Foto: Mercedes Mehling fra Unsplash
Foto: Mercedes Mehling fra Unsplash

Bør alle gå i Pride-tog nå?

Eg var i Oslo den helga terroristen slo til. Dagen etter skulle det ha gått eit tog som ikkje gjekk.

Terroren legg band på oss. Midt i alt vi ikkje veit, veit vi dette: Den som skyt og drep vilkårleg, stel noko frå oss og vi må vinna det tilbake, med mykje strev og med tallause små steg. Å bygga opp er møysommeleg og tidkrevjande. Å riva ned tek nokre få augneblinkar.

Det er gru nok til alle når eit slikt krater opnar seg midt i hovudstaden, midt i fridomen vår. Terroristar er dessutan ikkje tilsnakkande. Den som gjer seg til bøddel for bargjester skal møta rettsstatens kalde rigiditet.

Så er det naturlegvis ei tid for dei mange spørsmåla som svirrar i lufta; «Where do we go from here?» for å seia det med Pink Floyds suggererande gravalvor.

Det er det alt sagt og meint mykje om, av folk som står langt tettare på hendingane enn eg. Eg meiner likevel noko om tendensane vi ser til at terroren vert brukt som eit argument for at alle som vil vera gode borgarar skal gå i Pride-tog.

Dette er ikkje ein diskusjon om forholdet mellom Pride og Fri, ei heller treng diskusjonen innehalda ei moralsk vurdering av markeringar av ulike Pride-arrangement.

Ein litt overflatisk observasjon av samtaleklimaet i etterkant tyder på at denne terrorhendinga har blitt eit slags «endeleg argument» for at alle no bør gå i det same toget. Bør vi det? Svaret må framleis vera nei. Terror bør for det første ikkje opphøgjast til eit argument for noko.

For det andre trur eg ikkje det gagnar mangfaldet og det frie samfunnet at eg, anten det no er av frykt eller i sympati, går i eit tog der eg ikkje høyrer til.

Dessutan: Vi kjenner til land og samfunn det alle går i same toget. Der dei møter opp i same paraden, gjerne i same klede. Det er lurt å minna seg om problemet med slike samfunn. Dei er ikkje frie.

Å halda seg heime heime når eit tog går, handlar om å ha andre idear, om å villa reisa andre stader. Eit tillitssamfunn kviler på at vi tåler slik ulikskap.

Eg er eg, du er du. Vi trur, tenker og lever ulikt. Vi har ulike ideal. Men vi deler jo på denne fredelege gata, denne fine hovudstaden, dette framifrå landet. «Også vi, når det blir krevet, for dets fred, dets fred slår leir!» Andre skal sleppa å seia fram mi trusvedkjenning for å overtyda meg om at dei vil verna om retten min til å leva her. I tillitssamfunnet må eg ikkje vera som deg for å villa gje deg plass.

Eg var, som nemnt, i styggvakre, sjarmerande sommar-Oslo då terroristen slo til, og dagen etter var det så merkeleg tomt der det skulle vore folkeliv og fest. Terroristen stal noko frå oss alle, anten ein skulle på denne festen eller ein annan.

Eg treng nemleg ikkje dela livssyn, legning eller lengt med eit medmenneske for å villa det vel. Eg treng heller ikkje, som preses Olav Fykse Tveit, gjorde i talen på minnemarkeringa, ty til ein merkeleg gradering og vurdering av ulike gruppers evne til å elska for å liksom argumentera for deira verdi:

«Mange skeive menneske har ein vilje og evne til å uttrykkje kjærleik som endåtil kan framstå sterkare enn mange streite gjer det.» Evna og viljen til å elska er neppe særskilt målbar og neppe ein effekt av kva gruppe ein høyrer til.

Det er ikkje tida for å stilla seg på ein verbal perrong og kalla opp resterande etternølarar med myndig og innforstått røyst. Det kan verka banalt å måtta påpeika det men: Vi løyser ingen terror-problematikk ved å tilby folk eitt einaste moralsk akseptabelt alternativ nemleg å la mangfaldet av logoar, faner og parolar drukna i ein felles fargevask.

VID-rektor Bård Mæland må heilt ha gløymt kor dyrebart det er å ha eit liberalt samfunn når han på Facebook og i Aftenbladet skriv følgjande:

«Etter 25. juni holder det imidlertid ikke bare med et logoskifte og ballonger i regnbuens farger dersom dette ikke bare skal bli overfladisk posering. Nå går det et tog. Nå avkreves vi en dypere erkjennelse av hva som står på spill, og hva som kreves for å skape et samfunn og et fellesskap hvor vi alle kjenner oss inkludert, ønsket og trygge».

Det er i alle fall vanskeleg å tolka Mælands ord annleis enn at vegen vidare går gjennom ei absolutt og vilkårslaus tilslutning til ei samfunnsgruppe sin profil og program.

Å nytta denne gruppa sin logo (som jo er eit uvanleg sterkt grep) er altså ikkje nok; det er for overflatisk. Vi må vidare, og det neste steget er altså ei djupare erkjenning. Her er vi ved det ulne ubehaget: Er poenget at vi skal koma opp frå den djupare erkjenninga med felles konklusjon også i ei rad andre spørsmål enn at vi avskyr terror og avviser alle innhogg i fridomen vår?

Innlegget illustrerer eit poeng som for mange har blitt ein mørk ironi ved regnbogeflagget: Dersom lojaliteten til dette flagget aldri er djup og overtydande nok før du er heilt absorbert, også på eit djupare erkjenningsplan, då er det vel ikkje berre slik at ein ser tendensar til einsretting? Då er vel både tanke–og trusfridomen etterkvart under eit visst press.

Det er tankevekkande å sjå kor fort det velmeinte og sjølvransakande slår over stadig nye imperativ som tek altfor lett på liberale idear om reelt mangfald. Ved eit krater er det mykje som skal heilast.

Vi treng ulik tid og mang slags forståing, folk treng å ta seg vidare på ulikt vis. Det må i alle fall aldri bli berre eitt tog og ein avgang.

 

Sofie Braut

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Relaterte saker
Neon korss

Til Helhet svarer Simon Stisen

Simon Stisen (32) er tidligere pastor, nå lærer på Høvik skole og kjæreste med stortingsrepresentant og høyretopp Henrik Asheim (39). I et innelgg i Vårt

Foto: Jared Sluyter fra Unsplash

Hegstad og Hegertun sin konsekvensetikk

Den snevre konsekvensetiske vurdering som Hegstad og Hegertun legger til grunn for sin legitimering av et likekjønnet parforhold, avspeiler på mange måter den postmodernistiske mentaliteten