Flere sentrale aktører vil melde seg ut av Metodistkirken

Kirkebygg
Foto Akira Hojo fra Unsplash

Samlivsdebatten har lenge skapt strid i Metodistkyrkja både internasjonalt og her til lands.

Det store spørsmålet er om ein skal kunne vie likekjønna par og ordinere prestar som lever i likekjønna forhold. Det skriv avisa Dagen. Dagens skriv vidare:

I 2020 skulle det øvste nivået i det internasjonale trussamfunnet samle seg. Då forventa ein at dei skulle dele seg opp på bakgrunn av disputten.

Det enda likevel med å bli utsett til 2024 på grunn av koronapandemien.

Men ikkje alle vil vente så lenge. No melder antakelegvis fleire sentrale aktørar seg ut.

Blir biskop i ny kyrkje

Den internasjonale Metodistkyrkja er samla under organisasjonen United Metodist Church (UMC). Dei har røter tilbake til grunnleggaren, John Wesley, som levde på 1700-talet.

Trussamfunnet har over 80 millionar medlem. 11.000 av dei bur her til lands.

På bakgrunn av den pågåande disputten, braut ei konservativ gruppe i mai 2022 ut frå moderorganisasjonen. Dei danna den alternative organisasjonen Global Methodist Church (GMC).

Då biskopen for Metodistkyrkja i Texas, Scott Jameson Jones, nyleg gjekk av med pensjon etter 18 år i teneste, tok det berre dagar før han blei utnemnd som biskop i det nye trussamfunnet.

Det melder Christianity Today.

– Det er spennande å vere i eit fellesskap av menneske som er fokusert på å tilbe lidenskapeleg, å elske ekstravagant og å vitne frimodig, skal biskopen ha sagt ifølge avisa.

Han skal også ha ønska sitt gamle trussamfunn lykke til vidare.

Viktig familie

Jones tilhøyrer det avisa beskriv som ein av dei viktigaste familiane i Metodistkyrkja. Fleire slektningar har sentrale posisjonar. Sjølv har han vore biskop i Texas, eit bispedømme med nesten 600 kyrkjer.

Jones har lenge profilert seg som konservativ, men har samtidig tatt til ordet for å halde organisasjonen samla.

Under dei siste fire åra av Jones’ bispegjerning, har bispedømmet han var hyrde for likevel gått gjennom store omveltingar. Rundt halvparten av dei nesten 600 kyrkjene han hadde tilsyn med har forlate moderorganisasjonen sidan 2019.

Fleire land vil ut

No er også fleire nasjonale kyrkjer på veg ut av United Methodist Church.

Den 18. mars er det kalla inn til ein ekstraordinær sentralkonferanse for 15 land (sjå faktaboks). Nyleg skreiv Dagen om at trussamfunnet på det aktuelle møtet vil opne for at lokale kyrkjer i Skandinavia og Baltikum kan melde seg ut.

På same konferanse ligg det også an til at metodistkyrkja i Russland, Estland og Belarus tar sitt første steg mot å bli sjølvstendige trussamfunn.

Dersom det blir godkjent, startar ein lengre prosess som får sin endestasjon på neste Sentralkonferanse i 2025.

Årskonferansen

Årskonferansen er det øvste, nasjonale organet i United Methodist Church. Den samlar delegatar frå heile landet som kan fatte vedtak som ligg innafor deira mynde.

Sentralkonferansen

Sentralkonferansen er eit fleirnasjonalt styringsorgan med mynde til å fatte viktige avgjersler.

Den norske delen av metodistkyrkja har felles sentralkonferanse med Danmark, Finland, Estland, Latvia, Litauen, Sverige, Moldova, Ukraina, Belarus, Kasakhstan, Russland, Usbekistan, Tadsjikistan og Kirgisistan.

Generalkonferansen

Generalkonferansen er det øvste nivået i metodistkyrkja, som internasjonalt er samla under organisasjonen United Methodist Church. Den samlar representantar frå metodistkyrkjer i heile verda kvart fjerde år.

Kjelde: Store norske leksikon

 

Martin Vestøl er leiar for hovudstyret til Metodistkyrkja i Noreg. Han synest det er trist at tre nasjonar vil forlate trussamfunnet.

– Det får konsekvensar for det internasjonale samarbeidet, men eg håpar likevel vi vil ha eit godt forhold vidare, seier han.

Han forklarar bakgrunnen for kvifor desse landa ønsker å gå ut.

Dei har alltid vore konservative. I tillegg har fleire av dei utfordringar i sine respektive land. Det er lovar som kan skape problem for dei dersom ein innfører ein liturgi for vigsel av likekjønna par som også omfattar dei.

Han seier samtidig at det er ein spesiell situasjon i Europa.

– Det er jo klart at når Russland forlèt, så forsterkar det eit aukande skilje mellom Russland og Vesten etter krigsutbrotet i Ukraina, seier han.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter