Mike Johnson ny speaker i Representantenes hus i USA

Washington, USA
Foto: Jorge Alcala fra Unsplash

Med handa på Bibelen vart Mike Johnson innsett som speaker i Representanthuset på onsdag. Det skjedde etter fleire veker med kaos rundt kven som skulle ha det prestisjetunge embetet. Han ble med det USA tredje mektigste i USA.

– Eg trur at Skrifta, Bibelen er veldig klar: Gud er den som reiser opp dei som får leiarposisjonar, sa Johnson i den første talen sin etter at han vart vald.

Johnson er evangelikal kristen og hadde fleire religiøse referansar i talen sin. Han viste til at mottoet «In God we trust» og ei framstilling av Moses er mellom det som utsmykkar kammeret der politikarane møtest. Og han minna om at sjølvstendefråsegna frå 1776 viser til Skaparen.

Dei som er kritiske til Johnson, har vist til utsegner han har kome med om homofili og om religiøse og moralske dygder som ein føresetnad for at USA skal vere eit fritt og sunt land.

Fleire konservative kristne leiarar er på si side godt nøgde med den nye speakeren, som berre står etter presidenten og visepresidenten i rang.

– Eg trur Gud har svart på bøna vår med dette valet, uttalar Tony Perkins i Family Research Council ifølgje Christian Post.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter