Foto: Sander Sammy fra Unsplash
Foto: Sander Sammy fra Unsplash

Kansellert av Schizofrenidagene

Schizofrenidagene er Nordens største konferanse om psykisk helse, halden kvart år i Stavanger. Årets tema er «Å bli seg selv. Om utvikling og behandling av personlighetsproblematikk». I samband med dette blei me underteikna inviterte til å delta på eit publikumsarrangement.

Det dreidde seg om ein samtale på Vitenfabrikken i Sandnes om kjønn, identitet og personlegheit. Me var inviterte inn med våre ulike perspektiv og erfaringsbakgrunnar, også sett opp mot Skeivt kulturår: ein lesbisk kunstar, ein psykologspesialist og ein religionsvitar som alle i ei årrekke har vore engasjerte på kjønnsfeltet.

Datoen var fastsett, 9. november, formuleringar og bilete til programmaterialet var sendt inn, møteleiar ordna. Men 12. september fekk me i ein epost vita at rammene skulle endrast frå samtale til paneldebatt, at invitasjonen til Gjevjon var kansellert og at nok ein psykolog og organisasjonen Fri (Foreningen for kjønns- og seksualitets­mang­fold) skulle inviterast som deltakarar.

Me fekk ikkje nærare forklaring eller grunngjeving for endringane, anna enn at det skulle vera «balansert panel» med «breidde». Men invitasjonen me hadde takka ja til handla jo om at me skulle ha ein samtale, det skulle ikkje vera debatt med Fri.

Fri hadde elles på dette tidspunktet nettopp avslutta ein vekelang festival der deira ideologiske syn på kjønn og identitet var einerådande.

Me finn det som har skjedd uakseptabelt og urovekkande fordi samtalen om kjønn og kjønnsidentitet er særleg aktuell. Både kva gjeld årets konferansetema, og fordi me i Norge går motsett veg i etablering av behandlingstilbod for personar med kjønnsdysfori samanlikna med land som Finland, Sverige og Storbritannia (kjønnsdysfori: manglande samsvar mellom registrert kjønn ved fødsel og kjønnsidentitet; red.mrk.).

Særleg bør det som skjer i Storbritannia vekka merksemd hos SUS som fagleg arrangør. Tavistock-klinikken – som historisk har vore ein leiande klinikk i barne- og ungdomspsykiatrien, og også er den einaste klinikken for mindreårige med kjønnsdysfori i Storbritannia – er nyleg bestemt lagd ned etter påvist ideologisk malpraksis og uforsvarleg pasientbehandling.

Granskinga av Tavistock viser at barn/unge med kjønnsdysfori er behandla utan vitskapleg evidens, at nytten er svært usikker og at risikoen og dei langsiktige konsekvensane er store og ugjenkallelege. Britiske medium melder at 1000 familiar vil gå til gruppesøksmål mot britiske helsemyndigheiter for feilbehandling.

Vårt eige Helsedirektorat har ikkje samanstilt evidensgrunnlaget for beste behandling av barn og unge for kjønnsdysfori frå systematiske kunnskapsgjennomgangar eller andre pålitelege kjelder. Dette er i motsetning til kva ein har gjort i Sverige, USA, Nederland, Finland og Storbritannia. I staden bygger ein på ideologiske idear om at kjønn flyt, er ei kjensle, kan veljast og at medikament og kirurgi må til for «å bli seg sjølv».

Kjønnsidentitet som lausriven og «essensiell» storleik i vår psyke, manglar vitskapleg evidens, og blir eit trusspørsmål. Denne trua blir fronta av Fri og deira allierte og har fått innpass på brei basis i Norge, mellom anna i barnehage og skule.

Fri fekk også gjennomslag i etableringa av dei nye behandlingsretningslinjene for kjønnsinkongruens som kom i juni 2020.

Norske regionale behandlingssentra for personar med kjønnsdysfori er nå under etablering, det første i Vestfold i 2020, omtalt i Tidsskrift for Norsk psykologforening (9/22). Tilbodet framstår der som organisert ut frå bekreftingsmodellen, dvs. den modellen som dei nemnde landa alle har gått bort frå av pasientsikkerheitsgrunnar.

Jenter utgjer nå ca. 80 prosent av barn og unge med kjønnsdysfori. Mange har også andre diagnosar, som angst, adhd og autisme. Svært mange unge med utfordringar kring kjønn vil, dersom dei ikkje blir sette på pubertetsblokkerande behandling og kjønnskontrære hormon, veksa opp til å bli friske lesbiske og homofile – «kjønnsskifte» er verdas eldste konverteringsterapi.

Talet på dei som angrar på slik behandling, viser risikoen med ugjenkallelege inngrep når årsakene til dysforien er usikre.

Både dei nemnde behandlingsretningslinjene og lovforslaget om forbod mot konverteringsterapi vil kunna få negative konsekvensar for pasientrettigheiter, terapeutrolla og foreldrerolla. Resultatet kan bli dårlegare behandlingstilbod for ei stor pasientgruppe som med sin samansette problematikk er i behov for psykologisk/psykiatrisk behandling.

Arrangørar av Schzofrenidagene har eit særleg ansvar for å bidra med oppdatert kunnskap om forsking og evidens på dette høgaktuelle og viktige området, ikkje minst når temaet er «Å bli seg selv».

Sist men ikkje minst: Me vil understreka at kanselleringa av Tonje Gjevjon, lesbisk kunstnar som har fronta jenter og kvinners rett til å vera seg sjølve og til å setja grenser, er særleg uverdig og opprørande. Det tener Schizofrenidagene lite til ære å vera del av denne nedrige tradisjonen.

Me har formidla desse synspunkta direkte til arrangørane, utan å få svar.

  • Marit Bruset

    Psykologspesialist
  • Tonje Gjevjon

    Kunstnar
  • Anne Kalvig

    Professor i religionsvitskap
Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Foto: Rosanna Gaddoni fra Unsplash

Vi normaliserer den falne natur

Det pågår nå en debatt om hvorvidt såkalte «ikke-binære» personer bør kunne ordineres til prester i Den norske kirke. Det har vært flere interessante bidrag

Foto: Samuel Regan Asante fra Unsplash

Fråvær av logikk om kjønn

Jørn Kløvfjell Mjelva, doktorgradsstudent i filosofi, drøftar i VL 3. januar om det finst inndelingar av verda som er sannare og rettare enn andre, og