Foto: Sunguk Kim fra Unsplash
Foto: Sunguk Kim fra Unsplash

Dyrekjøpt husfred

Tidlegare biskop i Tunsberg, Per Arne Dahl, ga nyleg detaljane rundt si nye forståing av ekteskapet. Han har, som mange andre, kome fram til at den kristne forståinga av ekteskapet som ei pakt mellom ein mann og ei kvinne ikkje lenger har noko krav på eksklusivitet. Andre samlivsformer kan ha same stilling, hevdar Dahl – også ut frå ei kristen forståing.

Den tidlegare biskopen undrar seg over at snuoperasjonen, som kom fram i ei bokutgjeving alt i fjor, ikkje har vekt meir merksemd, men han vel å tolka dette positivt: «folk blir ikke så redde lenger», resonnerer han i Vårt Land-intervjuet i sist veke.

Korleis skal ein som ser annleis på dette, svara? Den indirekte framstillinga av dei som held fast på eit tradisjonelt syn, som redde, prega av fordommar og ute av stand til å komma seg vidare, verkar velkjent. Dahl har nytta sin gamle ven Stein Mehrens vakre diktlinje om «overskridelsens gåte» som verktøy «for å overkomme egen frykt eller fordomsfullhet» i denne prosessen. Mehrens djuptloddande dikting ligg ikkje så godt i handa når ho blir redusert til eit verktøy. A poem should not mean, but be. Det strekk ikkje til for spørsmål som dette.

Teologi, derimot, er gjerne poetisk men legg også praktiske føringar for livet. Når forholdet mellom mann og kvinne, ein berande konstruksjon gjennom heile Bibelen, vert redusert og relativisert, påverkar det heile teologien. Når ein er komen til at skaparen si grunnordning er ekskluderande og noko som må oppgraderast for å møta dagens krav, røper det at ein har blitt nokså ukomfortabel med mange sider ved Bibellesinga. Det svært menneskelege persongalleriet i Bibelen lever sjeldan plettfritt i tråd med idealet. Tanken om at det dermed er idealet som skal ut, synest likevel heilt framand.

Idealet det er verdt å risikera mykje for

Det er kanskje noko underleg at Per Arne Dahl har brukt så mange år av livet på ein teologi og eit bibel- og ekteskapssyn som no viser seg at djupast sett har dreidd seg om frykt og fordomar. Det er likevel ikkje slik at alle som held tak i ei Bibelsk forståing av ekteskapet, gjer det av same årsak. Mange gler seg over og takkar for Bibelens bilete av den særlege relasjonen mellom mann og kvinne – vel vitande om at samfunnet ikring har etablert andre samlivsformer og funne seg andre ideal. For mange er idealet så verdifullt at det er verdt å risikera mykje for.

Ein av nytestamentets ruvande skikkelsar, døyparen Johannes, vart brutalt fengsla nettopp fordi han utfordra samfunnsleiarane på samlivet deira. Vi kan undra oss over at han blanda seg inn i deira privatliv. Burde han ikkje berre ha konsentrert seg om å spreia evangeliet om Jesus?

Dahl, og mange med han, argumenterer nettopp slik, med at spørsmål knytt til ekteskap og samliv er meir perifere, teologisk sett. Dahl hevdar at det å legga slike spørsmål vekk, vil bidra til ei «kraftsamling» i kyrkja. Det er naturlegvis tankevekkande for den som framleis elskar den særmerkte pakta mellom ein mann og ei kvinne som eit gudgitt ideal, ei livgivande linje som skriv seg heilt tilbake til skapingsforteljinga. Ekteskapet rommar langt meir enn berre å vera ein blant mange ulike måtar vi vel å leva livet vårt på. Kan det verkeleg vera slik at det å forsvara eitt av Bibelens mest potente motiv og menneskeslekta sin mest grunnleggande relasjon, no er blitt ein motsats til fred og framgang for kyrkja?

Ikkje min eigen høgaste autoriet

Det skal litt til å bli overraska over prosessar som den Dahl beskriv: Dei er blitt det vi kallar mainstream. Han eksemplifiserer endringar i teologi og Bibelsyn som nesten verkar nødvendige om ein har leiande verv i DNK eller om ein skal vera folkekjær og nå eit breitt publikum. Han vil utvilsamt hausta mange godord for kursendringa si, for det er mange som meiner at Bibelen slett ikkje bør bety noko for kven eg vel å elska. Det er opp til kvar og ein; eit val ein fritt kan ta med utgangspunkt i eigen identitet, eller preferansar eller livssituasjon.

Slik sett treng vi kanskje heller ikkje Bibelens perspektiv på kven som rår over pengane mine, tida mi eller andre sider ved livet. Også dette er val kvar og ein grunngjev ut frå identitet, lengt og eigen livsveg. Vi treng ikkje gå lenger enn til ein ærleg prat med oss sjølve for å finna at vi menneske har svært gode grunnar for vala våre, dei har ofte med identitet og viktige prioriteringar og å gjera. Men i kristen tenking er eg ikkje sjølv min eigen høgaste autoritet.

Byte mot kyrkjeleg «husfred»

Å gi ein av Bibelens mest grunnleggande idear og ideal i byte mot kyrkjeleg «husfred» og samling om det viktigaste, kan kanskje høyrast ut som eit klokt grep for ei kyrkje som er splitta og fell i oppslutnad. Lite tyder på at eit slikt grep vil få ønska effekt. Ei kyrkje som vert likegyldig overfor eigne ideal, gjer sjølv idear som omvending og skriftemål til noko framandt og etter kvart absurd. Den som rår over eige liv treng ikkje skrifta for nokon.

 

Sofie Braut

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Rosanna Gaddoni fra Unsplash

Vi normaliserer den falne natur

Det pågår nå en debatt om hvorvidt såkalte «ikke-binære» personer bør kunne ordineres til prester i Den norske kirke. Det har vært flere interessante bidrag

Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash

Fråvær av logikk om kjønn

Jørn Kløvfjell Mjelva, doktorgradsstudent i filosofi, drøftar i VL 3. januar om det finst inndelingar av verda som er sannare og rettare enn andre, og