J. K. Rowling protesterer mot ny hatprat-lov i Skottland

Foto: Tingey Injury Law Firm fra Unsplash
Foto: Tingey Injury Law Firm fra Unsplash

Måndag denne veka tredde den gjennomgripande lova i kraft. Kontroversane om lova er omtalte i mellom anna New York TimesBBC og The Guardian.

Siktemålet med lova er å styrke eksisterande lover mot hatkriminalitet, mellom anna mot rasisme som har vore forbode sidan 1986. Det skriv avisa Dagen.

Dagen skriv vidare at no er forbodet utvida til å omfatte fremjing av hat basert på alder, funksjonshemming, religion, seksuell orientering og forskjellige kjønnskarakteristika.

For at noko skal vere ei kriminell handling, må det vere trugande eller ha mål om å skade med mål om å fremje hat mot eit individ, som gir dei grunn til å skremme eller alarmere dei.

 Harry Potter-forfattar J. K. Rowling.

I ein post på X omtalar ho ti kjende personar som har skifta kjønn frå mann til kvinne, men avsluttar med at dette er aprilsnarr – fordi det er opplagt at dei er menn.

Då er det slutt på spøken. Forfattaren meiner lova er vidopen for misbruk av aktivistar som vil kneble slike som henne. Gjennom fleire år har Rowling gått i rette med at opplevd kjønn skal trumfe biologisk kjønn.

«Ytringsfridomen og trusfridomen er over i Skottland dersom ei presis beskriving av biologisk kjønn er vurdert som kriminell», skriv ho.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter