Foto: Nikolas Noonan fra Unsplash
Foto: Nikolas Noonan fra Unsplash

Å protestera mot ekstremisme er ikkje ekstremisme

Leiar i FRI Rogaland, Karoline Skarstein, set fram påstandar om meg i eit innlegg om korfor de ikkje var aktuelt å delta på møte om kjønn på filosofi- og vitskaps­festivalen Wonderful World. Eg takkar for høvet til å utdjupa mine poeng, og for at Skarstein vidare­formidla tekstar eg og andre tidlegare har skrive.

FRI-leiaren meiner eg er «ekstremt ytterlig­gående». Det er fordi eg viser kva trans­aktivisme og «skeiv teori» faktisk inneber. Då skal eg «tas», i staden for at dei problematiske sidene eg peiker på blir forklart og forsvart. Viss ein har argument, då. Det trur eg ikkje Skarstein har. Dette er nok grunnen til at «no debate» frå den skeive rørsla har fått rå grunnen så lenge. Eventuelt at ein heller skrik «merr­helvete» til kvinner som stiller spørsmål på Twitter, slik Kamilla Aslaksen på Wonderful World viste at Skarstein har gjort.

Trusførestillingar

Retten til å elska menneske av same kjønn forsvinn når kjønn er ein idé om kjensler og ikkje ein realitet. Lesbiske blir kalla dei forferdelegaste ting når dei avviser som partnarer menn med penis som seier dei er lesbiske. Lesbiske og homofile tar i aukande grad avstand frå den «skeive» rørsla og dannar eigne foreiningar for si sak. Eg skil såleis mellom «det skeive» og lesbisk og homofil kamp.

Korleis argumentera for at kjønn er lausrive frå kropp? At folk kan ha korrekt kjønna sjeler, basert på kjønns­stereotypar, men har fått utlevert feil kroppar? Det er dette som er kjønns­identitets­ideologi. Det finst ikkje vit­skapleg eller medisinsk prov for dette. Det er trus­førestillingar, tidlegare blei det behandla som vrang­førestillingar. «Kvinneleg kjønns­identitet» blir «definert» som «kjensla av å vera kvinne». Det er ein sirkel­definisjon og såleis ubrukeleg, men blir likevel nytta i alt frå helsevesen til lovverk.

Folk har rett til å tru på sjele­kjønn, utan vald og trugsmål om vald. Alle har rett til eit liv utan vald. Men andre har rett til ikkje å måtta ta del i desse trus­førestillingane. Det er heller ikkje kvinne­saks­kvinner som utøver vald mot trans­identifiserande personar, men kvinne­saks­kvinner blir slått ned av trans­aktivistar når me held fram at kvinner har kjønns­baserte rettar.

Ukom og fleire andre lands helse­styresmakter har omsider slått fast at behandling på «transhelse»-feltet er utan tilstrekkeleg kunnskaps­grunnlag. Det er ein skandale, for ein har medisinert og operert på unge, sårbare menneske i fleire tiår. Dei har ikkje fått betre psykisk helse. Stadig fleire feilbehandla personar som blei fortalde at dei hadde fått tildelt feil kropp står fram, nå med helseskadar, vekk­opererte kroppsdelar og sterilitet. Folk som opplever psykisk vanhelse og fortviling i høve kjønn, har krav på hjelp og støtte. Men å lyga til unge om at dei kan skifta kjønn, når kjønn faktisk er uskifteleg, er ikkje rett. FRI vil ikkje snakka om dette.

«Kjønnsmangfaldet»

Kvinners hardt tilkjempa vern mot kjønns­diskriminering forsvinn når kategorien kvinne rett og slett betyr mann, som i norsk lovverk. Dette er diskriminering. Me er verken ein parykk eller ein idé. Menn som meiner dei er kvinner nokre dagar i veka, som Benestad, krev at alle tar del i trua/transvestismen. Men i eit samfunn med trus­fridom burde ein ikkje kunna krevja tilslutning til tru eller innpass i rom og rettar som høyrer til kvinner. Men dette skjer, verda over. Kvinne­idretten blir såleis tatt over av mennsexforbrytarar sonar med kvinner og skadar dei, menn tar kvinners prisarstipendvervjobbar og andre ordningar, kvinner og jenter mistar retten til trygge toalett og garderobarFRI krev at offentlege tilskott til idrett skal vera avhengig av at gutar kan få spela på jentelag viss dei føler for det. Å protestera mot dette er ikkje ekstremistisk.

Skarstein blir fornærma fordi eg trekk fram fetisjar og pedofili. Dei som les tekstane me har skrive som det er lenka til i innlegget til Skarstein, vil forstå korfor me må snakka om dette. Det er den skeive rørsla som er opptatt av fetisjar, og at desse skal ha minoritets­vern, FRI skriv det sjølv.

Store namn innan «skeiv teori» har forsvart «sex» mellom barn og vaksne, det er fakta. Grimme fakta som det ikkje blir tatt eit oppgjer med. Skeiv og «normbrytande» seksualisering av barn er også fakta. BDSM blir promotert til barn, Skeiv ungdom promoterer prostitusjon som «kjøp, salg og bytte av sex», «Uke 6»-materialet (Sex og Politikk, avdeling av Planned Parenthood) held fram at «sex» mellom vaksen og 13-åring ikkje naudsynleg er ulovlegDrag for barn, eventyrlesing for barn av menn i drag (og drag er for kvinner det blackface er for svarte) blir framstilt som «mangfald».

FRI vil avkriminalisera sexkjøp (til liks med Amnesty og Planned Parenthood). Dei kallar prostitusjon sexarbeid og vil at det skal ha «minoritets­vern». Surrogati skal bli tillate. FRI eig og tener pengar på Pride, og forventar tilslutning til sin ideologi ved deltaking. Dei får årleg titals millionar i statlege overføringar for å laga opplæringsprogram. Hugs det når du går i tog!

WPATH, den globale «transhelse»-organisasjonen som Benestad og Helsestasjon for kjønn og seksualitet promoterer som «gullstandard», lar eit pedofilt og sadistisk nettforum vera «kunnskapskjelde» til påstanden om evnukk som eige «kjønn» (SOC 8, kap. 9). Dette har Benestad fronta i tiår, ikkje minst på NRK. I det grenselause, skeive prosjektet er nokre menns fetisj for å skjæra av seg testiklar, eventuelt også penis, og fantasiar om å gjera det same med gutebarn, gjeve særskilt vern. Offentleg helsevesen skal legga til rette for dette, skriv WPATH.

I desse dagar står ein tidlegare Fri-fylkesleiar, Marius Gustavson, tiltalt i London for å ha kastrert menn framfor kamera og fått betaling frå sjåarar. Dette er «kjønnsmangfaldet».

Der er ikkje mykje likt mellom ei ung, kanskje autistisk eller lesbisk jente som hatar kroppen sin og vil få skåre vekk brysta, og ein mann som tenner på ideen om å vera eit «hol med tomme auge». Det er kva ei kvinne er, held den trans­identifiserande mannen og Pulitzer-prisvinnaren Andrea L. Chu fram. Ei sak sameinar dei: Seksualisert vald og porno. Jenter som er vettskremde av valden dei har sett i porno, dissosierer seg frå eigen kvinnekropp, og menn som Chu som nyt porno, seier pornoen gjorde dei til «trans». Til liks med Sandra Moen, som dessutan har utvikla eit dataspel om å drepa «kjønnsfascister» med motorsag.

Ideane om menneska som ikkje lenger knytte til kroppen og biosfæren, men som lausrivne sinn med makt over sjølve livet, er trans­humanismens mål som blenkar i det fjerne. Det er mykje pengar i desse idestrøymingane, som når friske kroppar blir livslange pasientar. Eg skjønner korfor FRI fokuserer på å rulla ut desse ideane i skolen i staden for å debattera dei i offentlegheita.

Anne Kalvig

Professor i religionsvitskap, UiS

Innlegget ble først publisert i Stavanger Aftenblad, og er gjengitt med forfatterens velvilje

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Rosanna Gaddoni fra Unsplash

Vi normaliserer den falne natur

Det pågår nå en debatt om hvorvidt såkalte «ikke-binære» personer bør kunne ordineres til prester i Den norske kirke. Det har vært flere interessante bidrag

Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash

Fråvær av logikk om kjønn

Jørn Kløvfjell Mjelva, doktorgradsstudent i filosofi, drøftar i VL 3. januar om det finst inndelingar av verda som er sannare og rettare enn andre, og