelsk og kristeleg».

Bibeltolking

Den anerkjende teologen meiner bibelversa som omtalar homofile forhold ikkje beskriv den type forpliktande trufaste forhold vi kjenner i dag.

– Dersom ein meiner skrifta råkar slike forhold, seier ein med det at dei er djupt umoralske. Det er vanskeleg å foreine med ei kristen haldning og vurdering.

Professoren understrekar at han legg vekt på heilskapen i Bibelen, framfor å vere ein «regelryttar».

MF-professor Harald Hegstad: Tid for å erkjenne kirkens urett mot homofile

Skriftstaden han bruker mest i artikkelen er frå Johannesevangeliet kapittel seksten, vers to.

Som handlar han seier handlar om nokre religiøse personar som trur dei gjer ei teneste for Gud, men i realiteten ikkje gjer det.

Kristne som kritiserer likekjønna samliv kan stå i fare for å hamne i denne kategorien, meiner han.

– Vi må vere open for tanken om at ting kanskje ikkje er slik vi trur det er.

Framleis rom for to syn

Hegstad understrekar at han ikkje tar til orde for å stramme inn på nokon av dei to likestilte syna som Den norske kyrkja har på samlivet.

Poenget han vil ha fram er at kyrkja ikkje lenger bør sanksjonere LHBTQ+-personar.

– Dette inneber til dømes at ein alle stader bør slutte å spørje om samlivsform ved tilsetting og ordinasjon, seier han.

Reagerer

Førsteamanuensis i teologi ved NLA Høgskolen på Gimlekollen i Kristiansand, Lars Dahle, motset seg innlegget til Hegstad.

– Det er overraskande å lese at han meiner det klassiske synet «ikkje er mogleg å grunngje bibelsk og kristeleg», seier han, og legg til:

– Slik han formulerer seg er det ikkje lenger noko gyldig bibelsk og kyrkjeleg argument for å fasthalde det klassiske synet.

TEOLOG: Lars Dahle er, i tillegg til å vere førsteamanuensis ved NLA Høgskolen, dagleg leiar for Damaris Norge. Foto: Tore Hjalmar Sævik

Dahle understrekar at det er viktig å halde fast ved at ein i denne diskusjonen både har med menneske og teologi å gjere.

– Det er opplagt at kyrkja historisk sett har gjort urett mot mange grupper, også lesbiske og homofile.

Han meiner samtidig det går an ha eit teologisk konservativt syn på samlivsetikken, utan å nedvurdere dei menneska spørsmålet angår.

– Toleranse er ikkje å først bli einige for så å akseptere kvarandre. Det er å anerkjenne djup usemje samtidig som ein viser respekt på tvers av den.

Trongare kår

Dahle meiner måten Hegstad bruker Bibelen på i artikkelen er djupt problematisk, særleg sidan han er ein så framståande teolog.

– Ein ser her ut til å spele bibelord ut mot kvarandre, seier han og legg til:

– Orda frå Jesus og apostlane som bekreftar det klassiske synet på ekteskapet blir sett ut på sidelinja og nedprioritert.

Førsteamanuensen meiner også artikkelen er ei dramatisk skulding mot dei «konservative».

– Det verkar for meg som Hegstad meiner det ikkje går an å ha eit klassisk teologisk syn på samlivsetikken utan å krenke menneskeverdet til dei som opplever seg sjølv tiltrekt av same kjønn.

– Eg kan ikkje forstå noko anna enn at den som står for eit klassisk syn i Den norske kyrkja no har fått trongare kår, seier han.

 

Dagen

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Medisin

Skottland responderer på Cass-rapporten

Skottlands regjeringsparti Scottish National Party (SNP) suspenderer bruken av pubertetsblokkere i en stor helomvending, etter å ha lest en knusende britisk rapport av barnelegen Hilary