Foto: Cecilie Johnsen fra Unsplash
Foto: Cecilie Johnsen fra Unsplash

Pride-paradokset

Om framsida er artig som eit sirkusnummer, er baksida autoritær som eit Stasi-regime.

Skuggen frå regnbogeflaggets glade og mangfaldige fargeprakt vert stadig skarpare. Eit sjølvgratulerande oppbod av sportskommentatorar, avisfolk og politikarar overgår kvarandre i å ha dei rette meiningane om mangfald, sex og kjønn. Regnbogerørsla har mange gode intensjonar, men fungerer som ei innsnevring for tanke-, ytrings- og trusfridom.

Dømet Åge Hareide

Mens tidlegare tiders samfunn av ulike grunnar nokså ope ekskluderte og marginaliserte ulike grupper fordi desse vart rekna som uakseptable ut frå tidas rådande moral eller smak, meiner mange at vi i dag har kome vidare. Regnbogeideologien vert gjerne framstilt som ein kulminasjon av frigjeringa som har funne stad dei seinare tiåra. Under den enkle parolen «Love is Love» vil ein berre promotera kjærleik og retten til å elska den ein vil.

Ein er faktisk komen dit at denne ideologien ikkje lenger vert rekna som ideologi, men som noko alle oppegåande menneske må støtta om ein skal reknast med.

Det var til dømes nok at Åge Hareide nyleg berre stilte spørsmål ved regnbogeflaggets forkøyrsrett framfor andre politiske markeringar på idrettsarrangement, så fekk han kjenna kor hardt og iskaldt han fell, skuggen frå regnbogeflagget. Om framsida er artig som eit sirkusnummer, er baksida autoritær som eit Stasi-regime.

Det vi har lært den siste månaden er dermed følgjande: Du stiller ikkje spørsmål ved Pride. Vi som elskar fotball-EM, og som sjølve tilhøyrer ulike minoritetar, til dømes lutherske konservative, katolikkar og muslimar, har fått merka at det ikkje er nok at vi som samfunnsborgarar har menneskerettane som ein sjølvsagt, demokratisk ryggmergsrefleks. Inntil nyleg var nemleg det ein fellesarena som vi orienterte ut frå, ein vid grunnmur for å ha eit samfunn der ulike grupper kan leva side om side, sjølv om ein trur og tenkjer ulikt. Det store paradokset ved Pride er at ein, motsett av tidlegare tiders ekskludering og marginalisering, no skyv andre minoritetar ut i eit «moralsk mørke», mens det verkar som ein reknar Pride som plettfritt inkluderande.

Dersom menneskerettane må forståast og fortolkast via Pride-ideologien, vert resultatet innsnevring. Gjennom fotball-EM har det knapt gått ein dag utan at eg, som er kritisk til Pride-ideologien, har fått høyra at ein ikkje kan vera kritisk til Pride, for det er det same som å vera kritisk til menneskerettar. Men, heilt ærleg, dersom menneskerettane er greia, kvifor kan vi ikkje halda oss til dei? Kva vinn vi på å erstatta dei vide, samlande menneskerettane med ein langt smalare ideologi som i tillegg til inkludering står for ei rekkje idear og verdiar som mange andre minoritetar ikkje kan stilla seg bak utan å gå på akkord med eiga tru? Vi som for eksempel trur eit livslangt ekteskap mellom ein mann og ei kvinne er eit verdifullt ideal, har sjølvsagt ikkje noko mål om å utrydda alle andre synspunkt. Vi ønskjer likevel å ha plass til å ha vårt.

Illevarslande påminning

Det er ingen fridom der alle må gå i Pride-tog. At Åge Hareide, slik NRKs sportskommentator føreslo, skal møta opp i ei regnbogefarga tvangstrøye som ei botsøving for å ha våga å stilla spørsmål ved Pride, må jo vera eit uttrykk for det stikk motsette av det ein inkluderande ideologi vil stå for.

Ein kan gjerne le av at kulturminister Abid Raja krev at innbyggar Hareide må orsaka eit heilt legitimt synspunkt, for deretter å oversjå at slike instruksjonar frå ein minister ikkje akkurat er ein gest til ytringsfridomen. Det er likevel ikkje berre absurd, det er til no det mest dystre og illevarslande påminninga om kor lite Pride-samfunnet evnar å ta vare på sine innbyggarars mest grunnleggande rettar.

Om ein minister frå Venstre ikkje evnar å sjå det formidable Pride-paradokset han gjer seg til talsmann for, er det truleg stadig meir åndenød for åndsfridomen i vente.

 

Sofie Braut

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Rosanna Gaddoni fra Unsplash

Vi normaliserer den falne natur

Det pågår nå en debatt om hvorvidt såkalte «ikke-binære» personer bør kunne ordineres til prester i Den norske kirke. Det har vært flere interessante bidrag

Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash

Fråvær av logikk om kjønn

Jørn Kløvfjell Mjelva, doktorgradsstudent i filosofi, drøftar i VL 3. januar om det finst inndelingar av verda som er sannare og rettare enn andre, og