Psykisk uhelse øker etter kjønnsbehandling

Foto: KI generert
Foto: KI generert

Alvorleg psykisk uhelse er svært utbreitt blant ungdom som søkjer kjønnsbekreftande behandling, men dei ser ikkje ut til å bli betre av medisinske inngrep. Det skriver avisen Dagen.

Snarare tvert i mot, viser omfattande finsk studie. 

Omfattande studie

Dei har undersøkt førekomsten av alvorlege psykiske lidingar hos barn og unge under 23 år som oppsøkte klinikkar for kjønnsidentitet i Finland i perioden 1996–2019.

Dei følgde totalt 2.083 personar og samanlikna dei med ei kontrollgruppe på over 16.000 personar frå den generelle befolkninga.

Dette er hovudfunna:

  • Ungdommar som søkjer hjelp for kjønnsdysfori har oftare behov for psykiatrisk behandling enn andre. Dette gjeld både før og etter at dei har vore i kontaktakt med klinikkar.
  • Blant dei som søkte kjønnsbehandling etter 2010, hadde nær 50 prosent allereie teke i mot behandling i spesialisthelsetenesta for psykiske lidingar før dei søkte hjelp om kjønn.
  • Behovet for psykiatrisk hjelp avtok ikkje etter medisinsk kjønnsbekraftende behandling ved hjelp av hormon eller kirurgi. Den auka heller markant.

Sann menneskelighet

 

Meir psykiatri etter 2010

Blant dei som gjekk frå mann til kvinne auka behovet for psykisk helsehjelp frå nærmare 10 prosent før behandling til 60 prosent etterpå.

Forskarane nemner at østrogen kan forårsake depresjon hos menn som ønskjer å bli kvinner.

Andelen som hadde vore i spesialisert psykiatrisk behandling før tilvising til kjønnsklinikk, dobla seg i overgangen frå 2011:

– Det tyder på at fleire av dei psykisk sjuke blir tilvist til kjønnsklinikkar. Endringa kan neppe tilskrivast betre attkjenning av psykisk sjukdom, sidan ingen liknande auke blei observert i kontrollgruppa, meiner forskarane.

Kristne leger med foreldede modeller

 

Minoritetsstress?

Forskarane trur ikkje auken handlar om minoritetsstress skapt av eit fiendtleg samfunn:

– Med eit meir ope samfunn kunne ein kanskje forventa ein nedgang i psykisk sjukdom i 2011-2019-perioden. Men redusert stigma kan også auke behandlingssøknadane, skriv dei.

Forskarane trur heller auken kan handle om at psykisk sjukdom kan manifestere seg som uro knytt til kjønnsidentitet.

Møter kritikk

Forskarane har ikkje analysert i detalj kva pasientane slit med.

Studien inkluderer berre diagnosar og liggjetid på sjukehus, men ikkje informasjon om pasientens relasjonar, arbeid og liknande.

Journalisten Erin Reed, som sjølv er trans, er særs kritisk til studien. 

Reed skriv i eit blogginnlegg undersøkinga er «full av feil» og at forskarane har eigne interesser i dette.

Journalisten antydar også at psykisk helsehjelp er ein uløyseleg del av det å skifte kjønn i Finland og difor ikkje nødvendigvis peiker mot meir sjukdom i denne gruppa.

– Psykisk sjukdom kan komplisere

Studien omfattar ikkje dei med lettare psykisk sjukdom, men dei som treng hjelp frå spesialisthelsetenesta.

– Alvorleg psykisk sjukdom i ungdomsåra kan generelt sett komplisere identitetsutviklinga. Det verkar som kjønnsdysfori er sekundært til alvorleg psykisk sjukdom. Om det var omvendt, altså at psykisk sjukdom var sekundert til dysforien, ville lidingane avtatt ved medisinsk kjønnsskifte, seier professor Kaltiala til GCN.

Forskarane meiner pasientane har komplekse behov som må behandlast uavhengig av kjønnsidentitet, og at ein må vere varsame med medisinsk behandling.

Studien utfordrar tanken om at medisinsk behandling, som hormon og kirurgi, vil hjelpe. Dei etterlyser heller ei grundigare psykiatrisk behandling før ein set i gang medisinske tiltak.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter