Vårt Lands Sigrid Reve Gårdsvoll har i en interessant tekst vurdert mulighetene for at USAs Høyesterett vil oppheve homofiles rett til å gifte seg. Bakgrunnen for dette er et ønske fra fylkessekretæren Kim Davis som etter at Høyesterett i 2015 ga homofile rett til å gifte seg nektet å skrive en vigselsattest til et homofilt par. Hun forsvarte dette med sin kristne tro. Det homofile paret, som ble gift i et nabofylke, valgte å gå til erstatningskrav mot Kim Davis, et krav de fikk rettens medhold i. Dette kravet mener Kim Davis bryter med USAs grunnlov og religionsfriheten. Spørsmålet blir om USAs Høyesterett tar saken. Sigrid Reve Gårdsvoll skriver følgende om denne muligheten:
Davis argumenterer i si oppmoding til Høgsterett også for at deira avgjerd i Obergefell var eit grovt feilgrep og ikkje fundert i rett lovtolking, og at ho derfor gjorde rett i å motsetje seg å følge den.
Kan endre ekteskapslova
Saka handlar altså grunnleggjande om Davis kan haldast juridisk til ansvar for korleis ho utøvde – eller valte å ikkje utøve – embetet sitt.
Måten hennar juridiske argument er formulert, opnar likevel også døra for at Høgsterett kan komme med ei avgjerd som heilt eller delvis opphevar Obergefell-dommen frå 2015.
Fordi dommen i Obergefell og korleis den vart praktisert er sentral i søksmålet mot Davis, vert ho rekna for å vere ein av svært få amerikanarar som reint juridisk har rettsleg klageinteresse til å utfordre Obergefell, altså som har tilstrekkeleg tilknyting til å få saka si prøvd.
Spørsmålet er om Høyesterett vil ta en sak rettens ankeutvalg har avvist:
I utgangspunktet er det ikkje nokon automatikk i at Davis får saka si opp for Høgsterett. I ankedomstolen konkluderte eit juridisk utval med at Davis ikkje kunne nytte det første grunnlovstillegget som forsvar, fordi det ho vart saksøkt for var handlingar ho utførte som offentleg embetsperson. Det første grunnlovstillegget vernar organisasjonar og privatpersonar, ikkje staten.
Dersom Høgsterett er samde i dette, vil dei ikkje ta opp saka. Dei fleste juridiske ekspertar trur ikkje at Høgsterett kan finne grunnlag for å meine noko anna enn ankedomstolen sitt utval.
Det er også vesentleg at det ikkje ser ut til å vere stor appetitt i Høgsterett for å stupe inn att i dette spørsmålet, berre ti år etter at det vart avklart for første gong.
Fleirtalet i retten er konservative, og justitiarius John Roberts var ein høglytt del av mindretalet då Obergefell vart avgjort i 2015. Han er truleg også i dag motstandar av likekjønna ekteskap. Han og dei andre i det konservative fleirtalet forstår likevel truleg at at det vil vere skadeleg på sikt om ein opphevar ekteskapslova på eit juridisk grunnlag som ikkje står støtt, sjølv om ein er kritisk til jussen som låg til grunn for dommen den gong.
Sjølv om rettens medlemmer ikkje uttaler seg offentleg om kva saker ein ønsker å ta opp eller ikkje, meiner mange av dei som følger Høgsterett tett at det berre er ein eller to dommarar som ser ut til å vere svoltne på denne kampen.
I det politiske klimaet som no rår i USA er det likevel farleg å konkludere for tidleg.
Det krevst tilslutning frå fire av høgsterettsdommarane for at retten skal ta ei sak til handsaming, og i løpet av hausten vil vi truleg få klarlagt om ferda gjennom rettsvesenet no er over, eller om vi må bu oss på eit nytt massivt slag om ekteskapet i USA.


