Kulturminister Trettebergstuen vil ikke utsette lov mot konverteringsterapi

Foto: Priscilla Du Preez fra Unsplash
Foto: Priscilla Du Preez fra Unsplash

Før helga kunne Vårt Land melda at direktoratet Bufdir no skal undersøka kor utbreidd konverteringsterapi er i Noreg. Rapporten skal vera ferdig 1. juni 2023.

Men regjeringa kjem ikkje til å venta på denne rapporten i arbeidet med å forby praksisen. Det stadfestar no statssekretær i Kulturdepartementet Gry Haugsbakken (Ap), til Vårt Land.

– Rapporten som Bufdir har teke initiativ til på sjølvstendig grunnlag, vil ikkje påverka prosessen med lovarbeidet om konverteringsterapi som Kulturdepartementet har ansvar for, skriv Haugsbakken i ein e-post til Vårt Land.

Statssekretæren opplyser at Bufdir-rapporten ikkje kjem til å bli brukt som kunnskapsgrunnlag til uforminga av forbodet mot konverteringsterapi.

Bufdir – Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet – er eit fagorgan som ligg under Barne- og familiedepartementet.

Trettebergstuen var krass kritikar av lovforslag

I juli sende dåverande kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) forslaget om å forby konverteringsterapi ut på høyring.

høyringsnotatet skriv Kulturdepartementet at det finst lite forskingsbasert kunnskap om omfanget av konverteringsterapi i Noreg.

Det er denne kunnskapen Bufdir no skal henta inn, med frist sommaren 2023.

Den nye kultur- og likestillingsministeren, Anette Trettebergstuen (Ap), vil altså ikkje venta på denne kartlegginga.

I opposisjon markerte Trettebergstuen seg som ein sterk kritikar av lovforslaget som Raja la fram. Ho meinte det ikkje gjekk langt nok, då det ikkje forbyr marknadsføring og opnar for «behandling» av samtykkande vaksne.

– Homobevegelsen har grunn til å føla seg lurt, sa Trettebergstuen til Aftenposten i då forslaget kom.

I haust, dagen før Trettebergstuen vart utpeika som minister, sa ho til Vårt Land at regjeringa jobbar for eit totalforbod mot «homoterapi». Eit slik forbod skal også gjelda vaksne.

– Det er skadeleg å bli utsett for konverteringsterapi uavhengig alder, sa Trettebergstuen.

Lovforslag mot «homoterapi»

  • Forslaget definerer konverteringsterapi som behandling med mål om å endra eller fornekta legning eller kjønnsidentitet hjå andre.
  • Forslaget forbyr all form for konverteringsterapi retta mot barn. For vaksne er dette berre lovleg når det er gjeve informert samtykke.
  • Også bøn, forbøn, sjelesorg og handspålegging kan bli ramma av lova.
  • Brot på lova vil etter forslaget bli straffa med bøter og/eller fengsel i inntil 1 år.

Skal kosta inntil 1,5 millionar kroner

Bufdir-kartlegginga er ei oppfølging av handlingsplanen som Solberg-regjeringa la fram i sommar. I planen «Trygghet, mangfold og åpenhet» er eit av tiltaka å utvikla kunnskap om konverteringsterapi.

Bufdir har sjølv teke initiativ til kunnskapsinnhentinga, skriv kommunikasjonsdirektør Trine Lie Larsen i ein e-post til Vårt Land.

– Som fagdirektorat har Bufdir eit sjølvstendig ansvar for å framskaffa kunnskap på områda våre. Forskingsoppdraget om konverteringsterapi er eit døme på ein eigeninitiert aktivitet.

Målet med undersøkinga er å få fram kunnskap om utbreiing, formar for praksis og konsekvensar av konverteringsterapi i Norge. Den skal også inkludera personar i Noreg som har erfart konverteringsterapi i utlandet.

I september la Bufdir ut oppdraget på Doffin – den nasjonale kunngjeringsdatabasen for offentlege innkjøp.

Oppdraget har ei kostnadsramme på 1,5 millionar kroner utan moms. I slutten av oktober gjekk frista for å levera tilbud ut. Vårt Land kjenner ikkje til kva aktørar som har levert tilbod.

Dele
Share on email
E-post
Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter