Foto: Sharon McCutcheon fra Unsplash
Foto: Sharon McCutcheon fra Unsplash

Kyrkja sine folk sluttar å forhalda seg til skrift og vedkjenning, og gjer Gud til ein lakei for private føremål

Sjå føre deg følgjande: Ein lektor i historie, som også er Høgre-medlem, uttalar seg om ulike spørsmål av personleg og fagleg art i eit nokså uformelt intervju. Ho er særs oppteken av kvinneperspektiv i norsk politikk, og eit par stader i intervjuet nemner ho «høgrekvinna» Gro Harlem Brundtland. Samtalen går innom andre tema, men då lektoren til slutt blir utfordra på den viktigaste profilen i nyare norsk historie, er det igjen «høgrebautaen Brundtland» som av lektoren får æra for framifrå leiarskap og for å ha styrka partiet Høgre som ingen annan verken før eller seinare.

Ingen debatt

Absurd? Naturlegvis. Ein slik lapskaus av feil og forvirring ville medført djup fagleg mistillit. Ho ville sjølvsagt blitt imøtegått og korrigert. Det er ikkje noko vondt eller personleg, men ein heilt sunn og naturleg impuls frå det fagmiljøet ho er ein del av.

Ein slik impuls ser ikkje lenger ut til å vera særleg aktiv innan fagfeltet teologi.

Eitt nyleg døme: Gjennom heile påska hadde Vårt Land eit omfattande intervju svært synleg plassert på nettsida, med sjømannsprest Hanne Marie Iaursulëiel Pedersen-Eriksen. I intervjuet fremja presten fleire mildt sagt oppsiktsvekkande påstandar knytt til eige fagfelt.

Hennar viktigaste poeng? «Gud er skeiv». Ho ville dessutan «utfordra litt på» at Jesus døydde for syndene våre, og stiller spørsmål ved omgrepet arvesynd som ho meiner ikkje gir meining i lys av at vi er skapte av ein god Gud. Etter det eg har sett har ingenting av dette vekt nokon form for debatt eller reaksjon frå teologisk hald, og det er minst like interessant at dette også er heilt i tråd med forventingane.

Vidsyn og aksept?

Det er lett å gå ut frå at «ingen» bryr seg om sjømannsprestens påstandar og synspunkt fordi ein vil senda eit signal om vidsyn og aksept. Den som kjenner kyrkjedebatten veit at «alle» er trøytte av «slike» diskusjonar. Mange fagfolk har opparbeidd seg ei forbløffande evne til berre å trekka på akslene, eventuelt gjera som folkehopen i H.C. Andersens eventyr, og klappa for keisarens nye klede. For det må jo vera ei fagleg fallitterklæring dersom det ikkje betyr noko kva ein fagperson seier om det heilt grunnleggande i trua?

Mens kyrkja held nøye fast på ytre prestelege markørar slik som ordinasjon, liturgiske klede og plass i hierarkiet, ser det ut for at det ikkje er like nøye med formidlinga. Det må vel, også for teologien, finnast eit punkt der takhøgd tangerer tankeløyse?

Dersom det er god teologi å snevra den allmektige Gud inn med avgrensande og merkelappar som gjer Gud til ein representant for prestens personlege sak, er det rart. Dersom det er dårleg teologi er det rart ingen seier noko.

Ikkje kristendom å seie at Gud er skeiv

Bibelens Gud treng ikkje noko forsvar mot alle slags påstandar som folk set fram. Reint menneskeleg, derimot, er det bra om ideane våre har forankring i felles forståing, elles bankar meiningsløysa snart på. Frå ein fagperson er utsegna «Gud er skeiv» både uklar og lite etterretteleg. Kva er meininga med eit slikt utsegn, anna enn å ta Gud til inntekt for eit bestemt identitetspolitisk og personleg perspektiv? Dersom ein prest påstår at «Gud er norsk», er også det innafor?

Teologien som fagfelt ser så til dei grader ut til å ha hamna i identitetspolitikkens og subjektivitetens famntak at sjølv den forfriskande og livgivande evna til å stilla enkle motspørsmål har luska på dør. «Gud er skeiv» er ein karakteristikk som ikkje har noko bibelsk belegg, det døme på identitetspolitisk nytale som ikkje berre er problematisk fordi det bryt med Bibelen, men også i kyrkjeleg forstand, fordi det ikkje bygger fellesskap, men skaper avstand.
Den einaste måten å forstå ei slik utsegn er nemleg om ein er i Pedersen-Eriksens nære krins. Eg er overtydd om at for visse innvigde, vil denne påstanden både verka positiv og inkluderande. Problemet er berre at det ikkje er kristendom. Når Bibelen ikkje lenger er referansepunkt, og vedkjenninga vert vekke, står vi att med gruppetenking knytt til prestars eigeninteresser.

 

Privatisering av tru

Privatisering av tru er ein tydeleg og dokumentert tendens i samfunnet vårt som gjerne handlar om at truande ikkje føler det er rom for å uttrykka tru offentleg. Ein annan type privatisering av tru skjer når kyrkja sine eigne folk sluttar å forhalda seg til skrift og vedkjenning, og gjer Gud til ein lakei for (identitets-)politikk eller andre private føremål.

Denne tendensen til å villa ha Gud på si side, fanga Bob Dylan meisterleg opp i den klassiske låta «With God on our side» alt i 1963. At ei mangeårig utdanning ved ein vitskapleg høgskole kan munna ut i ei slik framstilling av Gud som prestens sendebod er sjølvsagt underleg.

Mangelen på kollegiale korrektiv vitnar truleg om ei djupare fagleg forvirring.

 

Sofie Braut

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Rosanna Gaddoni fra Unsplash

Vi normaliserer den falne natur

Det pågår nå en debatt om hvorvidt såkalte «ikke-binære» personer bør kunne ordineres til prester i Den norske kirke. Det har vært flere interessante bidrag

Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash

Fråvær av logikk om kjønn

Jørn Kløvfjell Mjelva, doktorgradsstudent i filosofi, drøftar i VL 3. januar om det finst inndelingar av verda som er sannare og rettare enn andre, og