Genids innspill til høringen om forbud mot konverteringsterapi

Nyheter
Foto: Branden Harvey fra Unsplash
I det nye lovforslaget kjem det fram at det skal bli straffbart med behandlingsliknande handlingar som har til formål å endre barn sin oppleving av eigen kjønnsidentitet.
Forbudet skal vere absolutt overfor barn under 16 år, men i høyringsnotatet føreligg det ikkje noko kunnskap om denne aldersgruppa. Det er vist til ei mindre kartlegging frå Bufdir, men denne er ikkje retta mot barn. Heller ikkje den vitskaplege kunnskap som det er referert til i notatet, omfattar denne populasjonen. Å utforme eit lovforbud basert på noko som ikkje er tilstrekkeleg utgreidd, er etter vårt syn ikkje berre kritikkverdig, det er også fagleg uforsvarleg.
Når det gjeld kjønnsidentitetsproblematikken, så står vi overfor eit heilt nytt fenomen der vi iløpet av få år har fått ein eksplosjonsarta auke av barn og unge som ikkje føler seg komfortable i sitt biologiske kjønn. Mange av desse har psykiatrisk tilleggsproblematikk så dette er ei ekstra sårbar gruppe.
Pga tidsfaktoren manglar vi idag forskingsbasert kunnskap om denne nye populasjonen. Imidlertid veit vi at fleirtalet av dei som får gjennomleve puberteten og ikkje vert sett på pubertetsblokkerar, finn seg til rette i sitt fødselskjønn.
Alle desse faktorane tilsei at lovverket må gi rom og rammer for ei varsam behandlingstilnærming slik at vi unngår tragisk feilbehandling med irreversible konsekvensar.
Lovforslaget som ein no vil innføre, er så upresist definert at det kan resultere i at kjønnsbekreftande behandling med hormonar og kirurgi, vert det einaste lovlege terapitilbudet.
Utfrå det vi her har påpeika, ber vi myndigheitene om å revurdere heile lovforslaget – i det minste sette forslaget på pause til vi har fått meir kunnskap om aldersgruppa som forbudet skal gjelde.
For GENID Norge,
Marit Johanne Bruset
Spesialist i klinisk psykologi
Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter