USA: Høyesterett avviste sak om likekjønnet ekteskap

Washington, USA
Foto: Claire Anderson fra Unsplash

Sist veke avviste Høgsterett nemleg å ta opp ei sak frå Kim Davis som ville ha dommen omgjort. Ho var tilsett i administrativ stilling i Kentucky og nekta å utferdige vigselsattestar for likekjønna par.

Retten grunngav ikkje avvisinga. Davis må betale fleire hundre tusen dollar i sakskonstader, ifølge CNN.

Det er ti år sidan Høgsterett i 2015 avgjorde at retten til å inngå ekteskap er grunnlovsfesta også for likekjønna par.

Omgjorde abortdom

I 2022 vekte det stor oppsikt at Høgsterett i USA omgjorde abortdommen frå 1973 som slo fast at kvinner hadde ein grunnlovsfesta rett til å få utført abort. Dermed måtte alle delstatar tillate dette. No vart dette igjen opp til kvar einskild stat.

Endringa vart det fremste dømet på konsekvensar av at Donald Trump  fekk utnemnt tre dommarar den førre presidentperioden sin. Det vippa fleirtalet i konservativ retning.

Frykta omgjering

På liberalt hald har det vore åtvara mot at det tilsvarande kunne skje med dommen om ekteskap frå 2015. I løpet av tiåret før føregjekk det intens tautrekking om ekteskapslovgivinga i mange delstatar.

Advokatane til Davis har vist til utsegn frå høgsterettsdommar Clarence Thomas, som var den einaste av dei noverande høgsterettsdommarane som har teke til orde for å omgjere dommen. Han var ein av fire dommarar som røysta imot i 2015.

Amy Coney Barrett, som vart utnemnd av Trump i 2020, har sagt at domstolen nokre gonger må omgjere dommar som har vore feil. Det meinte ho om abortdommen.

Men ekteskapsdommen plasserer ho i ein annan kategori fordi mange menneske har lagt dommen til grunn når dei har inngått ekteskap og fått born, skriv AP.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Ny dom etter brudd på §185

Romerike og Glåmdal tingrett avsa 21. november følgende reaksjon mot en person som omtalte den kjente VG journalisten Morten Hegseth på en heller ufin måte.