Hard kamp om lov mot konverteringsterapi

Foto: Arisa Chattasa fra Unsplash
Foto: Arisa Chattasa fra Unsplash

Vårt Land hadde i går en større reportasje om veien fram mot forslaget om forbud mot konverteringsterapi. vi bør legge merke til at KrF ikke reagerer på forslaget om å forby konverteringsterapi mot barn. Det innebærer at barn som mener seg født i feil kjønn, skal bli behandlet som det og ikke bli få behandling som gjør at de blir fortrolige med sitt biologiske kjønn.

KrF sin plan A var å stoppe heile utgreiinga og hindre at eit lovutkast vart lagt fram. Plan B var å dra det ut slik at framlegginga ikkje ville skje før etter valet.

Dette seier ei sentralt plassert kjelde i regjeringsapparatet. Ifølgje fleire Vårt Land har snakka med har det gått føre seg ei intens tautrekking mellom regjeringspartia Venstre og KrF i denne saka.

Heilt til det siste har det vore usikkert om lovnaden frå kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) om å legge fram lova før sommarferien, ville halde. Når det no er skjedd, kan press mot statsministeren frå eiga stortingsgruppe ha vore ein viktig faktor.

KrF ønskte inga utgreiing

Ifølgje Vårt Lands kjelder har KrF heile vegen vore imot sentrale delar av det som fredag vart lagt fram i høyringsnotatet til den nye lova. Dette gjeld blant anna det at praksisar som forbøn og sjelesorg er nemnt som handlingar som under visse føresetnader kan reknast som straffbart når det har preg av å vere behandling mot legning eller seksuell handling.

KrF skal også ha vore skeptisk til at forbodet også skal gjelde vaksne i tilfelle der det ligg føre «utilbørleg press». KrF fryktar at konservative kristne veljarar vil tolke dette som eit angrep på deira rett til å utøve «vanleg religiøs praksis».

Som Vårt Land tidlegare har rapportert, viser den offentlege postjournalen til regjeringa at høyringsnotatet har gått i skytteltrafikk mellom Kulturdepartementet, der Venstre-nestleiar Abid Raja sit, og Barne- og likestillingsdepartementet, der KrF-leiar Ropstad sit.

Då avisa først rapporterte om det, skildra Vårt Land dette som ein dragkamp mellom dei to partia. Dette blir no bekrefta av sentralt plasserte kjelder i fleire av regjeringspartia.

Raja-utspel pressa fram avklaring

Etter det Vårt Land har fått opplyst, skulle lovutkastet eigentleg leggast fram saman med handlingsplanen for LHBTQ-personar førre veke. Høgre gjekk i første omgang med på å utsette framlegginga. Statsminister Solberg ville ikkje vere meir konkret enn å seie at eit utkast til lov ville komme i løpet av sommaren.

Men på same pressekonferanse gjekk Abid Raja mykje lenger, og sa i klartekst at han forventa ei framlegging før sommarferien. I utgangspunktet skal KrF ha argumentert med at så lenge statsministeren har annonsert at eit lovforbod vil kome, så er det mindre avgjerande når sjølve høyringsnotatet skulle offentleggjerast.

På den måten ønskte KrF å unngå ein detaljdiskusjon om innhaldet i lova i valkampen. Når Raja gjekk ut og annonserte at han forventa ei avlevering før sommaren, skal dette ha skapt furore i KrF-leiren, fordi ansvaret for ei utsetting då heilt sikkert ville bli lagt på dei.

Frykt for Hegseth-press

Ifølgje Vårt Lands kjelder skal det også ha vore eit auka press for å levere på dette politikkområdet internt i Høgre, etter at Erna Solberg kom dårleg ut i VG-journalist Morten Hegseth sin dokumentarserie Homoterapi på VGTV.

I Høgre si stortingsgruppe skal presset mot statsministeren ha vore stort. Vårt Land har ikkje fått stadfesta kor sentral Solberg var i avgjersla om å legge fram lovutkastet no før sommaren, men fleire kjelder har peika på at det ville vere umogleg for henne å forsvare i eige parti, dersom saka vart utsett mykje lenger.

Vårt Land har vore i kontakt med barne- og familiedepartementet.

Statssekretær Julie Kordahl skriv i ein e-post til Vårt Land at regjeringa vil ta stilling til heilheiten i forslaget når høyringa er over.

Vidare skriv ho: «KrF stiller seg bak en lov som skal beskytte mot uholdbart press og skadelig behandling, slik som konverteringsterapi rettet mot barn og voksne i en sårbar situasjon.»

Då høyringsnotatet vart lagt fram i forrige veke, sa barne- og familieminister og leiar i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, at ei eiga lov for å regulere konverteringsterapi, ikkje trengs, fordi desse spørsmåla allereie er dekka i andre lover.

– Eit fleirtal på Stortinget ønskjer eit eksplisitt forbod, og då har det vore viktig for oss å sikre at religionsfridomen blir ivareteken, sa Kjell IngolfRopstad til Vårt Land.

– Umogeleg å tru på at tidsbruk ikkje skuldast politikk

Det var i november 2019 at KrF vart overkøyrt av regjeringspartnarane om å greie ut eit forbod mot «homoterapi». Månaden etter lova dåverande kulturminister Trine Skei Grande (V) frå Stortingets talarstol at regjeringa ville foreslå eit forbod. Det vekte reaksjonar i KrF.

Sidan har opposisjonen og media etterspurt lovforslaget. Høgre og Venstre har svart at spørsmålet er juridisk vanskeleg og tar tid.

Det meiner politisk analytikar Aslak Bonde ikkje er truverdig:

– Viss det berre var eit spørsmål om juss, er det rart at dei har halde på i så lang tid. Det er umogeleg å tru på at årsaka ikkje er politisk, seier han.

Derfor er saka vanskeleg for regjeringa

Det er openbert at saka har blitt «veldig vanskeleg» for regjeringa, meiner Bonde.

– Regjeringspartia er usamd om kva saka dreier seg om politisk og verdimessig, seier han.

For KrF og mange av deira veljarar er kjerna i spørsmålet trusfridom: Staten skal ikkje meine noko om sjelesorg og forbøn.

– Kjell Ingolf Ropstad seier at han er imot konverteringsterapi. Det trur eg på. Dette er mykje viktigare for KrF enn å fri til dei homofobe veljarane dei måtte ha, seier Bonde.

Også Venstre og Høgre respekterer grensene trusfridomen set. Men for dei, og særleg for deira veljarar, er ikkje det kjernen i saka, meiner Bonde:

– Å vise til at trusfridomen avgrensar kva regjeringa kan gjere, opplevast av deira veljarar som å ta standpunkt på kostnad av respekt og verdigheit for homofile, seier Bonde.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter