Vei
Foto: John Canelis fra Unsplash

Konfliktfritt kristenideal?

Eit av dei mest alvorlege angrepa på teologisk integritet kjem i dag frå det eg kallar «teologi på tomannshand». Det er det motsette av det «Calmeyergatelinjen» står for.
No i januar er det 100 år sidan det vidgjetne Calmeyergatemøtet som samla konservative kristne frå ulike organisasjonar til felles landsmøte på nasjonalt nivå. Målet var å staka ut ein tydeleg kurs for det vidare arbeidet i eit åndeleg landskap prega av ein liberalteologi på sterk frammarsj.

Profilar som Ole Hallesby og Ludvig Hope var mellom dei som på ulikt vis prega dette miljøet, og utfallet er kjent som «Calmeyergatelinjen»; eit tydeleg og avgjort oppgjer med liberal teologi med føremål å vareta organisasjonane sin teologiske integritet. Møtet konkluderte med eit behov for å synleggjera ulik haldning til Bibelen gjennom å avstå frå frivillig samarbeid med prestar og andre som representerte det dei oppfatta som eit brot med Bibelens autoritet.

Hundre år seinare verkar konklusjonane frå Calmeyergate bastante og svært lite kompatible med dagens krav om kompromiss og toleranse. «Kirkestriden» tidleg på 1900-talet inneheldt tydelege stemmer. Dei tok ordet for å overtyda andre og i ordskifta låg sanninga gjerne i potten, ikkje berre fleire likestilte «syn» eller «interessante perspektiv».

Mange vil seia at Den norske kyrkja, med si smidige og kompromissvillige tilnærming til dømes i spørsmålet om likekjønna samliv, har vist ein klok veg ut av det harde og uforsonlege klimaet Calmeyergaten representerer. Framtida er ei rasjonell utgåve av postmodernismen, er den underliggande premissen. Framtida har innestemme, som utan å dirra i apokalyptisk alvor anerkjenner at vi trass alt berre ser og tolkar ulikt, utan at det må appellerast til noko krav om absolutt sanning.

For nokre framstår «Calmeyergatelinjen» i dag som noko nær ein boikott (til dømes Berit Aalborg i Vårt Land 9.1), altså ei markering av ståstad med tanke på å pressa og isolera motparten. Her vert det å ta avstand frå samarbeid tolka som eit reint strategisk verkemiddel, som på sikt kan visa seg å kosta meir enn det smakar. Kristne som vel ei slik uforsonleg linje, kan i neste omgang sjølv bli råka av liknande metodar – og det bør vi vel ikkje risikera?

Problemet med ei slik tolking av fortida er at ho står fast i den kost-nytte-rasjonaliteten som held vårt marknadsstyrte samfunn i si skrustikke. Det er lett å gløyma at stundom handlar noko meir om å ta opp ein kross enn eit overslag over eventuelt omdømmetap.

Hundre år etter Calmeyergaten er vi ikkje hundre år klokare. Framleis er eit viktig spørsmål for mange kristne nett det same som den gong. Korleis skal vi verna om eigen integritet? Ein viktig skilnad frå den gongen er at dagens samfunn i større grad krev av den einskilde at vi skal finna svar. Individualismen sender ikkje representantar til eit møte i Oslo og ventar på kva konklusjon dei landar og kva linje dei dreg.

Ein annan er at kristne i større grad enn før kjenner at vi må stå skulerett for storsamfunnet. Vår tid ser stadige angrep på trus- og samvitsfridomen. I staden for å kjenna på vern frå prinsipiell trusfridom, kjenner i dag mange kristne som trur at barn skal vernast frå unnfanginga eller som trur at det kristne ekteskapet er mellom mann og kvinne, eit formidabelt press på å vera villig til å jenka seg og dempa seg, om ikkje anna for å unngå å bli ein konfliktgenerator.

Eit av dei mest alvorlege angrepa på teologisk integritet kjem i dag frå det eg kallar «teologi på tomannshand». La meg gje to døme. Etter Kyrkjemøtet i 2018 skreiv eg eit ope brev til Oslo-biskop Kari Veiteberg med ønskje om ordskifte knytt til bibelsyn. Brevvekslinga ga lite oppklaring, og det viste seg at biskopen neppe ønskte ein slik offentleg samtale, ettersom ho avrunda slik: «(…) kanskje vi skulle la samtalen gå føre seg også utafor avisenes debattsider? For eksempel over ein kopp kaffi og ein open bibel?»

Same haldning dukka opp rett før jul der Veiteberg runda av ein debatt med Espen Ottosen slik: «Kanskje vi heller skulle gå saman om noko som det verkeleg kan kome noko godt ut av: Å saman arbeide for at norske barn som sit innesperra i Syria skal få kome heim til jul?». Bodskapen er den same: å klargjera læra er underordna det å gjera noko, treffast, finna ut at vi «eigentleg» er samde, eller i det minste at ulike syn berre er nettopp «syn» og ikkje betyr så frykteleg mykje.

Det er vanskeleg å motstå ei slik praktisk haldning i ei tid som truleg teoretiserer alt for mykje. Men på sikt vil inga tru stå seg om ein ofrar orda for gjerningane. Heller ikkje om ein ofrar felles tru for fragmentariske samtalar. Ei slik «reint praktisk» tilnærming vil tøma trusomgrepet for innhald og på sikt redusera trusfridom til eit pragmatisk spørsmål heller enn noko prinsipielt og umissande.

«Teologi på tomannshand» er det motsette av det systematiske strevet, det «Calmeyergatelinjen» gir eit døme på, der ein må ta stilling, og ta konsekvensane som følgjer det å faktisk stå for noko sjølv om ein møter motstand. Ikkje fordi konflikt er det ønskjelege, men fordi det kan vera nødvendig. Det er enkelt nok å leva konfliktfritt, dersom det er idealet. Det er jo berre til ikkje å ta ordet. Men korleis kan ein kristen som ikkje tek ordet etterleva Jesu ord om å døypa ogå læra alle alt det han har bode oss?

Tanken om å læra opp nokon dersom ei lære ikkje finst, er absurd. Den som visste dette framfor nokon var nettopp Jesus, som av evangelistane vert skildra som ein som utrøytteleg lærte opp og underviste disiplane sine for at dei skulle ha noko å gå vidare med. Desse første kristne kunne sikkert ha lagt seg på ei meir kompromissvillig linje. Dei kunne faktisk ha spart livet sitt på den måten, men av grunnar vi i dag treng å grunna meir over, gjorde dei altså ikkje det.

Sofie Braut

Først publisert i Dagen

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Rosanna Gaddoni fra Unsplash

Vi normaliserer den falne natur

Det pågår nå en debatt om hvorvidt såkalte «ikke-binære» personer bør kunne ordineres til prester i Den norske kirke. Det har vært flere interessante bidrag

Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash

Fråvær av logikk om kjønn

Jørn Kløvfjell Mjelva, doktorgradsstudent i filosofi, drøftar i VL 3. januar om det finst inndelingar av verda som er sannare og rettare enn andre, og