Foto: Margaux Bellott fra Unsplash
Foto: Margaux Bellott fra Unsplash

Eg er sterkt imot og skremt av Pride-ideologien som FRI forfektar

Eg ønskar å kommentere denne debatten fordi eg har erfaringar frå ein liknande situasjon då første Pride vart arr. i Ålesund i 2018. Sjøl opplevde eg å stå i eit dilemma; eg støttar dei homofile sin rettigheitskamp, men eg er sterkt imot og skremt av Prideideologien som FRI forfektar. For meg vog det siste tyngst. Eg valte å skrive ein kronikk i Sunnmørsposten og grunnga mitt val om ikkje å delta utfrå ueinigheit i dei verdiar som FRI forfektar. Kronikken vakte debatt; noko som også var føremålet mitt.

FRI står som arrangør og medarrangør for dei fleste Prider her i landet.

Eg trur at mange som har deltatt i paradane, ikkje har sett seg inn i kva FRI faktisk står for, og har deltatt utan å tenke igjennom at FRI tar den stor oppsluttinga som har vore landet over, til inntekt for sin ideologi og sine verdiar. Som det heiter i FRI sitt reglement; «deltakelse i paraden må ikke være i strid med disse verdier». Endestad (tidlegare leiar i FRI) har i media kome med utalelser om at Pride fungerar som ei plattform for dei kampane som gjenstår å kjempe.

FRI med sine omlag 3000 medlemmar har røter i homokampen som starta som ein borgerrettigheitskamp på 1960-talet. Frå å vere ei viktig stemme for homofile sine rettar, har foreininga idag ein mykje breiare agenda. Kampen har blitt til eit venstreradikalt identitetspolitisk prosjekt som framleis lener seg moralsk på historia som ein liberal fridomskamp.

Fleire stiller idag spørsmål om dette prosjektet er så moralsk udiskutabelt som det ein gong var. I Norge og i fleire land protesterar lesbiske, homofile og bifile mot at transbevegelsen har fått for stor dominans, og dei dannar sine eigne organisasjonar. LLH 2019 vart soleis danna her til lands ifjor.

Eg har utfrå min bakgrunn som psykolog og barnefagleg sakkyndig i fleire tiår vore opptatt av barn sine rettar og meinar det er viktig å sjå nærare på kva prideideologien faktisk handlar om. Både i høve barnet sine rettar og deira behov, men også fordi ideologien rokker ved våre grunnleggande verdier når det gjeld familie, foreldreskap, slekt og kontinuiteten mellom generasjonane.

FRI forfektar ein radikal kjønnsideologi der alle typer kjønn, kjønnsuttrykk, kjønnsidentitetar og seksuelle orienteringar er likestilte «normalvariantar». Det same gjeld for all seksualitet, alle seksuelle handlingar mellom samtykkande og likestilte vaksne og alle typer samliv. Når det gjeld sistnemde, så er den vedtatte politikken at verken talet på personar eller kjønn skal avgjere kva slags verdi og juridiske status samlivsforma skal ha. Dette inneber m.a. lovfesting av retten til polygami.

Etter mitt syn harmonerar desse verdiane dårleg med kva Norge har forplikta seg på når det gjeld barn sine rettar.

Norge har ratifisert FN sin barnekonvensjon. Ifl. artikkel 7.1 skal barnet, så langt det er mogleg, kjenne sine foreldre og få omsorg frå dei.

Den monogame familien der biologiske foreldre oppdreg sine felles barn i eit samarbeid og i ein dialog er historisk vurdert som ein kjerneverdi i samfunnet vårt. Gjennom det tokjønna foreldreparet vert familieband etablerte og slektskap danna.

Slekt bind generasjonar ihop og barnet blir eindel av ein større samanheng og med røter i eit større fellesskap.

FRI kjempar for å utvide familieomgrepet; noko som inneber dekonstruksjon av familien og endring av innhaldet i foreldreskap og avskaffing av forholdet mellom mann og kvinne som det naturgitte grunnlaget for familien. Dette har radikale konsekvensar også for slekt og slektstilhørigheit, og når det gjeld forholdet mellom generasjonane.

Innan reprodusjonsfeltet reiser FRI kravet om surrogati. Og i fleire politiske parti er lobbyarbeidet allereie igang for å fremme dette som forslag ved neste evaluering av Bioteknologilova.

Går dette kravet igjennom,så har vi enda i ein situasjon der barn fullstendig er gjort til ein rettigheit for vaksne.

Dei som deltar i Prider rundt i landet, bør stille seg sjøl spørsmålet om vaksne sine ønsker og behov skal trumfe barn sine rettar.

Etter min vurdering vil konsekvensane av å gi FRI sin ideologi gjennomslag, bli alvorlige. Og den store taparen er barn og unge.

I kva grad vi ivaretar barna sine rettigheiter, er ein kvalitetsindikator for oss som samfunn.Vi må ikkje miste av syne at dette faktisk handlar om den aller svakaste parten; barna.

I ei tid der stadig fleire unge slit med psykiske vanskar, er det god grunn til å rette søkelyset mot vaksensamfunnet og den aukande tendensen til oppløysing, fragmentering og rotløyse.

Marit Johanne Bruset
Spesialist i klinisk psykologi

Først på trykk i Fosna-Folket.

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Rosanna Gaddoni fra Unsplash

Vi normaliserer den falne natur

Det pågår nå en debatt om hvorvidt såkalte «ikke-binære» personer bør kunne ordineres til prester i Den norske kirke. Det har vært flere interessante bidrag

Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash

Fråvær av logikk om kjønn

Jørn Kløvfjell Mjelva, doktorgradsstudent i filosofi, drøftar i VL 3. januar om det finst inndelingar av verda som er sannare og rettare enn andre, og