Kristen tro

Kristen tro og politisk tenkning

Denne boka handlar om forholdet mellom kristen tru og politiske tenking, særleg med tanke på forhold som trugar demokratiet i vår tid. Det er eit aktuelt og nødvendig tema. I vår samfunnssituasjon med sin postmodernisme er det dessutan eit kontroversielt og utfordrande tema. Åndssituasjonen er slik at det er nesten umogleg å nå fram i den kulturelle og politiske debatten med normbasert argumentasjon. Argumenta og fornufta glid unna for kjenslene og erfaringane.

Kjell Skartveit, som er statsvitar, skal ha takk for at han går inn i denne problematikken. Han har via andre bøker og mange debattartiklar gått inn i same utfordringa frå andre innfallsvinklar, særleg med tanke på samlivsspørsmål, kjønnsteori og statens mandat. Skartveit er bibelorientert, samstundes som han er tydeleg kristent-konservativt plassert politisk.

Det er svært mykje bra, aktuelt, avslørande og utfordrande i denne boka. Boka består av mange korte artiklar som heng saman og dannar eit heile. Ikkje alle artiklane har like stor relevans for hovudproblemstillinga, og etter mitt skjønn kunne boka vore ein del sider kortare, som så mange andre bøker, slik at fleire hadde teke i kast med boka og problemstillinga. Kvar artikkel startar med eit bibelsitat. Det er ikkje alltid like lett så sjå den store relevansen for drøftinga i kapitlet, men det er i det minste eit forsøk på å gje eit bibelsk perspektiv på og legga eit bibelsk fundament for problemstillingane og argumentasjonen.

Tematikken i boka er stor, sjølv om mykje vert kortfatta behandla. Skartveit gir historiske perspektiv, fører prinsipiell og bibelsk argumentasjon og aktualiserer inn i tida. Eg fylgjer han i det mest, og synest særleg det som går på kjønnstenking, islam og samfunnstenking er bra og utfordrande. Det er nokre gonger den kristen-konservative politiske posisjonen skin tydeleg gjennom, og der eg synest framstillinga nokre gonger vert for einsidig og kan opplevast norsk-egoistisk.

Sidan boka inneheld så mykje bra og utfordrar så sterkt til kristen tenking, utfordrar eg Skartveit tilbake på eit par punkt. Skartveit skriv sterkt og godt om omgrepet «fridom» og kva det politisk skal og bør innebera. Det eg i denne samanhengen saknar, er ei sterkare drøfting av kva dette inneber i møte med nesten og denne sine behov, altså perspektivet nestekjærleik. Vi kan lett hamna i ei form for fridom-egoisme, sjølv om Skartveit på ingen måte vil det.

Tilsvarande gjeld forvaltinga av nasjonale ressursar, der det vert ei form for nasjonal-egoisme. Ressursar som olje frå havet og kraft frå fossar, kan ikkje fordelast, hevdar Skartveit. Det er sjølvsagt rett med tanken på plasseringa av desse, men openbert feil med tanke på bruken. Ved røyrar og kablar kan det fordelast, og pengane som kjem inn på statens konto, kan delast med andre. Ein del av tenkinga her synest eg er problematisk med tanke på at nordmenn lever på toppen av den materielle kransekaka, medan andre knapt har fått del i smulane frå kaka. Kritikken av bistand vert også problematisk, ved at ein ikkje viser ein veg til hjelp for dei som lever i akutt nød. Dei treng hjelp no, og ikkje om ein generasjon når ein eventuelt har fått gjort noko med kulturen i landet.

Som sagt, her er mykje å la seg opplysa av og utfordra på, samstundes som det også er nokre moment som bør utfordra ved at framstillinga er for einsidig. Dette er ei viktig bok med tanke på kristen tenking inn i samfunnet og politikken, og eg vonar mange gjev seg i kast med problemstillingane. Boka er rimeleg lettlesa, trass i at nokre tema er heller kompliserte.

Johannes Kleppa

Kjell Skartveit

Kristen tro og politisk tenkning

Om hva som truer demokratiet i vår tid

Document forlag 2022

Hft. 247 sider

(Tidligere publisert i Dagen)

Se også anmeldelsen skrevet av Jarl-Roar Simonsen om samme bok:

Kristen tro og politisk tenkning: om hva som truer demokratiet i vår tid (fbb.nu)

Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre bøker
Bøker

HOMOEROTICISM

Vi er svært glade for å kunne tilby leserne anledning til å laste ned boka Homoeroticism av Chrys C. Caragounis. Chrys C. Caragounis gir leseren

Bokomslag - Menneskeverd i klinikk og politikk

Menneskeverd i klinikk og politikk

Bioteknologiloven er under et stadig press, og forslag som for få år siden ikke engang ble vurdert, diskuteres i dag med den største selvfølgelighet. En

God and the transgender debate

Hva innebærer transproblematikk og kjønnsdysfori? Hva sier Bibelen, og hvordan skal vi som kristne forholde oss til denne debatten, men kanskje like viktig: Hvordan skal

Samlivsrevolusjonen av Kjell Skartveit

Samlivsrevolusjonen

Her følger Jon Kvalbeins anmeldelse av boka Samlivsrevolusjonen publisert i Dagen 4. januar 2018: La det straks være sagt: Dette er en meget viktig bok

Bokomslag: When Harry Became Sally

When Harry became Sally

Amerikanske Ryan T. Anderson er aktuell med boka When Harry Became Sally. Boka er et svar på transbevegelsens påstander og krav. Den gir en god

Andre bøker
Madness

The madness of the crowds

Et saklig oppgjør med sex-revolusjonen Dagen anmelder ikke vanligvis engelske bøker. Men den kampen om familieformer og seksualliv som nå foregår i Norge, er en

Bokomslag - Menneskeverd i klinikk og politikk

Menneskeverd i klinikk og politikk

Bioteknologiloven er under et stadig press, og forslag som for få år siden ikke engang ble vurdert, diskuteres i dag med den største selvfølgelighet. En

Foto: Bokomslag - Our bodies tell God's story

Our Bodies Tell God’s story

Kroppens teologi er ikke teologi om kroppen, men teologi av kroppen. Det handler ikke om hva Gud forteller oss om kroppen, men om hva kroppen forteller oss om

Bøker

HOMOEROTICISM

Vi er svært glade for å kunne tilby leserne anledning til å laste ned boka Homoeroticism av Chrys C. Caragounis. Chrys C. Caragounis gir leseren