Vårt Land omtaler for første gang prosessen mot Päivi Räsänen

Nyheter
Foto: Branden Harvey fra Unsplash

Vårt Land har etter lang tid endelig tatt seg tid til å intervjue den finske politikeren Päivi Räsänen som er tiltalt for hatefulle ytringer mot en folkegruppe. Det er nytt at tiltalen mot Räsänen også inkluderer en tvittermelding, ikke bare bok hun har utgitt. Det er for øvrig verdt å legge merke til hvordan Vårt Land er opptatt av de som måtte bli såret av hennes uttalelser. Her følger den viktigste delen av intervjuet:

Räsänen fylgde dekninga av Pride-markeringa i Helsinki frå terrassen i 2019. Då erkebiskopen i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Finland, der ho og nesten sytti prosent av innbyggjarane i Finland er medlemmar, viste støtte til kyrkjas deltaking i Pride-markeringa i Helsinki, blei ho djupt uroa og opprørt.

Ho tok til Twitter, og skreiv eit innlegg der ho stilte spørsmål ved korleis Bibelen og kyrkjas lære passar samen med «skam og synd som ein grunn til stoltheit».

Saman med denne teksten legg ho ut eit bilete av Romarane 1:24-27 der det mellom anna står «Difor overgav Gud dei til skammelege lyster. Kvinnene deira bytte ut det naturlege samlivet med det som er imot naturen. (…) Menn dreiv utukt med menn, og dei bar sjølve den straffa som måtte koma for villfaringa.»

Tweeten skapte debatt i Finland, og blei til slutt politimeldt. Tidlegare i år blei det kjent at statsadvokaten, Raija Toiviainen, har tatt ut tiltale for dette og to andre tilfelle av det som kan omsetjast til «provokasjon mot ei minoritetsgruppe», eller som Toiviainen sjølv skildra det: «nedsetjande og diskriminerande ytringar om homofile».

—  Päivi Räsänen

Dei to andre tilfella dreier seg om utsegn under eit radioprogram, og eit hefte som blei gitt ut i 2004 om ekteskap og likekjønna forhold frå eit kristent perspektiv.

Strafferamma for kvar tiltale er to års fengselsstraff, sjølv om Räsänen sjølv meiner ei bot er eit meir truleg utfall om ho blir dømt.

Uverkeleg å bli tiltalt

– Å bli tiltalt for å uttrykke trua mi og meiningane mine kjennest uverkeleg. Eg meiner at eg ikkje har truga eller fornærma ei minoritetsgruppe, og det har aldri vore min intensjon å såre nokon. Eg har berre formidla vidare det eg meiner Bibelen seier oss om ekteskap og seksualitet.

Räsänen tenkjer at tiltalene mot ho til sjuande og sist handlar om det er tillate i Finland å uttrykke at ein er einig med den tradisjonelle kyrkje- og bibellæra.

Saka har vekt stor merksemdogså internasjonalt, og mange stiller spørsmål ved korleis ein eventuell dom vil påverke klimaet for ytrings- og religionsfridom i Europa.

Den tidlegare leiaren for United States Commission on International Religious Freedom og Franklin Graham er blant dei som har uttrykt si støtte til Räsänen. Men ho møter også mykje motbør.

Räsänen blir av media i heimlandet omtalt som polariserande, og har opp gjennom åra skapt mykje merksemd med sine direkte utsegn kring mellom anna abort, homofili og dødshjelp.

Nokon må seie det rett ut

Men kva tenkjer ho sjølv om det harde debattklimaet? Ville ikkje ein annan måte å ordlegge seg på skapt større rom for dialog, heller enn konflikt og såra menneske?

 

– Det er viktig å vise respekt, samstundes må me våge å fortelje sanninga. Det er viktig å ikkje skamme seg over Guds ord. Ulike menneske treng å bli snakka til på ulike måtar, og LHBT-samfunnet treng definitivt ei godhjarta tilnærming og hjelp. Men me har bruk for ulike stemmer, også nokon som seier rett ut kva som er rett og gale.

– Men forstår du at menneske blir såra av kommentarane dine?

– Sjølvsagt. Og det er eg lei meg for. Eg har ikkje noko ynskje om å gje den kjensla til nokon. Gud elskar alle like mykje, og me er alle skapte i hans bilete. Og på same måte som eg vil ha fridom til å ytre mine meiningar, vil eg også at homofile og alle andre skal ha fridom til å reagere på det eg seier. Det er utruleg viktig å respektere kvarandre sin rett til å stå opp for meiningane sine.

Räsänen seier ho også sjølv får vondt av å lesa harde ord i Bibelen om eigne manglar og feiltrinn.

– Gud er heilag og me er syndarar. Når me står framfor Gud og kjenner at me er syndarar, så gjer det vondt. Men det er derfor Jesus har døydd for oss. Det er sjølve kjernen av Bibelen, og i tida framover håpar eg at eg kan få snakke meir om nåde, og mindre om synd.

Dele
E-post
Facebook
Twitter
LinkedIn
Bli med i diskusjonen
Flere

Aktuelle nyheter