Kirkeledere om forbud mot homoterapi: Er villige til å bli kriminelle

Basilique Notre Dame de Montréal, Montréal, Canada
Foto: Annie Spratt fra Unsplash

Kategorien konverteringsterapi er så brei at den eigentleg er meiningslaus (…) Å innføre lovforbod mot ein så brei kategori gjev openbert ikkje meining og fører med seg ein stor risiko for å kriminalisere oss når vi oppfyller våre nestekjærlege plikter som kristne prestar og pastorar.»

Det står det i eit brev til den britiske likestillingsministeren, som i skrivande stund har over 2000 signaturar. Dei som har signert skal vere britiske kyrkjeleiarar, og dei fleste oppgjev tittel og kyrkjetilhøyrsel. Meir enn 500 oppgjev å tilhøyre den britisk statskyrkja Church of England, skriv avisa Christian Today.

Lovframlegg på høyring

Lovframlegget om forbod mot konverteringsterapi i Storbritannia vart lagt ut til høyring 29. oktober i år. Om det blir vedteke, gjer framlegget det ulovleg å utføre konverteringsterapi retta mot barn og ungdom under 18 år, og mot vaksne som er sårbare og ikkje i stand til å gje samtykke.

Strafferamma for å utføre konverteringsterapi er sett til seks månadar fengsel. Dersom det i tillegg kan påvisast at behandlinga påfører den det gjeld alvorleg skade, blir denne ramma utvida til fem år.

I oppropet frå kyrkjeleiarane heiter det at dersom lova medfører ei kriminalisering av å forkynne den tradisjonelle kristne læra om sex og ekteskap så vil dei «med sorg halde fram med å gjere plikta vår for Gud i denne saka.»

Vil gå i fengsel

Til den britiske avisa Christian Today seier pastor Graham Nicholls, som tilhøyrer det evangeliske kyrkjenettverket Affinity, at han er budd på å gå i fengsel for si tradisjonelle kristne tru.

Han hevdar at dei som jobbar for eit lovforbod ønskjer å ramme forbøn og ei kvar form for oppmoding til å følgje Bibelen si lære om seksualetikk.

– Vi veit ikkje korleis lova blir, men eg trur at dersom desse krava blir møtt, så vil i røynda ei kvar samtale med familien din, eller om barnet ditt stiller spørsmål om eigen seksualitet eller kjønn, og du gjev råd – så kan det, potensielt, bli ramma av lova, seier han.

Uklar definisjon

Ifølgje høyringsnotatet frå den britiske regjeringa skal forbodet ramme samtaleterapi som har som intensjon å endre ein person si seksuelle orientering, eller å få ein person til å gå bort frå å vere transkjønna. Dette skal ikkje omfatte kvardagssamtaler, meiningsytringar eller privat bøn.

Det går også fram av notatet at vanleg religiøs praksis ikkje skal rammast, at det skal vere lov å oppdra barn i eigne religiøse verdiar, og at det å uttrykkje religiøs lære om kjønn og ekteskap i seg sjølv ikkje skal reknast som konverteringsterapi.

Likevel oppfattar forfattarane bak oppropet definisjonen av konverteringsterapi som for vag, og dei seier at dei fryktar at også vanleg religiøs praksis kan bli ramma.

«Det burde ikkje vere ei straffbar handling for oss å lære barna våre at Gud skapte dei som mann og kvinne, i sitt bilde, og at sex høyrer til i ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne. Likevel ser det ut til å vere det sannsynlege resultatet av lovframlegget» hevdar dei i brevet til likestillingsministeren.

Liknar på den norske debatten

Forfattarane bak brevet omtalar seg sjølve som prestar og kyrkjeleiarar som deler ei ortodoks, historisk kristen lære om seksualetikk. Blant dei som har signert finn ein mange med titlar som prest, pastor og eldste.

Bekymringa desse formidlar følgjer mange av dei same linjene som det norske konservative kristne har uttrykt når det gjeld å innføre ei tilsvarande lov i Noreg.

– Det blir å gå for langt å hevde at vi står på grensa av lova dersom vi, til dømes i sjelesorg, kommuniserer vårt seksual-moralske standpunkt til menneske, sa informasjonsleiar Espen Ottesen i Misjonssambandet til Vårt Land tidlegare i haust.

I brevet frå dei britiske kyrkjeleiarane heiter det:

«Det er ein sentral del av vårt kall å bringe Kristi nestekjærleik til ei øydelagt verd, og vi kallar menneske til å leve ifølgje Guds gåve og ekteskapsforståing, og å gje sjelesorg for å hjelpe dei å klare det. Dette har ingenting med terapi å gjere.»

 

Vårt Land

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter

Foreldrenettverket lanseres

I dag lanseres Foreldrenettverket.no. Dette nettverket er et selvstendig og uavhengig nettverk av foreldre som vil verne om og forsvare barns rettigheter, barns beste og