Flagg-debatten tek oss til politikkens yttergrense

Kven kunne ha gjetta at den gamle flagglæra, såkalla vexillologi, skulle få slik vind i segla no langt ut på 2020-talet? Men slik har det altså blitt.

Bølgje på bølgje med debatt om flagging, flagglov og bruk av symbol slår innover oss. Sist veke var det KrF sitt forslag om å reservera norske skule-flaggstenger for eit fåtal av nasjonale flagg som vekte harme.

Harme, frådande harme

Internt hausta også forslagsstillarane nærast frådande motbør, i alle fall om partiveteran David Hansens talarstol-respons er representativ. Det som inntil nyleg var vanleg, restriktiv flaggpolitikk, er på kort tid blitt til «det mest skandaløse som noen gang er blitt presentert» og «Viktor Orban-politikk».

Utsegnene vart seinare trekte. Eg har full forståing for at det kan gå ei kule varmt i ein debatt, og det er kanskje ufint å dra dei fram att.

Men det er faktisk flaggdebattar som får det til å koka så ettertrykkjeleg over.

Spørsmålet frå skogfinnane står seg godt: Kvifor er nokons flagg viktigare enn andres?

Også skogfinnane var frustrerte, kunne VG fortelja. Dei opplevde at flagga til dei nasjonale minoritetane var ulikt behandla i KrF-forslaget. Ei påminning om at flagg er viktig for svært mange ulike grupper. Lik dominobrikker påverkar den eine debatten den andre på dette området.

Spørsmålet frå skogfinnane står seg godt: Kvifor er nokons flagg viktigare enn andres?

Kulturliv, kyrkjefolk og kaksar

Naturleg nok er det likevel frå mainstream den tøffaste, og samstundes mest føreseielege, motbøren kjem for KrFs flaggvedtak. Kulturliv, kyrkjefolk og kaksar flokkar seg gjerne rundt regnbogeflagget. Det har vi også merka i det siste, når to milliardærarvingar blar opp for å sikra alle skular det seksfarga symbolet.

Også den politiske venstresida er glade i å flagga. Regnbogeflagget er ein favoritt. Det same er det nærast gjensidig utelukkande palestinaflagget.

Bileta frå Youngstorget 1. mai viste at flagget med dei tre stripene og den raude trekanten dominerte statsministerens utsikt fullstendig då han talte til dei frammøtte. Etter kvart dominerte dei også lydbiletet på ein slik måte at han måtte avbryta talen, men det er ei anna soge.

Flaggkollisjon i ly av eit sterkt nasjonalflagg

At ulik flagg-symbolikk frontkolliderer, er ikkje noko problem så lenge ein held seg i Noreg.

Flagglova spesifiserer det norske flagget berre som «høirødt» og «mørkeblaat», og sidan 1899 har det vore vårt fremste samlingsmerke, sårt sakna i åra då okkupantane forbaud det. Til liks med kongehuset, tilbyr kanskje flagget vårt ein slags elastisk symbolikk.

Det seier ikkje alt for mykje til kvardags, men fortel alt når det trengst.

Flagg har, slik flagghistoria viser, alltid vekt engasjement. Den trinnvise innføringa av «det rene norske flagg» mot slutten av 1800-talet er eit talande døme på det. Flagg og tilhøyrande symbolikk er identitetsskapande.

Irritasjonen over den såkalla «Sildesalaten», eit overgangsflagg i perioden med lausriving frå unionsbanda til Sverige, handla ikkje så mykje om hat mot svenskane, sjølv om det truleg var ein komponent.

Det viktigaste var å ha det flagget som i størst mogleg grad korresponderte med eiga identitetskjensle.

Ikkje så enkelt, Tina Bru

Vexillologien, altså flagglæra, fortel at flagg er svært viktige for oss. Fagfeltet heng nøye saman med heraldikken, altså læra om våpenskjold og semiotikken, som studerer dei sosialt vilkårsbundne teiknsystema som vi menneske omgir oss med. Dette er komplekse tolkingsprosessar i alle samfunn.

Når ein politikar i eit styringsparti, slik som Høgres nestleiar Tina Bru, tek fram barnehagelærarstemmen sin i beste sendetid på Politisk kvarter i denne saka, må ein difor spissa øyra.

For ikkje lenge sidan møtte ho KrF-leiar Dag-Inge Ulstein til debatt om flaggloven. «Det handler om at dette flagget skal vi ikke gjøre til noe annet enn det er», forklarar høgretoppen på spørsmålet om kva som provoserer henne med KrFs flaggforslag.

Regnbogeflagget, fortel Bru, «er bare et symbol på frihet, på fellesskap og på at du skal få være glad i den du er glad i. Det symboliserer kjærlighet».

Ho skuldar dei siste års debatt for ein tendens til å «legge for mye i det flagget, og tilegne det noen ting det ikke har».

Men så enkelt er det ikkje.

Politikkens yttergrense

For her smell Høgre-toppen rett inn i yttergrensa for politikken. Det ho «meiner» om kva dette flagget betyr, er irrelevant. Politikarane kan ikkje vedta korleis borgarane tolkar symbola som omgir dei. Det er eit uvant tilløp til autoritær tendens når ein politikar vil fortelja meg kva eg «eigentleg» ser når eg les av eit symbol.

At tolking av symbol er komplekst, byr semiotikken mange fascinerande døme på. Ein skal ikkje lenger enn til den kristne krossen, til arbeidarrosa eller davidsstjerna.

Problemet kjem først om Tina Bru må stilla med eit kors i knappholet for at eg ikkje skal mistenkeleggjera henne for å vera ute etter oss kristne.

Eit symbol som er kjært for meg, kan vera deg totalt framandt. Eller også vekkja sterk motvilje. 

Er det farleg? Nei. Ikkje så lenge vi ikkje krev at dei rundt oss aktivt må flagga eller markera for oss for å bevisa at dei ikkje er imot oss.

Problemet kjem først om Tina Bru må stilla med ein kross i knappholet for at eg ikkje skal mistenkeleggjera henne for å vera ute etter oss kristne. Eller at tannlegen min må ha eit kors på venterommet for at eg skal kjenna meg trygg.

Urimelege krav

Men regnbogeflagget stiller slike urimelege krav. Krav vi ikkje elles legg til grunn. Mange føler dei må flagga for pride, sjølv om det ikkje er det som i størst mogleg grad korresponderer med deira identitet. Det handlar om å markera at ein ikkje er motstandar av dei som faktisk opplever at flagget korresponderer med deira identitet.

Det er svært underleg. Det er ulogisk. Og det undergrev fellesskapen.

Grunnen til det siste, er at pride kjem med krav som er heilt umoglege å løfta opp til ein felles flaggpolitikk. For meg er regnbogeflagget like framandt som, det sveitsiske, som kvinnefrontflagget eller LO-flagget.

Ingen mistenkjer meg for å ha noko i mot desse gruppene fordi eg aldri flaggar, eller aldri kunne tenkt meg å flagga for dei. Men kvifor kikkar eg meg nærast over aksla når eg seier at eg aldri kan tenkja meg å flagga med regnbogeflagget?

Kva andre samfunnsgrupper krev slik aktiv tilslutning frå alle andre?

Snur fellesskapstanken på hovudet

Pride snur fellesskapstanken på hovudet. Utgangspunktet for eit nasjonalt fellesskap er jo at vi kan ha minimalt til felles anna enn territoriet og geografiske grenser. Føresetnaden er borgarar som følgjer lovene, vil kvarandre vel og gjev kvarandre rom.

Den tanken fungerer så lenge vi ikkje invaderer, mistenkeleggjer og krev meir av kvarandre enn det er grunnlag for. Det verste med regnbogeflagget er den endelause mistenkeleggjeringa som følgjer i kjølvatnet av det.

For flagglæra har også definitivt ein kamp- og krigsdimensjon. Ulike flagg og faner har gjennom tidene fungert som samlingspunkt i store slag, der ingenting samlar alle og alt er eit spørsmål om å vera på rett plass til rett tid.

Men kvifor heia fram splittande symbolikk når ein har eit flagg som samlar langt fleire, og til alt overmål lar kvar og ein få feira dei dagar, heisa dei flagg og løfta dei faner ein lystar?

 

Først publisert i Dagen

 

Sofie Braut

Dele
Facebook
Twitter
Pinterest
LinkedIn
Andre skribenter
Relaterte saker
Mann

Kva skal vi med mannen?

Mannen. Hugsar du han som i gamle dagar kunne stå og mysa ut av ei sky av taus Marlboro-mystikk utan å få kritiske motspørsmål? Gåtefull

Foto fra Vecteezy

Trump for virkeligheten

Trump-administrasjonen har utstedt to viktige ordrer 20. og 28. januar. De heter: «Forsvar av kvinner fra kjønnsideologi-ekstremisme og tilbakeføring av biologisk sannhet i statlig styring»