Medmor ønsker seg løst fra sine forpliktelser

Nyheter
Foto: Branden Harvey fra Unsplash

Avisen Dagen skriver at  saken skal opp for den øverste domstolen i Danmark i starten av november:

Ein gut vart fødd i 2017 ved hjelp av ein sæddonor. Kvinna som bar fram barnet, vart registrert som mor. Partnaren hennar vart registrert som medmor, slik det også er opna for i Noreg i ekteskapslova som har vore gjeldande frå 2009.

Som medmor er ho juridisk likestilt med far. Men kort etter at guten var fødd, gjekk kvinnene frå kvarandre. Derfor har begge ønskt at kvinna med status som medmor, skal bli løyst frå denne. Dette har både by- og landretten sett stoppar for, ifølgje dansk TV2.

– Er det kontraktsfesta foreldreskapet like forpliktande som det biologiske? undrast Øyvind Håbrekke framfor rettssaka i Danmark. Foto: Bjørn Olav Hammerstad

Landretten tilsvarer lagmannsretten i Noreg.

Etiske dilemma

Forfattar og fagleg leiar i tankesmia Skaparkraft, Øyvind Håbrekke, har interessert seg for saka. Han kjem snart ut med andre utgåve av boka «Den liberale familien». Denne handlar om etiske dilemma som oppstår i lys av ny tenking og lovgiving om familie.

– Sjølv om eg trur, og håper, at dansk Høgsterett vil avvise kravet om fritak frå foreldreskap, så vil barnet vekse opp med kunnskapen om at medmor gjekk til sak for å sleppe å vere mor. Vi ønsker jo ikkje å sette barn i slike situasjonar, seier Håbrekke.

– Stor tankekross

Når eit lesbisk par ber om assistanse til å få barn i Danmark, føregår prosessen som følgjer:

Danske styresmakter let først ein sædgivar mot betaling signere ein kontrakt der han fråskriv seg ansvaret for sitt eige biologiske barn. Så signerer ei medmor ein kontrakt der ho tek det foreldreansvaret som donor ikkje tek. Dette vert kalla intensjonelt foreldreskap, til forskjell frå biologisk foreldreskap.

– Når begge mødrene no går til sak for å oppheve denne kontrakten, blir spørsmålet sett på spissen: Er det kontraktsfesta foreldreskapet like forpliktande som det biologiske, spør Håbrekke.

Han meiner svaret juridisk sett bør vere ja.

– Men sjølv om det juridisk er like forpliktande, så har saka demonstrert at det moralsk ikkje blir opplevd slik for alle som inngår kontrakten. Det er den store tankekrossen her, seier han.

Kritisk til sæddonasjon

Eit av poenga til Håbrekke er at staten tek på seg eit stort ansvar ved å administrere foreldreskap basert på kontrakt.

– Dei fleste som får foreldreskap på denne måten, er ansvarlege, trufaste og gode foreldre. Når dette likevel skjer, så bør det være ein tankevekkjar for alle som forsvarer sæddonasjon. Denne saka er eit skot for baugen i kampen for det planlagte intensjonelle foreldreskapet, seier Håbrekke.

Får ikkje støtte

Interessegrupper for seksuelle minoritetar støttar ikkje medmora som vil bli kvitt denne statusen.

– Vi kan ikkje kreve å få i pose og sekk og så seie at vi ikkje vil ha det likevel, er responsen frå LGTB Danmark ifølgje Jyllands-Posten.

Det same meiner Ingvild Endestad i Foreningen Fri i Noreg.

– Å få barn er ikkje eit ansvar du berre kan velje vekk når det ikkje passar, skriv leiar Ingvild Endestad i ein epost til Dagen.

Ho meiner det er ein tryggleik for born at verken fedrar eller mødrer kan fjerne foreldreskapet med eit pennestrøk. Sånn meiner ho det må fortsetje å vere.

– Eg er glad for at retten har konkludert slik den har gjort og forventar at høgsterett fell på det same, skriv Endestad.

Ventar meir debatt

Professor i medisinsk etikk ved NTNU, Berge Solberg, kjenner ikkje til tilsvarande saker frå andre land. Han påpeikar at debatten om medmorskap i Noreg offisielt er over og at resultatet er nedfelt i barnelova og bioteknologilova.

– Vi aksepterer medmorskap ved assistert befruktning, skriv han i ein epost til Dagen.

Solberg ser ikkje føre seg at dette vert endra i nær framtid.

– Men saka kan jo blåse liv i den etiske debatten om statusen til intensjonalt foreldreskap generelt.

– Sårbar konstruksjon

Professor Solberg er samd med Håbrekke i at ei mogeleg tolking av saka er at det «intensjonelle foreldreskapet» kan vere meir sårbart fordi ein kan endre meining. Men han meiner det også er ei mogeleg tolking at «det intensjonelle foreldreskapet er ein sårbar konstruksjon primært i den aller første fasen».

– Basert på ei einskildsak er det vel litt tidleg å gravleggje det intensjonelle foreldreskapet. Historisk sett har del vel vore eit vel så stort problem at foreldre, og særleg menn, har hoppa ut av foreldrerolla fordi dei aldri hadde nokon intensjonar om å verte foreldre, meiner Solberg.

Han meiner intensjonar også spelar ei viktig rolle i foreldreskap elles, ikkje minst ved adopsjon.

– Annleis enn adopsjon

Håbrekke meiner på si side at dette dreier seg om ei sak som etisk sett er annleis enn ein adopsjon.

– Adopsjon gjeld born som allereie eksisterer og er i naud. Adopsjonsinsittuttet er ei flott ordning som gjer at vi i unnatakssituasjonar kan gi omsorg til born som allereie finst og treng nye foreldre, seier han.

Den vesle guten i saka er representert av advokat Klaus Therkildsen.

– Kva perspektiv legg du vekt på?

– At barnet ufrivillig er part i det som kan likne dei vaksne si ansvarsflukt – ein vil ha alle mogelegheiter, men ikkje pliktene som følgjer med – og oppfatninga om at ein kan «angre» på alt, herunder eit medmorskap, skriv Therkildsen i ein epost til Dagen.

– Så det handlar om å finne argument i lovgivinga som viser at barnet i alle tilfelle vert dårlegare stilt med ein enn med to foreldrar og dermed også to juridiske forsørgjarar, legg han til.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter