Biskopen om organistsaken i Agder: – Hadde vært nyttig med en juridisk avklaring

Foto: Hao Zhang fra Unsplash
Foto: Hao Zhang fra Unsplash

Organist Rune Hauan har tidlegare fått vite at grunnen til at han ikkje fekk speleoppdrag i Hægebostad og Eiken menigheter er at han er homofil og har sambuar. No trengs ein ny organist, og Hauan seier han vurderer å søke jobben. Det skriver Vårt Land.

Men kan dei nekte han jobben på bakgrunn av samlivsform? Det kjem an på om stillinga blir vurdert til å ha ein «religiøs funksjon».

Likestillings- og diskrimineringsombodet har sagt til Fædrelandsvennen at ingen liknande saker har vore oppe for norske domstolar eller Diskrimineringsnemnda, og at det derfor er vanskeleg å gje eit svar på om praksisen er lovleg.

Biskop i Agder og Telemark bispedøme, Stein Reinertsen, sier:

– Eg trur nok det kunne vore nyttig for kyrkja å få det avklart .

Han er i følge Vårt Land interessert i å få greie på korleis den teologiske grunngjevinga må vera.

Også bispedømerådsmedlem og leiar for Åpen folkekirke i bispedømet, Odd-Inge Uleberg, er interessert i ei juridisk avklaring:

Det kunne vore fint viss det blei ei sak av det.

Sjølv meiner han det ville vore «rart» viss ein enda på at ei slik forskjellsbehandling er lovleg i eit kyrkjesamfunn der ein har sagt at ein har to syn på likekjønna samliv.

– At det er lov i Filadelfia, Misjonssambandet eller Frikyrkja der ein har eit samla, konservativt syn er ein ting, men det ville vore uforståeleg at det skal vera greitt i Den norske kyrkja.

Dei ber også alle sokneråd og fellesråd om å informere om kva tiltak som skal setjast inn for å forhindre diskriminering.

Uleberg seier vedtaket er generelt, men at det likevel går rett inn i saka om Hauan.

– Biskopen seier at det er nulltoleranse for diskriminering, og det takkar eg han for. Så må me passe oss for å bli som presten og levitten i likninga om den miskunnsame samaritan, som går forbi dei som lir.

Han synest heile saka er trist, og er oppteken av at ein skal kunne leve med at det er ulike syn i kyrkjesamfunnet.

 Det å ikkje ville tilsetje nokon som ikkje deler di meining er å ikkje akseptere at me har to syn i kyrkja vår..

– Det fine med vedtaket me har er at me har sagt at synet på likekjønna samliv ikkje er kyrkjesplittande. Me skal kunne sitje side om side i kyrkjebenkane, uavhengig av standpunkt i saka. Me kan ha ulike syn på teologi, men stå saman om det viktigaste.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foto: T Hwang fra Unsplash

Finnmark dropper regnbuefarger på skolesekk

Avgjørelsen falt i hovedutvalget for samferdsel i Finnmark fylkeskommune i går, melder Altaposten. Høyre, Fremskrittspartiet og Industri- og næringspartiet fremmet forslaget om at «sekkene skal være