Frelsesarmeen ikke velkommen til julegrantenning i Tromsø

Salvation Army
Foto: Tim Mossholder fra Unsplash

Kvart år har Frelsesarmeen i Tromsø halde appell under den tradisjonelle julegrantenninga i byen.

Det blir det no slutt på skriver avisen Dagen.

– Vi ønsker ikkje å fremme ein organisasjon på scenen som ikkje inkluderer alle seksuelle legningar, seier leiarane av arrangementet til Nordlys, som omtalte saka først.

Leiar i Frelsesarmeen i Tromsø, Ida Amelie Mayes, stiller seg uforståande til skuldingane.

– Frelsesarmeen ekskluderer ingen av dei som kjem til oss, seier ho til avisa.

Får støtte

Fleire i Tromsø Domkirke reagerer på avgjersla.

– Vi blei overraska og lei oss, og vil uttrykkje vår støtte, seier domprosten, Stig Lægdene, soknepresten, May Line Angell og leiaren for Åpen og inkluderende domkirke, Gry Dørnberg Olsen.

Dei meiner Frelsesarmeen ikkje er ekskluderande, og rosar det viktige arbeidet deira.

– Frelsesarmeen jobbar svært inkluderande i alt de gjer, og stiller ikkje spørsmål til oss om vår bakgrunn og kven vi er når vi trenger hjelp.

– De står med stor verdigheit og respekt i arbeidet for de svake i Tromsø, seier dei til Dagen.

Får ikkje komme på scena

Det er Julebyen Tromsø som arrangerer den årlege tradisjonen, som er eit samarbeid mellom Visit Tromsø, Tromsø Sentrum og Næringsforeningen i Tromsøregionen.

Dei meiner det heile er ei misforståing.

– Vi er veldig lei for at ting blei misforstått. Eg vil gjerne presisera at vi har veldig lyst til å ha med Frelsesarmeen på julegrantenninga.

– Dei må gjerne komme med julegryte, kakao og bollar. Det einaste vi har gitt beskjed om, er at vi ikkje vil ha appell på scenen, seier dei til Nordlys.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foto: Rubaitul Azad fra Unsplash

El Salvador forbyr kjønnsideologi i skoleverket

President Nayib Bukele forbyr alt utdanningsmateriell som inneholder såkalt kjønnsideologi fra offentlige skoler og universiteter i El Salvador. Det skriver Document.no. FDocument.no skriver at forbudet