Foto: Marcos Paulo Prado fra Unsplash
Foto: Marcos Paulo Prado fra Unsplash

Woke – ein religion utan nåde

«Menn kan vera gravide», «kvinner kan ha penis», «alle kvite er rasistar», «alle svarte er offer» – alt dette vrøvlet er truvedkjenningar frå den nye religionen som kallar seg «woke» og breier seg som ein åndeleg pest i heile den vestlege verda.

Den store syndebukken er den kvite, vestlege, heteroseksuelle mannen; han er per definisjon sexist, virilist, rasist, kolonialist og alt som avskyeleg er.

Det mest overraskande – og deprimerande – er at denne kollektive galskapen stammar frå amerikanske universitet, der mange professorar alt er vortne arbeidslause av di dei har nekta å slutta seg til den nye «røynda» og ta i bruk det nye språket, medan andre har gjeve etter og offentleg sanna «syndene» sine for å få halda fram som universitetslærarar.

Universiteta har til no vore eit vern mot irrasjonell tenking, eit klekkeri for kritisk sans og sunn skepsis. Korleis kan universitetsfolk lata seg driva til å lausriva kjønnet frå kroppen, til å gje nytt liv til rasesynspunkt som me trudde høyrde til ei tid me hadde lagt bak oss?

Kan henda må ein vera «intellektuell» for å lata seg riva med av slikt tøv. «Vesten lid no av ein særs øydeleggjande pandemi,» skriv den canadiske professoren Gad Saad, «det er ein kollektiv sjukdom som øydelegg folk si evne til å tenkja rasjonelt.»

Akademisk diskusjon er ikkje lenger liv laga. Dei woke-omvende talar som nyfrelste, nærast visjonære – det er som å snakka med Jehovas Vitne.

Dei har funne ny livsmeining i denne vrangsnudde ideologien. Dei kan minna om unge kinesarar under den maoistiske kulturrevolusjonen, og dei er ikkje berre ute etter å knusa gamalt porselen, men heile den vestlege sivilisasjonen.

«Slutt å resonnera; logikken er rasistisk,» fekk professor Bret Weinstein ved Evergreen-universitetet i USA høyra då han ville tala dei nyomvende til rette.

Jean-François Braunstein, filosofiprofessor emeritus ved Sorbonne-universitetet i Paris, gav i fjor ut boka «La religion woke», og var truleg ein av dei fyrste som nytta ordet «religion» om woke-rørsla.

«Det er både underleg og syrgjeleg,» skriv han, «å sjå at visse kollegaer, gamle vener, lærde og høgt respekterte, så å seia frå den eine dagen til den neste sluttar seg til woke-utopiane og dimed bannlyser alt som minner om den gamle verda. Korleis kan ein universitetslærar som har vigd livet sitt til klassisk gresk, med eitt gå inn for å avskaffa sitt eige fag med den grunngjevinga at det er ‘kvitt og virilistisk’? Korleis kan ein matematikar gje opp å undervisa i faget sitt fordi det er ‘diskriminerande’? Korleis kan ein biolog gå med på at biologien ikkje er ein vitskap? Korleis kan intelligente menneske tru på noko så absurd? Dei går ikkje ein gong med på å diskutera, men svarar på all kritikk ved å ‘kansellera’ dei som har motførestillingar.»

Svaret er ein religiøs fanatisme like radikal som Tertullians kristne avvising av den gresk-romerske kulturen på slutten av 100-talet: Credo quia absurdum – «eg trur fordi det er absurd».

Woke-religionen er immun mot all vitskapleg og rasjonell kritikk. Vil ein studera ‘kjønn’, må ein ha som føresetnad at kjønn er sjølvvald. ‘Rase’ kan berre studerast under synsvinkelen «systemisk rasisme», som inneber at alle kvite er rasistar.

Dei nye misjonærane får sine universitetsdiplom i «kjønnsstudiar», «rasestudiar», «postkoloniale studiar» og liknande, og det er slike diplom som for tida set fart i ein akademisk karriere.

Men woke er alle stader. Eg har oppdaga at også Netflix er infisert av den nye religionen: I ein serie som handla om det engelske aristokratiet på 1700-talet, var det også svarte skodespelarar som lordar i brokade og med pudra parykk.

Historisk lygn er grunnleggjande for heile ideologien. Om Churchill vil dei ikkje vita anna enn at han var «rasist» og «kolonialist». Statuar skal veltast, bøker skrivast om.

Det ser ut til at katolikkane i det store og heile er betre vaksinert enn protestantane mot den nye religionen, som også av somme er kalla «neoprotestantisme». Men det er ein protestantisme utan Gud og utan nåde.

Det å vera kvit er som ei arvesynd det ikkje finst soning for, men å vera kvit mann er endå verre, for det er denne «giftige maskuliniteten» som ber ansvaret for det meste av vald i verda, særleg mot kvinner. Difor bør mannen «dekonstruera» seg sjølv som mann, og lata seg «avmaskulinisera». Det beste han kan gjera, er å «skifta kjønn», gjerne «juridisk», men helst fysisk.

Ryan T. Andersons bok When Harry Became Sally, som viser kva såkalla «kjønnsskifte» er og fører med seg, vekte eit slikt raseri i woke-krinsar at dei klarte å «kansellera» boka i den grad at ho ikkje er å få kjøpt i nettbokhandelen Amazon.

Sjølv om den amerikanske raseproblematikken ikkje kan overførast til Europa, vert dei same modellane gjort gjeldande i våre samfunn. I Noreg er det ikkje minst samane som har måtta vikariera i dei svarte si rolle, og no er det politisk korrekt og uttrykk for høg moral å velta seg i skuldkjensle over «fornorskingspolitikken».

Sjølv om me i dag kan sjå at han hadde sine krenkjande sider, bør me ikkje vera blinde for at alt vart gjort i beste meining ut frå ein verdiskala frå ei anna tid. Målet var «integrering», slik det hittil også har vore når det gjeld «fornorsking» av innvandrarar. Er det heretter me som heller bør læra oss urdu?

No går snart halve folket i pride-paradar, ikkje minst lutherske biskopar, endå woke-religionen er den underliggjande ideologien også her. Det er forbode å fortelja om Jesus både i barnehagar og barneskule, men woke-misjonærar er velkomne til å gjera smårollingane forvirra om eige kjønn.

I desse vanvitstider er det godt me har Jenny Klinge, som kan minna oss om at det i menneskeverda er like stor skilnad på karar og kvinnfolk som det i hønsegarden er på hanar og høner. Ingen «operasjon» kan få ein mann til å leggja egg eller ei kvinne til å produsera sæd. Det galnaste med den nådelause woke-religionen er at han fornektar naturen.

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Rosanna Gaddoni fra Unsplash

Vi normaliserer den falne natur

Det pågår nå en debatt om hvorvidt såkalte «ikke-binære» personer bør kunne ordineres til prester i Den norske kirke. Det har vært flere interessante bidrag

Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash

Fråvær av logikk om kjønn

Jørn Kløvfjell Mjelva, doktorgradsstudent i filosofi, drøftar i VL 3. januar om det finst inndelingar av verda som er sannare og rettare enn andre, og