Mor til død israelsk soldat får bruke sæden til sonen for å få barnebarn med surrogatmor

Maor Cohen Eisenkot blei skoten og drepen i Gaza i desember 2023 – to månader etter at Hamas gjekk til åtak på Israel, 7. oktober. Det skriv Vårt Land.

No har mora, Sharon Eisenkot, fått rettens løyve til ein dag få eit barnebarn. Maor skal bli far, sjølv om han er død. Sharon skal bli bestemor.

Vitnemål frå barndomsven avgjorde

Ein domstol i Eilat har gitt Eisenkot lov til å bruke sæden som blei henta frå sonen hennar, for å få eit barnebarn gjennom surrogati, melder Channel 12.

Dette er den første avgjerda av sitt slag sidan krigen mellom Israel og Hamas braut ut, skriv Times of Israel.

Maor Eisenkott hadde ingen ektefelle, sambuar eller kjærast då han blei drepen. Sharon Eisenkot må difor finne ei kvinne som er villig til å bere fram hennar barnebarn.

Domstolen tuftar orskurden på vitnemål som sa at Maor tydeleg hadde uttrykt eit ønske om å få barn, og at han hadde samtykka til at sæden hans kunne brukast etter hans død – også med ei kvinne han ikkje kjende.

Sharon Eisenkot fekk vite om ønskja via ein barndomsven av Maor.

Hentar ut sæd, frys han ned

Tilbodet kjem frå IDF, Isarels militære, og blir framført saman med dødsbodskapen:

Vil foreldra hente ut sæd frå kroppane til sonen som har mista livet i krigen i Gaza – og lagre sæden ved å fryse han ned?

Tilbodet går også til familiar som mista ein son som ikkje var militær under 7. oktober-åtaket.

Før Gaza-krigen måtte ein domstol avgjere om sæduttak kunne finne stad, no er reglane lempa på.

Men mange foreldre må likevel gå rettens veg: For å få lov til å bruke sæden må dei prove for domstolen at den drepne sonen ønskte å bli far.

Sidan 7. oktober har sæd blitt henta ut frå 175 unge menn – både sivile og soldatar, melde Israels helsedepartementet i fjor.

Den medisinske teknologien som blir brukt ber namnet PMSR – posthum medisinsk sædhenting – er forbode i mange land, men lovleg i land som Storbritannia, Canada, Nederland, Hellas, Estland, Japan, Tsjekkia – og Israel.

Rundt om i verda har det å få barn med sæd frå ein avdød partnar blitt heller vanleg, men å skape barnebarn på denne måten er nesten utelukkande eit israelsk fenomen, skriv Financial Times.

Israel, som ligg i front på å utvikle bioteknologi, er det landet med flest prøverørsbefruktningar (IVF) per innbyggjar i verda.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter